Verdidebatt

BRENNHUG FOR JERUSALEM

SIONS DOTTER

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den siste trengselen over nasjonen Israel vert beskrive som fødselsveer.

Yeshua seier det slik:

"Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader. 8 Men alt dette er berre dei FYRSTE FØDERIENE.
9 Då skal dei forråda dykk (NASJONEN ISRAEL), driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, ALLE FOLK SKAL HATA DYKK for mitt namn skuld.10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.."

I Mika 4 står det slik:

"Men no, kvifor skrik du så sårt?
Er det ingen konge hjå deg?
Er han som rår over deg, komen bort
sidan du VRID DEG SOM I FØDSELSRIER?
10 Skrik og vrid deg, SIONS DOTTER,
som ei FØDANDE KVINNE,
for no lyt du bort frå byen (JERUSALEM)
og bu i villmarka.
Du skal koma til Babel,
men der vert du berga.
Der vil HERREN LØYSA DEG UT
or handa på fiendane dine.
11 No har MANGE FOLKESLAG SAMLA SEG MOT DEG.
Dei seier: «SION er vanæra,
vi ser på henne med lyst.»


12 Men dei kjenner ikkje Herrens tankar
og SKJØNAR IKKJE HANS PLAN:
å samla dei som korn på treskjevollen.
13 Stå opp og tresk, du Sions dotter,
for eg vil gje deg horn av jern
og klauver av kopar.
Du skal KNUSA MANGE FOLK
og vigsla deira hærfang til Herren,
deira gods til han
som er herre over all jorda.
14 No risp deg opp, DU KRINGSETTE DOTTER!

Det går igjen utallige stader i Skrifta- Israels siste store trengsel.

Heidningnasjonane (USA,NORGE,FRANKRIKE.OSV) har samla seg mot landet og kneblar dei .

Joel 3,22 fortel at Herren tek eit oppgjør med desse folka som har innteke landet Hans.

"Herren skal torna frå SION,
la røysta si ljoma frå JERUSALEM,
himmel og jord skal skjelva.
Men Herren er eit VERN FOR SITT FOLK,
ei borg for Israels søner.
22 Då skal de sanna
at eg er Herren dykkar Gud,
som bur på SION, MITT HEILAGE FJELL.
Jerusalem skal vera ein heilag stad,
der skal framande aldri meir koma inn."

Sakarja 8 er veldig tydeleg:

"Så seier Herren, Allhærs Gud:
Eg er full av BRENNHUG FOR SION,
med stor harme brenn eg for det.
3 Så seier Herren:
Eg vender attende til Sion,
MIDT I JERUSALEM VIL EG BU.
Jerusalem skal kallast Truskapsbyen,
og BERGET åt Herren, Allhærs Gud,
skal kallast DET HEILAGE FJELLET."

Sefanja 3 seier det like tydeleg.

"Herren har fria deg frå straffedomen
og TEKE BORT DINE FIENDAR.
Herren, Israels konge, er hjå deg,
du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.
16 Den dagen skal dei seia til Jerusalem:
Ver ikkje redd, Sion!
Lat ikkje hendene siga!
17 Herren din Gud er hjå deg,
ei kjempe som kan frelsa.
Han gleder og frydar seg over deg,
tek deg atter inn i sin kjærleik.
Han jublar over deg med fryd,
18 som på ein høgtidsdag.
Eg friar deg frå den dagen
då du må tola spott."

---------------------------

Det er ubegripeleg at ikkje kyrkjeleiarane greier å forstå kva som er SION eller Jerusalem i desse tekstane.

I erstatningsteologien ljos vert alle desse tydelege skriftstadene omtolka til ei "teologisuppe" utan logikk eller meining.

Jerusalem er ikkje lenger det bokstavlege Jerusalem. Sion er ikkje Sion lenger.

Guds augnestein - Jerusalem er no vorte den kristne kyrkja med bispekollegiet i spissen.

Gud kallar desse Baals prestar.Dei forkynner eit falskt bodskap.Dei har svikta Guds Folk og meiner at okkupasjonen må opphøyra.

Dersom dei hadde levd på Moses si tid ville dei stilt seg på Farao si side og kalla Josva for ein mordar.Og at Josva inntok landet ville dei kalla for okkupasjon.

Ban Ki-moon: Israeli occupation must end

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt