Verdidebatt

al Qaida-sporet og Breiviks ansvarsførleik

Urealismen i Breiviks prosjekt er det beste argumentet for at han er ansvarsufør/utilrekneleg: Det har ikkje vore nokon slik felleskap som han fablar om. Og aksjonen hans kunne aldri ha fått det utfallet han ynskte.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Breiviks al Qaida-insipirasjon er av omfattande — men teknisk/metodisk — art: Hemmeleg nettverk — celler. Langvarig planleggjing.  Bomba. Propagandaspreiing.

Når det gjeld propagandaspreiing, so kombinerte al Qaida alltid åtak og opptak: For kvart åtak kom det gjerne ein bodskap frå Bin Laden. Frå Breivik kom det eit kompendieum, ein video og — han sjølv, som overlevde. Det siste — overlevinga — er til skilnad frå al Qaida, som hadde sjølvmordsbomba som hovudvåpen.

Klårt: Dersom det ikkje er noko Knights Templar-netverk, so er det òg ein skilnad frå al Qaida. Denne skilnaden — at det neppe var noko netverk — passar godt ihop med det at Breivik valde å overleva. Han trongst — levande — for det var ikkje nokon andre — og han skulle vera leiaren.

Ikkje sjølvmordsbombar: At Breivik — til skilnad frå al Qaida — ikkje nyttar sjølvmordsbomba, er konsistent med den paranoide gjer det sjølv-taktikken hans.

For sjølvmordsvåpenet sender ein viktig bodskap: «Saka er viktig, viktigare enn at eg sjølv er til — og etter meg, kjem det fleire andre som held fram kampen!»

Slik var det ikkje med Breivik. Etter han kom det ingen. Dersom han ikkje berre freista å lura oss — og seg sjølv, so trudde at han at han, etter 22. juli, skulle få høve til å retta krav til regjeringa og få ut bodskapen sin. Vel — han retta jo krav … og kompendiet hans er jo ute …

Men krava og ideologien kom altso ifrå mordaren sjølv. Hjå al Qaida, derimot, var det alltid skilnad på våpendragar og ideolog. På den måten kunne t.d. Bin Laden tala med ein slags autoritet — det var trass alt ikkje han som flaug inn i World Trade Center. Bin Laden var — lik ein general — ikkje den som personleg stakk bajonetten i brystet.

I so måtar var planen til Breivik — som so mykje anna han har sagt og tenkt — heilt urealistisk: Ein mordar kan ikkje verta profet. Har han verkeleg trudd at det var mogeleg?

Derimot skytevåpen: Nedskytinga på Utøya var ikkje al Qaida-inspirert, men tykkjest i staden di meir World of Warcraft-inspirert. Taktisk er dette det djevelske i Breivik-aksjonen: Medan alle trudde at det verste var over — og at åstaden var Regjeringskvartalet, tok han børsa si med seg til Utøya. På Utøya nytta han røykbomber. Men gjødselsbomba i regjeringskvartalet var på ein måte ei einaste stor røykbombe.

Likevel: Tek me med i bilætet at Breivik tenkte i al Qaida-banar, so passar gjerne nedskytinga inn. For 11. september førte jo faktisk til børseaktivitet, både frå USA og Taliban si side. Og, dersom me skal tru orda hans og — for so vidt — dei grufullle handlingane, so trudde han på store, politiske omveltingar i etterkant av aksjonen.

Visste han at han var åleine? For å koma fram til eit fullgodt svar i spørsmålet om Breiviks er ansvarsførleik, tykkjest det viktig å skjøna om han visste at han var åleine om prosjektet sitt.

Etter det han fortel, skal Breivik til dømes ha hatt problem med å få til gjødselsbomba si — han prøvde seg fram gong på gong, utan hell. Er det truleg at han hadde halde på med bombebyggjingsprosjektet dersom han hadde visst at han var åleine? Er ikkje ein felleskap viktig når ein held på med vanskelege ting?

Etter som han innrømer no, so har han i kompendiet intervjua seg sjølv. Det kunne jo tyda på at han visste at han var åleine.

Har han beint fram vilja briljera? Syna for Fjordman og andre koss det kan gjerast? Det er mykje ein kan driva på med i løynd dersom ein veit/trur at folk, til slutt, kjem til å bry seg. Men ein psykisk sjukdom der ein trur seg til ting som ikkje har hendt, kan truleg ha same verknad.

Fillefelleskap: Det eg er overtydd om er at Breivik har trudd at han har hatt ein slags felleskap med nokon. Det er dette som har vore motivasjonen hans: Han har vilja syna publikum at han har ein felleskap — det er jo ein militiær taktikk, for so vidt, det å gjera seg større enn ein er. Men han har òg trudd at han kjem frå ein felleskap.

Samstundes har han sett seg sjølv som hovudperson. Ideologi handlar jo om felleskap. Men ideologien hans er jo heilt irrasjonell: Det FrP Breivik snakkar om — eitt FrP imot bombinga av Serbia — har aldri funnest. Og det er berre eitt av døma på at han oppfattar faktum feil.  Men forsovidt er det ikkje noko eineståande i at folk tek feil om kva som er gjengs oppfatningar er i ei sak — eller innbiller seg ein saksfelleskap som ikkje er reell.

Likevel: Det er trua på denne ikkje-eksisterande felleskapen som har gjort at Breivik har levd eit terror-celle-liv.

Kva skal ein tru? Eg skal ikkje løyna det: Eg vil gjerne tru at Breivik ikkje er ansvarsfør. Og for meg er det urealismen i Breiviks prosjekt, som er det beste argument for at han er ansvarsufør: Det har ikkje vore nokon slik felleskap som han fablar om. Og aksjonane hans — som mellom annat skulle gjera Breivik sjølv til ein stor leiar (i det minste ideologisk) — kunne aldri ha fått dei verknadene han drøymde om.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt