Verdidebatt

Privatmoralens vaktar

Statsminister Jens Stoltenberg reduserte kampen om samvitet til fastlegar som vil unngå å hjelpe til med abortsøknader, til det han kalla eit «privat syn». På p-pillar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet frå oktober hamna i Stortinget i går. Rundskrivet fråtok fastlegar ein praktisk innarbeidd rett til å reservere seg mot å vise pasientar vidare til helsetilbod som strir mot samvitet. Som abort og lesbisk rett til assistert befruktning.

Det er vel verdt å lese ein kronikk som fastlegane Edvin Schei og Eivind Meland skreiv i Bergens Tidende sist veke – og som er publisert også på vårt nettforum verdidebatt.no:Dei åtvarar mot «totalitære vibrasjoner» og legg til: «Det er skremmende at staten gjør autoritære fremrykk i etiske gråsoner.»

Men slike vibrasjonar var milevidt frå Stoltenbergs blikk. Han hevda at det handlar om «privat syn». Han brukte ikkje eingong ordet «personleg». Samvit snakka han definitivt ikkje om. Ikkje om abort heller. Han snakka om «prevensjon til unge jenter på små stader», liksom for å vere heilt viss på å parkere saka. I ein avkrok.

Abort.  I 1978 kom lova om sjølvvald abort. Legar og sjukepleiarar fekk ein lovfesta rett til å nekte å assistere eller utføre abort. Dei som kjempa mot abortlova, hadde ønskt at reservasjonsretten skulle gjelde meir enn aktiv medverknad. Dei tapte – det også.

Men i det praktiske livet er det på mange legekontor funne løysingar slik at dei som har hatt alvorlege samvitsvanskar, har kunna nekte å sende kvinner vidare så sant dei har funne ein annan lege som kunne hjelpe til med abortsøknaden. Mange har gått direkte til klinikken.
Denne praktisk innarbeidde reservasjonsretten vart tidleg på 1980-talet jamvel godteken av helsedirektøren. Sidan problemet var lite, fann Torbjørn Mork grunn til å respektere handlemåten til ein lege som hadde fått klage. Rådet for legeetikk slutta seg til dette og har stått på denne forståinga i 30 år.

Legekollegaer imellom kunne slike saker stundom rett nok bli litt leie. Men diskusjonen stilna. Det handla ikkje om mange og kvinnene fekk vegvising til abortklinikken.

Lesbisk rett. Men så kom den nye ekteskapslova i juni 2008. Stortinget bad regjeringa leggje til rette for at helsepersonell av samvitsgrunnar kunne fritakast frå å assistere eller utføre assistert befruktning. Politisk var dette eit kompromiss for å få gjennom lova og lesbisk rett til assistert befruktning.

Rådet for legeetikk tok opp at legar også måtte kunne nekte å vise lesbiske par vidare til kunstig befruktning, så sant legen fann ein annan lege til å ta seg av dette: Toleranse må gå begge vegar, sa rådet: «en må akseptere at andre har et livssyn som gjør dette vanskelig/umulig». Departementet svarte at det ikkje var noko rettsleg i vegen for ei slik tillemping. Statsministeren hevda i går at fastlegane, som blei til under ei reform for ti år sidan, aldri har hatt nokon rett til å le vere å hjelpe ei kvinne med abortsøknaden. I så fall må departementet kort og godt ha gløymt å tenkje så langt då brevet frå Rådet for legeetikk kom hausten 2008.

LLH-lobby. Ein av dei ivrigaste lobbyistane –  Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) - klaga på dette klarsignalet. LLH meinte assistert befruktning var i ein annan klasse enn abort. Då departementet godtok innvendingane og sende nytt rundskriv i oktober, gjekk det også ut over fastlegar som ikkje ønskjer å vise kvinner til abort. Departementet sette ikkje skilje mellom abort og assistert befruktning, men mellom fastlegar med listepasientar på den eine sida – og andre allmennlegar på den andre.

Undertrykking. Fastlegane Schei og Meland er tilhengjarar av både abortlov og assistert befruktning for lesbiske. Likevel fyrer dei laus: «Ensrettingen (...) minner om en type undertrykking av etisk meningsmangfold som har foregått og foregår i samfunn og regimer fjernt fra norsk politisk tradisjon. Det skjer under eksplisitt henvisning til omsorgen for sårbare mennesker, og fremstår derved som intoleranse i liberalitetens navn.»
Statsministeren var ikkje klar til å ta opp «intoleranse i liberalitetens navn». For han handlar dette om at «private syn» må haldast unna velferdsbyråkratiet. Det er vel den nye statsreligionen, dette.

Kommentaren blei først publisert i Vårt Lands papirutgåve 15. februar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt