Verdidebatt

Korleis kan vi hindre hungersnaud?

"Sannelig har vi ikke mer enn nok mat på denne jorden til å føde samtlige og om nødvendig muligheten til å omstille matvanene våre slik at vi kan føde 70 milliarder." Veljarhaldningar som denne vil skape stigande naud for dei svake i alle samfunn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 1968 kom boka The Population Bomb, som åtvara mot global overbefolkning. Året etter gjekk eg meg på ei utstilling på Universitetsplassen i Oslo der Naturvernforbundet tok opp same tema. Dette var 170 år etter at briten Malthus kom med sin teori om at folketalet, utan ”indre begrensning”, så som prevensjon og abort, ville stige til det vart stoppa av ”ytre begrensning”, det vil seie svolt, sjukdom og krig.

Dette temaet oppteke meg sidan. Eg har mellom anna leita etter svar på spørsmålet: Korleis kan menneska hindre at jorda får for mange munnar? Mange har tenkt på dette gjennom tidene og gjeve sine råd (www.endings.typepad.com ) Men framleis er "overbefolkning" i 2012 eit fyord hos grøne, raude, gule og blå. Og framleis ser ein ingen teikn til verknad av den politisk korrekte "demografiske transisjon" som Arnulf Øverland slakta alt i 1952. Ein oppdatert kommentar finn ein her http://e360.yale.edu/feature/what_if_experts_are_wrong_on_world_population_growth/2444/

For kort tid sidan kom eit innlegg i verdidebatt.no om eit framlegg frå to australske filosofar om å tillate ”abort etter fødselen”. Diskusjonen som fylgde var sterkt prega religiøs etikk og lite av innsikt om det livet born med alvorlege handikap får i land utan oljerikdom.

Eg la då inn eit innlegg der eg prøvde å fokusere på overbefolkning og økologi og på kyrkja sitt ansvar i den globale befolkningspolitikken. Det gjekk slik:

Lite er meir vondt for foreldre enn at borna svelt og lid naud. Urfolket i Australia tok livet av dei førstefødde og den eine av tvillingar. På den måten held dei folketalet i balanse med naturgrunnlaget og slapp å gå til krig mot nabostammen for å erobre jaktmarker.

Med kristendomen gjekk ein bort frå det egalitære samfunnet og fekk eit religiøst toppsjikt som ga påbod om misjon. Mange frelste ”sjeler” ga kyrkja makt og rikdom. Mennesket vart universet sitt mål og med 1. Mosebok 1.28 fekk dei påbod om å fylle jorda. ”Økologi” var eit ukjent ord og jorda var flat og i den minste grenselaus. Fri forplantning vart ein menneskerett og ga rom for Yitta Schwartz, som ved sin død i 2010 hadde over to tusen etterkomarar.

Denne tankegangen har skapt ein ”soft totalitarism of political correctness” som har hindra merksemd om det som bør vere ein menneskerett: IKKJE Å VERTE FØDD TIL SVOLT OG NAUD. Paleontologen Preston Cloud held dette for å vere menneskerett nr. 1.

Kjønnsdrifta er for mange sterkare enn foreldreansvaret. Då hjelper det at barnerike huslydar etterkvart har fått moralsk rett til å til å på epleslang i nabohagen og til og med rett til hus og mat i framande land.

Historia er full av eksempel på stammar og folkegrupper som er blitt for mange for naturgrunnlaget og som er blitt desimert av hunger. Ein av dei første var kyrkjefar Terullian som åtvara mot overbefolkning alt i år 215. Oljerikdomen har ikkje berre gjeve Norge vekst frå 1,25 millionar til det firedoble, men også eit fordelingssamfunn som gjer staten ansvarleg for alle som ikkje heng med i livskampen.

Dessverre er det få som forstår den tragiske blindgate som kjønnsdrift og 1. Mosebok 1.28 har før oss inn i. Derfor forstår dei heller ikkje at framlegget som vert fordømt kan ha eit godt etisk fundament.

Dette var tydelegvis eit feilplassert innlegg, for eg fekk snøgt ei antydning om at eg burde vurdere min eigen ”seinabort”.

Eg skal la abortetikken liggje og ta opp eit spørsmål som er livsviktig for etterslekta, serleg for dei som vert fødde med eit handicap: Kor mange vil verda og Norge ha mat til etter oljen? Ein av kommentarane eg møtte gjekk nemleg slik:

Sannelig har vi ikke mer enn nok mat på denne jorden til å føde samtlige og om nødvendig muligheten til å omstille matvanene våre slik at vi kan føde 70 milliarder.

Når eg tek opp dette i eit nytt innlegg er det fordi eg trur at eit stort fleirtal av folket deler denne oppfatninga: Vi har nok mat berre vi legg om matvanene. Og når oljen til traktorar, trålarar og trailarar tek slutt, vil smarte oppfinnarar utvikle "lurium" som varer evig.

Ingen verdidebatt i verda vert realistisk utan å ha Malthus sine teoriar som underlag. Dessverre ser eg inga demokratisk løysing på problemet med 70 millionar fleire munnar kvart år. Og eg har heller ikkje svar på den utfordring utfordringa som ligg i å overleve i Norge etter oljen. Men det ville kanskje hjelpe litt dersom kyrkja (og bedehusa) tenkte litt meir på lekam enn på sjel.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt