Verdidebatt

Realpolitikk forankra i prinsipiell tenking

Takk til redaktøren for ein god leiarartikkel om sjølvbestemt ekteskap i dagens papirutgåve.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei første signala i saka peika mot at KrFs programkomité ville privatisere ekteskapet ved å oppheve det som juridisk institusjon til fordel for ei lov som samlar alt om samliv. Kjenner vi andre sivilisasjonar som har vågd å privatisere det KrF elles held for å vere samfunnets grunncelle? Om det ikkje er dette komiteen vil, har dei ein viktig kommunikasjonsjobb å gjere framover. Det var uråd å blir meir klok av komitéleiarens utsegner i Dagsrevyen i går.

Det er ei prisverdig hensikt frå KrF å sikre trussamfunna fridom og rettar i møte med ekteskapslovgjevinga. Her tenker eg at dei offensivt må søke politiske alliansar for å forsvare dei sant liberale ideane slik at trussamfunn som minoritetar får bevare fridommen på prinsipielt grunnlag og ikkje blir utsett for ein slags fleirtalets illiberalitet. Poenget med ekteskapslovgivinga er likevel ikkje primært å sikre trussamfunna sine rettar men å sikre samfunnet gode ordningar og gjere verdiprioriteringar. Med dette prinsipielle utgangspunktet må ein komme tilbake til andre viktige spørsmål som trussamfunna sin vigselsrett og juridiske ordningar for andre samlivsformer. Det er no etterlate tvil frå programkomiteen i KrF rundt grunnlagsspørsmålet, om ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne - med konsekvensar for relasjonen mor, far og barn, prinsipielt bør ha legal prioritet. Korleis skal vi elles tolke at komiteen vil fjerne dagens formulering om at "KrF er opptatt av å sikre ekteskapet mellom mann og kvinne i lovverket nettopp fordi dette har vist seg å være den mest stabile rammen rundt barns oppvekst, og fordi ekteskapet som en ordning mellom en mann og en kvinne har dype røtter i tro og tradisjon i kulturer over hele verden - uavhengig av religion og livssyn."? Her har komiteen en ideologisk ryddejobb å gjere.

Denne saka står, så langt eg kan tolke det frå utsida av partipolitisk aktivitet, om partiets sjel, på linje med abortsaka. Den har KrF arbeidd med på forbilledleg måte ved jamleg å halde den varm både prinsipielt når det gjeld grunnlovsforslag og praktisk når det rettar seg mot delsigrar for å få ned aborttala. Aktuelt viser eg til Laila Dåvøys viktige utspel desse dagane knytt avliving av foster som ein reddar livet til i naborommet og også kampen mot sorteringssamfunnet og tidleg ultralyd. Grunnprinsippet er fosterets menneskeverd og rett til liv.

Grunnprinsippet om samliv er at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne og at dette er barns naturlege oppvekstramme. Den nye ekteskapslova er nok like uforanderleg som abortlova i det grunnleggande grepet av såkalla “sjølvbestemming” om liv og samliv i lang tid framover. Likevel er eit parti med forankring i kristne verdiar forplikta på å stå fast prinsipielt samtidig som det kjempar for delsigrar, ikkje minst inn mot barns rett til far og mor og i kampen mot surrogati. Grunnprinsippet må stå fast, som i abortsaka. Så får ein søke resultat i realpolitikken ut frå denne overtydinga, sjølv om det er politisk og kulturelt urealistisk å endre grunnprinsippa i desse lovene innan ei rimeleg framtid.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt