Verdidebatt

Ei Oslo-styrt kyrkje?

Treng Den norske kyrkja hjelp til å sjå at det finst dugande folk utanfor Ring 3? Bispeutnemningar og utgreiingskomitear har overveiande Oslo-dominans.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er kyrkjemøte i Tønsberg.  Delegatar frå heile landet har møtt opp for å diskutere saker og gjere sine val.  Det er mykje på gang i kyrkja for tida, med trusopplæringsreform, gudstenestereform og ny kyrkjeordning.  Ein del spenning var for min del knytt til kven som blei ny leiar for Kyrkjerådet.  Svein Arne Lindø fekk ein motkandidat frå Oslo, men vann knepent med ei stemme.  Det var eg glad for.

For elles består toppleiinga i Den norske kyrkja av folk som har meir eller mindre tilknyting til Oslo.  9 av 12 biskopar i dag har enten fødestad Oslo eller ein stor del av karrieren sin i Oslo.  Om ein ser på bispeutnemningar sidan 1990, har 19 utnemningar av 23 (82 %) bestått av enten folk som er fødde i Oslo, oppvokst i Oslo eller hatt Oslo som arbeidsstad før utnemning.

Det same gjeld utgreiingskomitear.  Kyrkjeordningskomiteen, som jobba fram utredninga "Kjent inventar i nytt hus", var utelukkande rekruttert frå Oslo og Austlandet.  Samlivskomiteen, som forhåpentlegvis skal legge fram si innstilling denne våren, består utanom dei tre biskopane (som og har sterk Oslo-tilknyting) av sju andre i Oslo, samt Marianne Skjortnes frå MHS i Stavanger.
Den nye teologiske nemnda som biskopane har nedsett, består utanom Bård Mæland frå MHS og Kristin Saxegaard, som nett flytta frå Oslo og blei prost i Ringerike, av Oslo-folk.

Finst det gode folk i DNK utanfor Oslo? I teorien ja, men ikkje i praksis. I dei seinare åra virkar det som at dei som kan gjere ein god jobb for heilskapen i Den norske kyrkja enten er fødde innanfor ring 3, har jobba lenge eller har budd lenge innanfor ring 3.

Kanskje var det ikkje så dumt at Stortinget plasserte preses i Trondheim? Distriktspolitikk ser det diverre ut som om kyrkja treng hjelp til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt