Leif Halvard Silli

68    589

Pomp — eller pompøst?

Kva fortel «2083» — Breiviks manifest — om helsa og psyken hans? Kva viser det om «virklighetsoppfatningene» hans? Kan det hjelpa å slå fast om han er ansvarsufør? Eg konkluderar at det til og med i det ytre ter seg som eit psyk(a)otisk vitnesbyrd.

Publisert: 28. apr 2012 / 724 visninger.

Lat oss sjå på nokre ytre ting ved manifestet.

Breivik kalla Word-fila si «kompendium» fordi ho var meint å vera ei handbok med alt det Breivik såg det naudsynt å kunna — eit slags pensum. Difor, for verket som heilskap,må det vera rettare å sjå på Breivik som redaktør meir enn forfattar.

Føreordet — og den elektroniske innhaldslista — fortel at 2083 er delt i tri «bøker»:

  • bok 1: «What you need to know, our falsified history and other forms of cultural Marxist/multiculturalist propaganda…»,
  • bok 2:  «Europe burning»,
  • bok 3: «A Declaration of pre-emptive War»

Forutan dei tri bøkene, inneheld kompendiet òg eit praktisk føreord («About the compendium»), eit filosofisk føreord («Introduction to the compendium») og — sist i kompendiet, etter bok 3 — eit glossar.

• Det praktiske føreordet forklårar kven publikum var meint å vera: «of great interest to you whether you are a moderate or a more dedicated cultural conservative/nationalist».

• Det praktiske føreordet nyttar mykje plass på å fortelja koss kompendieet — teknisk — kan konverterast til ulike dataformat og spreiast — m.h.a. nedlastingstenester på netet o.l. — for flest mogeleg:

  • Han påstår at det er fritt fram å spreia det. Men teksten gjer samstundes merksam på at jamvel om dei fleste tekstene (ifylgje redaktøren) er fritt tilgjengelege, har han ikkje spurd nokon av forfattarane om prenteløyve. Likevel, seier føreordet, kan «the intelectual property» fritt spreiast til alle «Europeans».
  • Han ynskjer seg omsetjingar av kompendiet — serleg til tysk, engelsk og fransk. Og ein stad  seier han — som tips til dei som ikkje kan engelsk — at ein kan nytta Google Translate … Han meiner at Google Translate har god kvalitet — noko han truleg seier etter sjølv å ha testa kvaliteten på omsetjingar til engelsk — og bokmål …
  • Teksten grunngjev kvifor Microsoft Word vart valt som utgjevingsformat (det har noko med at fila inneheldt foto/grafikk som dermed kunne opnast i Microsoft Paint ...) 
  • Redaktøren forklårar at ein — for å lesa fila — anten kan kjøpa Microsoft Office  — eller lasta ned ei prøveutgåve. For det siste, tek han med Web-adressa for direkte nedlasting frå Microsoft.com.
  • Han forklårar òg koss ein kan få manifestet inn på eit lesebrett (kindle/nook/iPad/iPhone)  — og at slike brett no for tida er sers billege …
  • Og ikkje minst forklårar han koss ein kan få kompendiet over på papir, ved å nytta seg av ulike sjølvpubliseringstenester (www.lulu.com, www.selfpublishing.com) og so bortetter … Slike tenester er jo glade for å nye kundar, må vita …

Når det gjeld bok 3 — som mellom anna inneheld Breivik si dagbok fram til fredag 22. juli klokka 12.51 — so har redaktøren teke med noko han kallar ein «legal disclaimer» — eit slag juridisk triks som skal syta for at kompendiet kan distribuerast utan at europeiske lover vert brotne. Koss då? Jau, trikset er å slå fast at bok 3 berre er fiksjon — ei forteljing om ein reint hypotetisk motstandskamp mot islamisering av Europa.

Eller for å gjera direkte sitat:

  • «This legal disclaimer was created to remove any doubt whatsoever that the author or anyone chosing to distribute the book “2083” has any hostile motives or intentions.»

I føreordet opplyser han og at det høyrer ein video til kompendiet, men åtvarar om at denne ikkje kjem til å vera tilgjengeleg i lang tid — og råder difor til å ta kopi av han. Hadde det ikkje vore for dei absurde detaljane han elles gjev uttrykk for («slik kan du sjølvpublisera teksten på www.lulu.com» — osb), hadde eg vore overtydd om at det var den nært føreståande udåden som fekk han til å be folk ta kopi. Men på grunn av dei andre absurditetane, er eg i tvil: Det kan òg vera at han berre trur at Youtube ikkje kjem til å godta innhaldet.

Mine spørsmål.

Breivik skreiv dette før han løyste ut bomba. Før han herja på Utøya. Trudde han på det han skreiv?

I og med at han hadde udådsplanane klare til minste detalj, koss kunne han samstundes tru at lesarane — når udåden var gjort — kom til å vera i stand til å lytta på kompendiet sine teknisk råd om koss det kan setjast om til ulike språk, koss det gjerast om til ulike filformat, koss det kan trykkjast på ulike sjølvpubliseringstester?

Kvifor brydde han seg i det heile om å forklåra slike opplagte ting som at ein kan nytta Google Translate og koss ein kan få tak i Microsoft Word? Var det fordi dette, desse uvesentlege, tekniske tinga var det einaste han sjølv hadde verkeleg greie på?

Og, i og med udåden, koss kunne han tru at den der «legal disclaimer» i Bok 3 kunne ha det minste føre seg? Koss kunne han lata vera å skjøna at 22. juli kom til å ta bort all magi som  måtte kunna liggja i ein slik «disclaimer»? Eller kva for ei europeisk styresmakt kan vel  — etter 22. juli — vera i tvil om føremålet med denne teksten?

Og, i og med 22. juli, koss kunne han tru at boka kunne koma til å verta trykt på t.d. Lulu.com?

Samstundes sit eg her no, ved kompjuter-skjermen min, med kompendiet framfor meg. Det er lett å finna det på net. Og dersom eg vil, kan eg òg sjå videoen hans — på Youtube eller på netsidene til VG. 

Kompendiet uttrykkjer med andre ord ikkje eit mykje realistisk syn på si eiga skjepne — eller på videoen si skjepne. Er det Breiviks paranoide haldning som kjem til uttrykk, når han snakkar om å ta kopi av teksten og videoen — og når han gjev instruksjonar om koss ein skal få gjeve teksten ut osb? Eller er var det skrantande innsyn i kva han heldt på med — i kva verknad det kom til å få, i det at alle kom til å verta nyfikne på kva galning dette var — som låg til grunn for denne urealismen?

Eg kan ikkje stilla ein psykiatrisk diagnose. Men eg kan slå fast — lenge før me kjem til sjølve innhaldet i «2083» — at kompendiet gjev uttrykk for ting som berre er heilt hol i hovudet — komplett ulogisk og totalt urealistisk.

Konklusjonen min vert difor at dette handlar om mykje meir — eller mykje mindre — enn at Breivik skaffa seg «ekstreme virklighetsoppfatninger» ved å surfa rundt i ekkokammer på netet!

Dette er ein sjuk mann. Ein dum mann. Ein mann som snakkar med seg sjølv. Og det er rett og slett ei gåte — som eg ikkje vil delta i gisseleiken for — koss det er mogeleg å hevda at ein ikkje greier å høyra eller sjå skilnad på Anders Behring Breivik og kven som helst elles. Den som lever i ei slik villfaring, bør ein snarast råd få tak i  «2083» for å gjera seg kjent med kva i kompendiet som er Breiviks eigne ord, og kva som berre er direkte eller nær direkte innlån frå andre forfattarar.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #1

Leif Halvard Silli

68 innlegg  589 kommentarer

Tillegg

Publisert rundt 5 år siden

Ovanfor skriv eg ein del om det Breivik seier i det sokalla praktiske føreordet. Og i artikkelen etter det, skreiv eg om kva manifestet — og eit innlegg på Document.no — seier om Breiviks duell med Thomas Hylland Eriksen.

Men det er fleire samanfall mellom det Breivik skreiv på Document.no og det han skreiv i manifestet. Lat oss sjå på den Document.no-kommentaren som er tidstempla «2010-02-17 10:56:52». Her er det iallfall to ting som slær ein i augo:

Talet «300 millioner» — som han i manifestet konsekvent skriv som «300 million». Dette, hevdar han, er talet på alle som, sidan Muhammed si tid, har vorte drepne på grunn av islam. Det andre samanfallet er det han seier om hat-ideologiar: «ALLE hat-ideologier bør behandles likt».

Det han tenkjer på med hat-ideologi er islam, kommunisme og nazisme. Minst tri gonger i manifestet talar han om «all hate-ideologies». Og kvar gong er bodskapen at tilhengjarane/justitiarane hans må «oppose all hate-ideologies; communism, cultural Marxism/multiculturalism, Islam and national socialism». (Som ein kan sjå, her her ogso «kultur-marxistme/multikulturalisme» teke med.)

Det er verd å merkja seg at han altso tek avstand til nazismen her. Det kan verka litt merkeleg all den stund det i youtube-videon — og i mykje han har sagt i retten — verkar som han ser positivt på nazismen. Men ein tanke eg har vore inne på er at poenget med dette trikløveret er å seia at nazisme bør jamstellast — og dermed tillatast — på lik line med dei (i Breiviks augo) mykje verre islam og kommunisme.  Ein slags negativ likskap.

Ein annan ting som Breivik-innlegga på Document.no har felles med manifestet, er tilsynelatande meir prosaisk: Fokuset på blæst og publisering - ikkje minst publisering på papir. Fleire gonger, og sist i den aller siste kommentaren, so seint som 25. mars 2011, er han inne på dette. Han er oppteken av at det er lett å få til ei papirutgåva som ein kan leggja ut for sal i Narvesen. Dette minner ein del om koss han i det praktiske føreordet i sjølve manifestet (sjå ovanfor) driv og forklårar kor lett det er å få manifestet trykt på papir ved hjelp ymse sjølvpubliseringstenester.

Det er freistande å spørja om det er den same urealismen i det han skriv om publisering til Document.no som i det han skriv om publisering i manifestet — kanskje med fatale fylgjer for Document.no, dersom dei hadde kome til å lata seg involvera med mannen.

Svar

Siste innlegg

Ett av flere verktøy
av
Tom Arne Møllerbråten
rundt 7 timer siden / 78 visninger
1 kommentarer
Ingen bestillingsvare
av
Olaug Bollestad
rundt 7 timer siden / 113 visninger
1 kommentarer
Når politikken blir grå
av
Emil André Erstad
rundt 8 timer siden / 130 visninger
1 kommentarer
Snakk om Gud
av
Ingvild Hellenes
rundt 9 timer siden / 102 visninger
1 kommentarer
Tøv om logikk
av
Gunnar Ree
rundt 10 timer siden / 183 visninger
12 kommentarer
Nå har vi det gående...
av
Tore Olsen
rundt 11 timer siden / 137 visninger
2 kommentarer
Les flere

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Politikk og verdier
rundt 1 time siden / 262 visninger
Johan Rosberg kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Johan Rosberg kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Gunnar Ree kommenterte på
Tøv om logikk
rundt 2 timer siden / 183 visninger
Dan-Thomas Tveita kommenterte på
Alt vi ikke vet: om Gud og kirkeretten…og om en dåres gudstro
rundt 2 timer siden / 1558 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Eit svarestrev i Larsens lesarbrev
rundt 3 timer siden / 1163 visninger
Les flere