Verdidebatt

Biskopen, bedehuset ,kyrkja og krematoriet

Bjørgvin biskop har diktert at alle gravferder skal vera frå kyrkja.Vigsla bedehus er ikkje verdige. Men det nakne krematoriekapellet, utan kristne symbol ! er fullverdig. Kva kyrkjelydane meiner er visst irrelevant, og konkret heimel vantar!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den kristne gravferdstradisjonen skriv seg frå dei første kristne.

Gravferdi er den kyrkjelege tenesta som folk flest ynskjer.

Ut frå mi røynsla er det ingi anna kyrkjeleg tenesta

der ein kan gjera meir godt mot medmenneske,

eller og såra og svikta.

Ei god oppleving vert ikkje gløymd, heller ikkje ei vond!

Det synest som biskopen er mest oppteken av formelle spørsmål,

og ikkje spør etter kva som fungerer best for dei syrgjande.

Eg veit ikkje om eg skal le eller gråta ved ei krematoriegravferd

(utanfor soknet!) der presten set gøymd bakom "preikestolen",

og nærast sprett opp "som troll av eske", og heller snøgt

går gjennom rituale, minneord, andakt og sandpåstrøing.

Eit heimsleg bedehus skaper ein heilt annan atmosfære , trur eg!

At den tidlegare praktikumsrektoren tek so lett på kjenslereaksjonane

til dei syrgjande, etter hans seinste utsegner, verkar sjokkerande!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt