Det slo meg at han dikteren Olav H. Hauge må ha vært litt synsk (ler) Han har noen treffende karakteristikker av oss debattanter her på verdidebatt i sine dikt? – Les selv og se om du kjenner deg selv igjen (ler ) ? - (dette er et humoristisk innlegg til ettertanke - som jeg ikke forventer besvarelser på)
Steinguden
Du ber steinguden
der inni deg.
Og tener han truge
og ofrar til han i løynd.
Kransar og kvikte kjertar
ber du til han
med blodige hender,
endå du kjenner
kjøldi av han
i hjarta ditt
og veit dine drag
vert stive som hans
og dine smil
like kald.
Kom ikkje med helile sanningi
Kom ikkje med heile sanningi,
kom ikke med havet for min tørste,
kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,
men kom med et glimt, ei dogg, eit fjom,
slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget
og vinden eit korn av salt.
Eit korn
Eit korn av rettvise
slo rot i hjarta mitt, voks
og vart til ein salt eld.
Eg ofra til han og gjødde han
med feitt slakt.
Og elden vart ei øgle.
Når det kjem til stykket
År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.
Her har eg butt
Her har eg butt meir enn en mannsalder.
År med vind og stjernor i høg rigg
har siglt framum.
Tre og fuglar har slege seg til her,
men eg har ikkje roa meg.
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at det må skje –
At tidi skal opna seg
At hjarta skal opna seg
At dører skal opna seg
At berget skal opna seg
At kjeldor skal springa –
At draumen skal opna seg.,
At me ein morgonstund skal glida inn
På en våg me ikkje har visst um.
Framfør undergangen
Jesu ord
Og Heraklits vassgraut
Kan enno frelsa verdi.
So liketil er det
Fristende å avslutte med setningen fra første diktet i samlingen: "Eg er berre ein gneiste av den store eld", - så har vi fått med "den sammenbindende kraften" ;)
Diktene er alle hentet fra: ”Dikt i samling” av Olav H. Hauge”
Mvh Mette