Verdidebatt

Nabintu Herland bør beklage

Nabintu Herland bør beklage, ikkje bortforklare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg konstaterer at Hanne Nabintu Herland i sitt svar til meg praktiserer den gamle regelen om at angrep er beste forsvar. At ho angrip meg for artikkelen min toler eg, også at ho prøver å fortelja kva ho meinte å seia.

Eg kommenterte det ho faktisk sa, og i den samanhengen ho sa det, og slik ho rett blei oppfatta i debatten vidare. Det ho sa var altså at ho beklaga at ikkje politiet skaut massemordaren på staden for at pengane som går med til rettssaka, kunne vore brukt til gode formål. Ho hylla også fransk politi som drap seriemordaren i Toulouse. Den samanlikninga var forresten dårleg. Saka var at i Frankrike prøvde politiet å ta han levande, men med sjølvmordsbombe flykta han. Då var konklusjonen naturleg.  På Utøya overgav mordaren seg.

Godt ønskje. Det Herland skriv om at politiet skulle vore der før og stoppa han for å berga liv, er eit ønske som visseleg alle (inklusive politiet) deler. Vi skulle også ønskt at han blei avslørt før eit einaste liv gjekk tapt. Men evalueringa av både PST og politiaksjonen denne lagnadstunge dagen, får vi rikeleg høve til å koma tilbake til når 22. juli kommisjonen kjem med sine vurderingar.

Herland si konstatering om massemordaren sin motsette posisjon i høve til kristne verdiar, bør ingen vera usamde om. Når ho prøver å seia at «Det er ytterst underlig at Hallaråker hevder at det er imot det kristne verdisyn å følgje Paulus «anmodning» (om at styresmaktene si oppgåve i rettsstaten er å verna lovlydige borgarar mot lovbrytarar), må eg seia er reine oppspinnet. Det er faktisk ikkje det denne saka handlar om.

Beklage. Eg ønskjer Herland alt godt i engasjementet hennar. Men ho hadde tent på å beklaga sin opptreden i Debatten i staden for å bortforklara det ho faktisk sa.

Med avgrensa spalteplass kommenterer eg kort Jan Pedersen (Vårt Land 20.04.) og Ivar Kristianslund (Vårt Land 21.04.) sine merknader til min artikkel. Til Kristianslund vil eg berre seia at spørsmåla han tek opp om administrering av abortlova har vore rikeleg debattert i KrF sidan landsmøtet i Tønsberg 1981 etter at abortlova kom. Lite nytt er å tilføya.

Om annonsen hans i Dagen viser eg til at sjefredaktøren klokt har beklaga at den kom på trykk. Det seier nok. Eg legg berre til at eg gjerne såg at Dagfinn Høybråten framleis var helseminister. Då hadde mangt vore positivt annleis i norsk helsevesen. Mellom anna hadde fastlegar hatt vern om sitt samvit. Eg skulle også ønskt at KrF hadde fleirtal i Stortinget for ufødde sitt livsvern. Det er smerteleg skamplett og uverdig vår rettsstat at det ikkje er slik.

Sjølvoppfyllande. Jan Pedersen spør (Vårt Land 20.04.) om KrF si saklege grunngjeving for støtte til den nye paragraf 2 i Grunnlova. Eg viser til kva partleiinga har sagt like frå kyrkjeforliket i 2008. Dersom Pedersen meiner det ikkje er sakleg, får eg ta det til etterretning.

Men når vi påstår konsekvensar av ulike vedtak, bør vi passa oss for ikkje å koma med «sjølvoppfyllande profetiar». Vi bør vere varsame med å påstå at ting vil skje, som dei som står for nettopp det, i neste omgang kan bruka til å få gjennomslag for sine ønske. Når det gjeld den nye verdiparagrafen i Grunnlova paragraf 2 om «kristen og humanistisk arv»,  trur eg ikkje vi bør tala om opninga for at islam og andre religionar skal ta over, men heller fokusere på at den kristne forankringa og den «kristne» forståinga av humanismen er viktig premiss for sann religionsfridom og inkluderande toleranse. Det er all grunn til å merka seg at Humanetisk Forbund ikkje fekk gjennomslag for sine ønskje om paragrafen.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 24. APRIL 2012

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt