Verdidebatt

Elias Blix og Gildeskål

Det er sundag føremiddag. Eg sit ved ei byste av den kjende salmediktaren Elias Blix ute på Våg på Sandhornøya i Gildeskål. Fuglane syng sine sorglause lovsongskor til vårens pris, og sola, den velsigna sola, vermer et vinterfrosent sinn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det suser så stille i trea, ei høgtideleg stemning kviler over staden. Over meg kneiser eit  spisst og høgt fjell, det fjellet Blix fortel om i songen "Barndomsminne frå Nordland." Fjellet ligg der og strekkjer seg opp mot himmelen som ein mektig katedral over den vakre bygda Våg.

Og eg fell i tankra om det å ha røter, dette å høyre til ein stad, det er viktig for oss det. I dag stend det altså ei byste på denne staden. Men ein gong kom den unge teologen Blix og ville preike i heimbygda. Dette vart han nekta av ein halsstarig embetsmannsprest.

Bondesonen skulle ikkje få sleppe til så sambygdingane skulle  få høyre han tolke Bibelen. Han var ikkje av fin nok byrd. Jantelova hadde enno ein gong funne seg eit offer, slik det har for vane i eit land der misunning  er  sterkare enn seksualdrifta some stader.  Men om Blix forlet heimbygda for all tid(han kom aldri attende), gløymde han aldri heimbygda si. Under bysta hans er det inngravert: " I min heim var eg sæl Avdi Gud var attved. Og eg kjenner så vel kor det anda Guds fred. Når til kyrkje me for, Når me heime heldt kor. Og med moder eg bad. Å , eg minnest, Å, eg minnest så vel denne stad."

Elias Blix vart fødd på Våg her i Gildeskål 24 februar 1836. Han var bondeson, men gjorde seg tidleg bemerka som litt av ein lesehest og ein flittig maur. Han gjorde seg tidleg bemerka på seminaret i Tromsø, og var ei tid lærar før han vart student og var ei tid lærar før han studerte teologi. Men prest var han alldri. Vi veit vel ikkje heilt sikkert om hendinga i heimbygda, men seinare vart han stipendiat og tok filosofisk doktorgrad. Han vart professor i hebraisk og kyrkjeminister i i regjeringa Sverdrup. Men dei fleste tenkjer nok mest på salmar når vi høyrer Blixnamnet. I Landstads salmebok er det over 100 salmar av Blix, og i Norsk Salmebok er det eit liknande antal. Elias Blix var overlag flink, og han fanst tidleg i hovudstraumen av nynorske føregongsmenn. Nordpå er Blix heilt på sida av Petter Dass, dei største salmediktarane vi har hatt her nord. Og det er ikkje så merkeleg når vi vi les salmane hans.

" Ein båt i stormen duva,

men Jesus var ombord.

Hans læresveinar gruva

Då båra braut på fjord.

Men sjå, då Jesus vakna

og truga Storm Storm Hav

Då vind og våger spakna

og veret stilna av."

Dette er kvardagen for nordlandsfiskarane. Vår Herre eir eit like  naturleg fylgje som radar. Blix var i yngre dagar med og rodde Lofotfisket. Han hadde erfaring slik.

Songen " Barndomsminne frå  Nordland" vart  til i 1896 då " Nordlendingenes foreining" kom opp til Elias Blix på Briskeby for å feire 60-årsdagen hans. Då drog  salmediktaren fram eit heilt ferskt manuskript og las de opp den aller fyrste gongen:

  "Å. eg veit meg  eit land

langt der oppe mot nord

med ei lysande strand

millom høgfjell og fjord.

der eg gjerne er gjest,

der mitt hjarta er fest

med dei finaste,

finaste, finaste band

Å,  eg minnest

Å, eg minnest,

Å, eg minnest

so vel dette land."

Det var ikkje eitt tørt auge etter at han hadde lese det opp. Og tankane gjekk nordover til fjella og strendene der nord. Og vi merker det så godt i fleire av salmane til Blix:

Syng i stille morgonstunder,

Syng Gud fader lov og ros,

Sjå han gjerer nytt det under

Kallar fram or myrkret  ljos.

Sjå hans Sol all skapning gylla,

Alt med liv og lovsong fylla,

Sjå hans kjærleiks smil i sky

Sjå kvar dag hans nåde ny."

Ofte er det slik at "noko er borte når du er nær, og nærast er  du er borte" også i vår kjensle for heimplassen vår. Vi treng nok å lengast til, noko å minnast. Eg våger den  påstand at den ikkje er realistisk som ikkje samstundes er romantikar. Vi treng draumen, lengslene og ettertankane i ei tid der vi dansar berre  villare rundt "den kapitalistiske gullkalven." Vi treng arven frå fordums tid, slik millom anna Blix har gjeve oss.

Det var nok nordover til heimbygda Blix lengta då han skreiv:

"Og eg lengtar så tidt dette landet å sjå

og det dreg meg så blidt

når eg langt er i frå

Med den vaknande vår

Vert min saknad så sår

so mest gråta,

mest gråta eg kan

Å, eg minnest, å eg minnest

Å eg minnest

so vel dette land."

I dag syng nordlendingane denne songen på Bodø/Glimts fotballkampar på Aspmyra stadion i Bodø før kampen. Og eg sit no her på Våg ein vårdag og filosoferer. Og eg veit at "slekter skal  følgje slekters gong." Blix seier det slik:

"Du vår med ljose dagar

med lengting liv og song,

du spår at Gud  oss

lagar ein betre vår ein gong."

Kvar 17 mai, når barnetoget er slutt framfor Slottet i Oslo, snur Gardemusikken seg mot Kongefamilien. Det vert heilt stille før dei stemmer i med " Gud signe vårt dyre fedreland(originalen er i Gildeskål gamle kyrkje)" Det renn nok mang ei tåre nedetter nordlendingars kinn  denne stunda, der tankane flyg nordover.

Eg reiser meg frå benken attmed bysta hans Blix, eg skal bile heimatt til Inndyr. Til vi når den den siste vår, er mitt høgste ynskje at vi skulle bli litt meir glade i kvarandre, gjere livet lettare for kvarandre. For Jantelova kan vi gjere noko med om vi vil.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt