Verdidebatt

På kollisjonskurs med kristne verdiar

Hanne Nabintu Herlands innlegg i Debatten i NRK var uhyggeleg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi skal vera glade for alle som engasjerer seg for kristen verdikonservativ forankring for landet vårt. Eg er overtydd om at det er beste basis for åndsfridom, toleranse og respekt for enkeltmenneske. Men korleis skal vi føra dette engasjementet på ein tenleg måte? Til vanleg er det naturleg å teia om ein ikkje synest alle utspel er like kloke. Men det finst situasjonar der det siste kjennest som feigt og å tola den urett som kan ramma andre. I det følgjande tek eg fram tre situasjonar der eg opplever det umogeleg å teia:

Forskrekka. Ein av dei store kulturkollisjonane i vår tid er forholdet mellom vår kristne kulturarv i Europa og den aukande påverknaden frå islamsk kultur. Her er store utfordringar både å syna respekt for det ukjende og det som er annleis, til å finna felles knutepunkt og til å drøfta det som er motsetnadsfullt. Men det blir meir og meir tydeleg at ikkje alle er naturlege samarbeidspartnarar i denne dialogen.

Nyleg var det oppslag i media om dei høgreekstreme organisasjonane knytt til European Defence League som møttest i Danmark for å protestera mot islamisering i Europa. Til mi store forskrekking kom det fram at representantar for det norske Kristent Samlingsparti deltok i arrangementet. Det er uforståeleg kva eit parti som vil verna kristne samfunnsverdiar hadde å gjera der. Det er heilt andre metodar og arenaer som bør vera aktuelle for utfordringa frå islam.

Uhyrleg. Det andre temaet som det same partiet har engasjert seg i, er debatten om ny verdiparagraf i den norske grunnlova. I og for seg ein viktig debatt – der det er viktig å få fram ulike vurderingar. Men eg må tilstå at argumentasjonsmåten frå Kristent Samlingsparti – med Jesus ut or grunnlova  og liknande argument – verkar svært usaklege og svekkar truverdet i kritikken. KrF har gjeve ei sakleg grunngjeving om korleis det nye forslaget kom på plass med eit samla Storting  bak.

Eg trur ikkje mange bit på den usaklege propagandaen frå Kristent Samlingsparti i denne saka. I det same må eg ta med toppen av usaklege påstandar som nådde oss med innrykket i Dagen sist fredag 13. april signert Ivar Kristianslund: Her insinuerer han statskupp og kjem med uhyrlege injurierande angrep på KrF og særleg Kjell Magne Bondevik og Dagfinn Høybråten.

Ingen partnar. Både dei og partiet blir skulda for landssvik og fleire mord på samvitet enn sjølvaste Hitler og Quisling. Etter mi vurdering var innlegget (annonsen) på grensa for det som burde komme på trykk i ytringsfridommen sitt namn. Det er fullt lovleg å vera usamde med både partiet og dei to, men det bør vere grenser for uhyrlege angrep. Med respekt for andre, står KrF og dei to mellom dei fremste politikarane i vår generasjon til fremje av kristne verdiar i landet. Det einaste positive med innlegget må vera at folk flest forstår at Ivar Kristianslund er ingen naturleg samarbeidspartnar i verdidebatten.

Uhyggeleg. Det siste dømet hentar eg frå Debatten NRK 1 sist torsdag 12. april der temaet var den føreståande rettssaka etter terrorangrepet 22. juli. På mange måtar var det ein opplysande debatt godt leia av Erik Wold. Innlegget som mange opplevde som uhyggeleg den kvelden, kom frå Hanne Nabintu Herland. Ho kritiserte politiet for ikkje å skyta Breivik på staden, og moraliserte populistisk om skattekronene som går med til rettssaka. Både rettsstaten sine prinsipp og det kristne menneskesynet viser heldigvis ein heilt annan veg.

Etter starten av rettssaka har vi grunn til å vera stolte over rettsstaten vi lever i. Det var særleg trist at desse synspunkta kom frå Herland. Mange har stor sympati for engasjementet hennar i det offentlege rom for kristne verdiar. Men her var ho på total kollisjonskurs med dei same verdiane. Det vil dessverre framover kunna svekka truverdet hennar i verdikampen på andre område.

Klok. Døma gjev meg enno sterkare overtyding om at vi skal vera takksame for at vi har eit politisk parti som KrF. Med fagleg tyngde og tydeleg kristen demokratisk tankegang og tilnærming kan vi vera ein sterk og klok reiskap for solid verdiformidling i landet vårt tufta på vår kristne arv.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LANDS PAPIRUTGAVE 18. APRIL

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt