Verdidebatt

Tempelhøgda

Mitt heilage fjell

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne videoen fortel om det viktigaste punktet på denne kloden.

“GUDS HEILAGE FJELL”

Tek med nokre tekstar som underbygger kva dette er og kor det ligg.

«Det er eg som har sett inn min konge på Sion, MITT HEILAGE FJELL.»

Då eg ropa høgt til Herren, svara han meg frå SITT HEILAGE FJELL.

Herre, kven kan gjesta ditt telt, kven får bu på DITT HEILAGE FJELL

«Kven kan stiga opp til HERRENS FJELL..stå på hans heilage stad?

"di sanning, lat dei leia meg og føra meg til DITT HEILAGE FJELL!".

Herren, og høgt er han lova i vår Guds by, på HANS HEILAGE FJELL.

Ein song. Byen er grunnlagd på HEILAGE FJELL..

Herren vår Gud, bøy dykk og tilbed han på HANS HEILAGE FJELL

Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile MITT HEILAGE FJELL.

dei fører eg til MITT HEILAGE FJELL og lèt dei gleda seg i mitt bønehus. .

dei som flyr til meg, skal arva landet og ta mitt HEILAGE FJELL i eige

Men de som har gått bort frå Herren og gløymt MITT HEILAGE FJELL

----------------------------

Det burde ikke vera vanskelig å sjå kva dette ligg og kva det er?

Det er det desidert viktigste punktet på kloden- tempelhøgda.

Her stod templet til Israel og her skal det igjen byggjast no på slutten.

Mount Moria eller Moriafjellet.

Pga den falske erstatningsteologien er betydninga av denne plassen ikkje verdsatt eller forstått skikkelig.

Det er ikke ein plass ute i verdsrommet slik Paulus eller forfatteren av Hebraraane løgnaktig påstår. Nei ,det er her på kloden- i Israel -MidtAusten .

Jes 65 seier det tydelig kor vilfarne desse kyrkjeleiarane er .

”Men de som har gått bort frå Herren og gløymt MITT HEILAGE FJELL”

Ikkje berre har dei gløymt betydninga av denne staden. Dei kallar det til og med okkupasjon når Guds Folk vil ha herredøme over denne plassen.

Me nærmar oss tida då profetiane vil oppfyllast. Antikrist kjem til å hjelpa jødane med å byggja opp att dette heilage tempelet no om nokre år.

Jødane kjem igjen til å starta med daglege ofringar i dette tempelet.

Så kjem Antikrist til å svikta denne pakta med jødane og  vanhelliga tempelet.

Det er dette som ligg i uttrykket i Matteus 24.

"Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –16 då må dei som er i Judea, røma til fjells;17 den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset; 18 og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si. 19 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! 20 Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat! 21 For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.22 Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare"

eller som Daniel 11,31 seier det:

"Hærstyrkar som han sender ut, VANHELGAR HEILAGDOMEN, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen.32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning.33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. 34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida"

For kva er løgna erstatningsteologien har greidd å få i staden for dette bokstavlege templet i Jerusalem.

Igjen er det løgnaren Paulus som finn alternativ.

"Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?17 Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de" 1 Kor 3

Dette høyrest veldig fint ut fordi dei fleste forstår at me skal ta vare på kroppen vår.

Yeshua eller Jesus sa at HAN var eit bilete på dette Guds tempel ,ikkje me.

Mange kristne motarbeider ikkje berre at jødane skal få tilbake dette landområdet Gud har gitt dei , men dei motsetjer seg at Guds skal ha eit gudshus (tempel) der Edens hage låg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt