Verdidebatt

Israel, Gud og vegen mellom dei to grøftene

Eg har tidlegare kort kommentert debatten etter Per Haakonsen sitt foredrag i Sarpsborg KrF. Det er tid for å utdjupa litt meir. Difor dette nye innlegget.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Di meir eg følgjer med i debatten etter foredraget i Sarpsborg KrF, kjenner eg trong til å utdjupa eigen ståstad etter den første korte kommentaren min. Oppmodingane til å skriva har også komme frå mange hald. Vegen går mellom to grøfter. Kritikken frå fleire politiske hald og dei store sekulære media har eit tydeleg sekulært preg. Gud har ingen ting å gjera med livet. Om han i det heile finst, får han halda seg i ro og opptre som den snille bestefar han bør vera. På den andre sida har vi altså Haakonsen si konkretisering der han meiner seg å kjenna Guds domshandling.

I denne situasjonen er det viktig at vi både som kristne og kristne samfunnsengasjerte menneske held oss på vegen, og ikkje let oss fanga inn i nokon av grøftene. Vi må halda fram at Gud er vår skapar og oppehaldar av alt liv. Vi har å gjera med den levande Gud både i truslivet og livet vårt i denne verda. Ingen ting er framand for han. Den kristne forkynninga har også som si oppgåve å forkynna overfor samfunnet. (Sjå utfyllande i mine to bøker – ”Kristen politisk tenking” (Sambåndet forlag) og ”Vi tror sammen” (Lunde forlag).

Overfor samfunnet har forkynninga ei rettleiande og profetisk oppgåve: Når styresmaktene fører folket på gal veg, skal dei høyra ordet som både rettleier, refsar og fortel kva konsekvensar den feile vegen kan føra med seg. Etter mi vurdering må bibeltru etisk forkynning tala styresmaktene imot når dei handlar i direkte strid med Guds openberra vilje. Om det aldri så mykje vekkjer motseiing, kan vi ikkje teia. Lova som gjev rett til å ta ufødd liv (lova om fri abort) og lova som set Guds skaparordning om ekteskapet mellom kvinne og mann til sides, er tydelege døme på trongen for slik tale. Det er også viktig at kristne politikarar ikkje på den eine sida markerer skilje mellom politikk og kristendom, men straks nokon blandar det for mykje, argumenterer dei straks som politikarar imot med teologisk (dårleg) argumentasjon. Her må vi som kristne samfunnsaktørar halda tunga beint i munnen når vi opptrer i det verdslege regimentet.

Etter mi vurdering er det også rett å halda fram tilhøvet til det jødiske folk i forkynninga. Vi kjem ikkje forbi at ordet om velsigning og forbanning ( 1Mos. 12) relatert til Guds augnestein (Sak. 2:12), framleis er gyldige. Gud vaker over ordet sitt. Men så er det viktig at ein ikkje hamnar i grøfta med sin refs. Det er mange av oss som meiner at Håkonsen gjorde nettopp det med å konkretisera Guds dom med tragiske hendingar i vår nyare historie med å nemna at tragedien med Aleksander Kjelland ulukka og tragedien 22. juli i fjor. Teologisk går ein då over ein fundamental og prinsipiell strek der ein meiner seg å ha innsikt i ”den skulte Guds” vilje og handling. ”Det dulde høyrer Herren til”, seier Bibelen. 5Mos.29:29. Det er mykje som tyder på at dette har å gjera med grunnleggjande ulik forståing av den bibelske gudsopenberringa/forståinga, og ikkje berre gjeld ulik vurdering av Guds handling i verda. Dette er spørsmål vi bør sjå nærare på etter denne debattrunden. Vi må ikkje gløyma at det er grunnleggande skilnad mellom kristen og islamsk gudsforståing og mellom den bibelske Guds og Koranens Allahs handlemåte. Folkepedagogisk må eg også seia at den konkretiseringa som Håkonsen tok fram, blei ekstra uheldig rundt halvårsmarkeringa for den tunge tragedien som ramma oss alle. Det kan også få den konsekvens at fleire blir enno meir tilbakehaldande med å ta fram den nødvendige forkynninga retta mot samfunnet.

Som venner av Israel skal vi med stort frimot tala Israels og det jødiske folks sak både i kyrkje og samfunn. Sjølv har eg gjort det i fleire bøker og i utallege foredrag. Vi skal også med stort frimot konfrontera styresmaktene med våre ideal. Vi kan nok aldri venta applaus frå media. Men det er også viktig å ta med eit momento til oss israelsvenner. Vi må vera varsame med å bruka Gud imot kvarandre i våre politiske vurderingar av staten Israel og partifloraen av politiske løysingar. Å ta Gud til inntekt for standpunkt langs høgre/venstre skalaen i israelsk politikk tener lite kampen for auka respekt for omsorg for det jødiske folk utafor eigne snevre rekker. Vegen går alltid mellom dei to grøftene.

Karl Johan Hallaråker, teolog og KrF-tillitsvald

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt