Verdidebatt

Behring Breiviks duell med Thomas Hylland Eriksen

Hylland Eriksen er viktig for Breivik. Men kor viktig er Breivik for Eriksen? Iallfall so viktig at Eriksen vil ha ein tilrekneleg Breivik! Men når muslimar kan kjenna på skuldkjensle etter 22. juli, burde ikkje òg sosialantropologar kjenna etter?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

At Siv Jensen i fjor ikkje lenger kunne «bruke de samme ordene som før», tolka eg mellom annat som eit uttrykk for at ho innsåg at attentatet kunne vera ein utilsikta verknad av at ein — sjuk — person hadde mistolka det ho hadde sagt om islam.

Men Siv Jensen er ikkje sitert i manifestet. Det er derimot Thomas Hylland Eriksen,  under punkt 2.98, i ein artikkel med tittelen «Are all European men weak minded cowards or are they just brainwashed?»:

  • "Our (the Marxist elites of Europe) most important task ahead is to deconstruct the majority, and we must deconstruct them so thoroughly that they will never be able to call themselves the majority again".

Den «forklårande» parentesen er ikkje med i originalen frå 2008:

  • «- Den viktigste hvite flekken består nå i å dekonstruere majoriteten og gjøre det grundig slik at den aldri kan kalles majoritet lenger»

Breivik drog ogso fram sitatet i innleiingsføredraget sitt i rettssaka:

  • ‹- Det han mente da han sa dette, var det følgende: «Vi skal dekonstruere den norske etniske gruppe, så de aldri kan kalle seg majoritet igjen», sa Breivik.›

I BT gjekk Hylland Eriksen i rette med Breivik — som om Breivik var ein tilrekneleg person — og sa: «Hadde han giddet å lese hele intervjuet, hadde han uansett forstått at dette var uskyldige greier». I same BT-intervju lyfter han Breivik opp på ein pidestall ved å seia at dei to «er jo genuint ideologiske motstandere». Men Hylland Eriksen passar ogso på å seia at den genuint ideologiske motstandaren hans «er jo en uutdannet mann, så det er mye han ikke vet». Litt på same måte som Lars Gule her på Verdidebatt, gjer Hylland Eriksen seg til riddar for «skikkelige kunnskaper».

Thomas Hylland Eriksen sa til BT at sitatet hans «har gått på rundgang i alle høyreekstreme miljøer i Europa». Truleg byrja denne rundgangen den 10. desember 2008, då akademikaren Fjordman la ut «On Deconstructing the Majority: Nothing To Do With Islam? Really?»

Attende til punkt 2.98: Då eg byrja å skriva denne artikkelen, la eg snøggt merke til at det rett før og rett etter 2.98 — i punkt 2.97 og 2.99 — stod to Fjordman-tekster. Difor trudde eg fyrst at 2.98 måtte vera endå ei Fjordman-tekst. Ein annan ting som kunne tala for det same var at nokre andre Hylland Eriksen-utsegner er refererte i endå to andre Fjordman-artiklar i manifestet. Dette gjeld punkt 2.63 (opphaveleg blogga i 2006) og punkt 2.84 (opphavleg blogga i 2008).

  • Litt bakgrunnsinfo om dei to sistnemnde artiklane: I artikkelen frå 2006, syner Fjordman — med hjelp av ein (daud) lenk til Document.no (truleg er det artikkelen «Farvel Hoa og hva mer?») til det han kallar ein klasj mellom Anfindsen-brørne og Thomas Hylland Eriksen. Medan han i artikkelen frå 2008 har ambulansesjåfør-saka (Erik Schjenken og Ali Farah m.fl) som sak. I begge artiklane, når det gjeld Hylland Eriksen, er det mellom anna Nidarosdomen som nasjonalsymbol som er tema — jamfør dagens debatt, ogso etter 22. juli, om det skal vera eit fleirreligiøst senter på Stiklestad.

Dei som i fjor sommar tok til å analysera manifestet, slo raskt fast at at 2.98 truleg var Breiviks eigen tekst. Og etter å ha saumfare Breivik-innlegga på Document.no,  kom eg òg fram til at det berre var å slå fast at Document.no-kommentaren med tidsstempelet «2009-12-30 07:14:01» temmeleg nøye tilsvarar punkt 2.98 i manifestet.  Document.no-kommentaren har, i tillegg til Hylland Eriksen-sitatet i norsk original, minst to andre samanfall med 2.98 i manifestet:

  1. Det fyrste samanfallet er ein påstand om at ein, etter Andre verdskrigen — dvs i Den kalde krigen — var for lite strenge med marxistane, slik at det dei står for deira fekk lov å  spreia seg et cetera. I begge tekstene kjem dette nokso rett før Hylland Eriksen-sitatet. I manifestet snakkar han om at kvar einaste marxist skulle vore «executed». På Document.no klagar han i staden på at dei fekk lov å «herje fritt» og å «praktisere fritt».

    Den siste setningen i Document.no-innlegget ragar fram som ganske makaber, når me veit kva som kom. Det er nærliggjande at han ogso her tenkte i same banar m.o.t. eksekvering. Ein kan heller ikkje lata vera å leggja merke til koss han i andre setning byrjar med «jeg» men avsluttar med «vi» — det er som om Knights Templar-justitiaren piplar fram:

    }}
         Men vi lærer vel så lenge vi lever. Jeg tviler på at et fremtidig
         patriotisk regime vil gjøre denne feilen en gang til, hvis vi da
         klarer å redde Vesten før det er for sent...:-)
    }}

  2. Det andre samanfallet er at Hylland Eriksen-sitatet, både i Document.no-innlegget og i manifestet-artikkelen, vert stempla som «hate-speech». Og begge stader kjem påstanden rett etter sitatet.

Konklusjon om forfattaren bak 2.98: Teksta i 2.98 er nok i stor grad Breiviks eigen tekst. Dette gjeld ikkje minst det han seier om «hate-speech» og det han seier om «eksekvering» av marxistar. Samstundes meiner eg at Fjordman-teksta frå 10. desember 2008 dannar eit slags utangspunkt for 2.98. Breivik har gjort dette til sin eigen tekst.

  • PS: Men i tillegg til dei sprø — med dødsalvorlege! — tillegga Breivik tok med, kan det òg liggja eit slags literært motiv til grunn: For Fjordman tykkjest å ha det litt med å mala på den same kverna heile tida. Soleis, når det gjeld Fjordman-uttrykket «Nothing to do with Islam? Really?», so står det heile to gonger i manifestet — i to ulike blogginnlegg. Men dersom Breivik ikkje ogso hadde fjerna det frå 2.98, so hadde det stått ikkje berre to men tri gonger.

Slåande samansurring av ord og uttrykk: Ein ting som slær ein, når ein les manifestet og Document.no-kommentarane hans, er koss Breivik heile tida dreg lenker mellom ord og uttrykk. Eitt slikt døme er det ovanfor nemnde innlegget i Document.no, der han skriv fylgjande — og legg serleg merke til det eg har utheva:

  • I et samfunn hvor marxistekstremister som Thomas Hylland Eriksen blir tillatt å praktisere fritt innenfor rammene av politisk korrekthet vil andre mer moderate humanister/kulturmarxister (ekstremister), som Mads Gilbert og Erik Fosse fremstå som frigjørngshelter (Nazistene (Jødene) skal knuses akkurat som Nazi-Tyskland).

Med andre ord: Her har «nazistene» vorte til «jødene» — men i positiv tyding: Dei er offer. På den eine sida strittar dei delane av manifestet der nazisme vert klassifisert som ein hat-ideologi — som ein justitiar difor må ta avstand frå — imot denne positive vektiga av nazismen. På den andre sida står t.d. youtube-videoen, som byggjer opp under eit positivt syn på nazismen. {{Tillegg: Det er mogeleg eg forvanskar her — han meiner gjerne berre å karakterisera kva slag haldning dei som er kritiske til Israel har/hadde — at dei såg på jødane som nazistar. Ein slags ironi.}}

  • På meg verkar det heile som ei merkeleg form for dualisme, og det er her verd å merkja seg ei anna Breivik-utsegn på Document.no, der han seier at at «alle hat-ideologier må behandlers likt». Der kan det sjå ut som om han tenkjer på ein slags negativ likskap: Sidan den forferdelege og drepande (i Breiviks hovud) ideologien islam er tillaten, so må òg ideologien nazisme vera tillaten. (Eg fær koma attende til denne intrikate tankegongen i eit seinare innlegg.)

Men når det gjeld denne fortettinga — denne samanblandinga av ord og uttrykk som ofte står nokso fjernt frå einannan, so er det slik gjenom heile manifeset: Det er fullt av skråstrek og parentesar som skal få fram at ord og uttrykk flyt over i einannan. Dermed, når han i 2.98 snakkar om å eksekvera marxistar, kan me tenkja oss at han ved det og legg grunnen — hos seg sjølv — for det han gjorde 22. juli. I Breiviks hovud var det marxistar han gjekk laus på. For — for Breivik — går alt opp i ei høgare smørja.

Ein genuint ideologisk motstandar?

Eg vil tilbake til Thomas Hylland Eriksen. Ja, forsovidt vil eg attende til Fjordman òg. Og til AUF-leiar Eskil Pedersens «ytringsansvar». Men mest til Hylland Eriksen.

Kven har ansvar — dersom nokon andre enn Breivik har det? Dersom noko anna enn ein psykose har ansvar?

Mitt svar er at det var for lettvint å leggja skulda på Fjordman. Mitt svar er at Thomas Hylland Eriksen er for glad i å provosera og for useriøs når han svarar til dei han kallar høgrekestremistar: Til om med no, etter 22. juli, gjev han seg til å irettesetja! Mitt svar er at eg er ein akademikar (ops), og at eg både skjønar — og ikkje skjønar — det Hylland Eriksen sa i det heimsøkte forskingssitatet hans. Det er for lettvint å koma trekkjande med at mottakaren ikkje har nok utdanning.

Eg undrar: Er det berre dei som — eventuelt — har snakka i samsvar med Breivik si pipa som i so fall har skuld? Er det — til dømes — berre Document.no som er Breivik sitt ekkokammer? Kva med ein sosialantropolog som snakkar føreseieleg og keisamt? Ein liksomprovokatør som stiller det eine liksomgrunnleggjande spørsmålet etter det andre. Ein som berre — negativt — oppfyller det han, som bur i ekkokammeret,  ventar å få høyra?

Spørsmålet som syng bakom er: Er Anders Behring Breivik tilrekneleg? I so fall går Hylland Eriksen fri. Eller er Hylland Eriksen ansvarleg? For det er han jo — på ein måte — dersom Breivik er sjuk og psykotisk? Hylland Eriksen har etter mitt syn ei slags personleg interesse av at Breivik vert sagt tilrekneleg.

Skal me ta omsyn, når me talar,  til at ikkje alle er tilreknelege? Skal sosialantropologar ta slike omsyn? Eller er det berre Siv Jensen og andre på høgresida som skal få passet sitt påskrive — medan dei med rette meninginar kan provosera fritt — til og med etter 22. juli?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt