Verdidebatt

Ei politisk kyrkje?

I dag er det på dagen 70 år sidan Den norske kyrkja braut med det dåverande naziregimet. Diverre fungerer kyrkja framleis som statens forlenga arm.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette innlegget er òg publisert på bloggen min som du kan sjå ved å trykke på lenka her.

24. februar 1942 la samtlege norske biskopar ned embeta sine, og 5. april same år publiserte motstandskyrkja dokumentet Kirkens grunn - en bekjennelse og en erklæring. Over 90 prosent av prestane følgde biskopane sitt eksempel, og la ned embeta sine i protest mot nazismen. Fram til krigens slutt var Den norske kyrkja skilt frå den nazifiserte staten. Avisa Dagen skreiv om det i går, og sjefredaktør Vebjørn Selbekk konkluderte: "I Norge ble ikke statskirken det gisselet for okkupasjonsstyret og nazimyndighetene som nasjonale kirker ble i andre land." Eg forstår rett og slett ikkje kvifor kyrkja vende tilbake til staten etter krigen.

Ein treng ikkje vere verken kunnskapsrik eller fantasifull for å skjøne at slike opprørske handlingar satt motstandsprestane- og biskopane i ein utsett og vanskeleg posisjon. Mange av dei vart fengsla eller sett i husarrest av det berykta Gestapo. Den aktive motstanden mot undertrykkinga, menneskeforakten og jødehatet fekk store personlege omkostningar for dei som motsette seg. Likevel var det det einaste alternativet for den kristne kyrkja. Burde norske prestar spørre seg om dei ville gjere det same i dag, dersom dei vart utfordra på ein liknande måte? I dag er dei fleste samde om at dette var det einaste rette, sjølv om vi veit at kyrkja i andre land fungerte som lydige tenarar for nazistane. Vi veit at statskyrkjer i mange land framleis fungerer som autoritære regime sin forlenga arm. 

For veldig mange er det ei opplese og vedtatt sanning at kyrkja ikkje skal drive med politikk. Seinast i går proklamerte Civita-leiar Kristin Clemet på Twitter at"vi ikkje treng ei statskyrkje som legitimerer sine politiske standpunkt med Gud". Frustrasjonen hennar går på at DNK gong etter gong tar standpunkt i konkrete politiske sakar, slik som oljeboring i Lofoten eller Noreg sitt engasjement i Afghanistan. Slik hevar kyrkja seg over dei eigentlege politiske partia og definerer kva som er "riktig standpunkt" i dei enkelte sakane. Ein kan setja det litt på spissen og sei at DNK på mange måtar dermed fungerer som eit statleg departement eller direktorat. Det er nok diverre ikkje langt unna verkelegheita. 

Kva med kyrkjene i autoritære regime - slik som Russland eller Kviterussland? Skal dei ikkje ytre kva dei meiner om regimet sin politikk, slik Den norske kyrkja gjorde i okkupasjonsåra? Er det gale av ei kristen kyrkje å i det heile tatt ytre politiske standpunkt?

Eg trur nok problemet ligg i at Den norske kyrkja er tilknytta staten. Det gode som skjedde i okkupasjonsåra var at prestane og biskopane i DNK lausreiv seg frå staten - den gongen representert ved nazistyret. Sjølv om dei styresmaktene vi har i dag ikkje på nokon som helst måte kan samanliknast med nazistane, burde DNK absolutt vore ei sjølvstendig kyrkje. Då ville den sluppe å ta stilling til konkrete politiske sakar på den måten den gjer i dag, og heller rettleie korleis folk på åndeleg vis skal forhalde seg til staten og politiske spørsmål. Med ei statskyrkje vil det bli vanskeleg, då den alltid vil måtte representere staten.

Kva meiner du om statskyrkja?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt