Verdidebatt

Kvar skal livet halda fram?

Paulus løgnaren

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I Esekiel 37 fortel Gud oss med tydelege ord korleis Han skal reisa opp dei som ligg i gravene..

"Døde knoklar blir levande
Herrens hand kom over meg. Ved Herrens ande førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av knoklar. 2 Han førte meg omkring mellom dei. Sjå, det låg ei stor mengd med knoklar utover dalen, og dei var heilt tørre. 3 Då sa han til meg: «Menneske, kan desse knoklane bli levande att?» Eg svara: «Min Herre og Gud, det veit berre du.» 4 Han sa: «Tal profetord over desse knoklane og sei til dei: Tørre knoklar, høyr Herrens ord!5 Så seier Herren Gud til desse knoklane: Sjå! Eg lèt det koma ånd i dykk, så de blir levande. 6 Eg FESTER SENER PÅ DYKK, LEGG KJØT PÅ,, DREG HUD OVER OG GJEV DYKK ANDREDRAG SÅ DE VERT LEVANDE . Då skal de kjenna at eg er Herren.»

Det er fantastiske ord.

Det er dette Gud har lova skal skje no ved slutten av dei 6000 åra.

Han let alle som ligg i gravene vakna opp som Daniel 12 seier.

"Men på den tid skal folket ditt bli berga,
alle som er oppskrivne i boka.

2 Mange av dei som SØV I MOLDA,
skal VAKNA OPP,
somme til evig liv,
andre til spott og evig avsky.

3 Dei kloke skal skina
som himmelkvelven skin,
og dei som har ført dei mange til rettferd,
skal skina som stjernene til evig tid."

Som teksten fortel er det bokstavleg meint. Mennesket står opp igjen med sener,kjøt og hud ,nett slik som me er no.

Dei falske gnostiske tankene som Paulus (Apollonius av Tyana) kjem med ,seier at kjøt og blod ikke skal arva Guds rike.

Det er vranglære av verste sort. Mennesket er av kjøt og blod og skal stå opp igjen og vera av same substans.

Paulus røper seg veldig med dette han her seier:

"Og liksom vi har bore biletet av det jordiske mennesket, så skal vi òg bera biletet av den himmelske. 50Men det seier eg, sysken, at kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og det som er forgjengeleg, skal ikkje arva det uforgjengelege." 1 Kor 15

Versa framfor avslører vranglæra hans:

"Så visst som det finst ein kropp med sjel, finst det òg ein åndeleg kropp. 45Slik står det skrive: Det første mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv. 46 Det åndelege var ikkje det første, men det sjelelege. Så kom det åndelege.47 Det første mennesket var frå jorda og skapt av jord, det andre mennesket er frå himmelen."

Paulus sine ord her er tåkeprat eller tullprat , svada.

Kor er det Gud fører desse knoklene som livnar til liv igjen?

Til himmelen?

Nei , teksten er klar:

”Så sa han til meg: Menneske, desse knoklane er heile Israelsfolket. Høyr kva dei seier: «Våre knoklar har tørka inn, vår von er knust. Det er ute med oss!»12Tal difor profetord og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav. Så fører eg dykk til ISRAELS-LANDET. 13 Mitt folk, de skal kjenna at eg er Herren når eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or grav…”

Dette er heilt i samsvar med dei andre tekstene i GT.

Livet skal halda fram her på kloden. Jorda skal ikke smeltast om slik det falske 2 Peters brev slik.

”Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land.22Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folkeslag og ikkje meir vera delte i to kongerike. 23 Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane sine og alt det motbydelege og alle brota sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.”

Paulus har me sine gnostiske falske tekstar forført dei fleste.

”På dette kjenner de Guds Ånd: Kvar ånd som vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.

3 Men kvar ånd som ikkje vedkjenner Jesus, er ikkje av Gud.”

Bibelen fortel i klare ordelag om denne GOG/Antikrist krigen som no kjem på slutten.

Kvar skjer når Gud har gripe inn og knust GeOrGe. Skal dei til himmelen?

Nei , les teksten.

”Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal! 2 Eg snur deg rundt og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og fører deg opp på fjella i Israel….

Den dagen gjev eg GOG EIN GRAVSTAD I ISRAEL, i Abarim-dalen, «ferdadalen», austafor sjøen. Dalen skal stengja vegen for dei som ferdast der. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast Gog-flokkens dal. 12 I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan bli reint. 13 Alt folket i landet skal gravleggja dei og få ære av det den dagen eg viser min herlegdom, seier Herren Gud.
14 For at landet skal bli reint, skal dei setja nokre menn til stadig å dra gjennom landet. Dei skal gravleggja dei som undervegs vart liggjande att på marka. 15 Når dei fer gjennom landet og får auge på ein menneskeknokkel, skal dei setja opp eit merke der til gravarane kjem og gravlegg han i Gog-flokkens dal.16 Der er det òg ein by som heiter Hamona. Slik skal dei gjera landet reint…" Esekiel 39

Som teksten viser vert det eit stort oppryddingsarbeid etter at Antikrist/GOG er slegen.

Han får sin bokstavlege gravplass i Israel.

Sakarja 14 fortel om denne krigen på slutten der heidningane med Antikrist tek seg til rette i Guds Land i MidtAusten.

Kva skjer etter at Guds fiender er slått i det bokstavlege Jerusalem /ISRAEL?

Forsvinn dei til himmelen? Nei.

”Då skal dei som blir att av alle folkeslaga som kom mot Jerusalem, år etter år fara opp for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, og feira lauvhyttefesten. 17 Om nokon av slektene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem for å tilbe kongen, Herren over hærskarane, skal regnet ikkje falla over dei. 18 Det skal heller ikkje falla over egyptarane om dei ikkje fer opp og ikkje kjem. Dei skal råkast av same plaga som Herren lèt råka dei folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten. 19 Dette skal vera straffa for Egypt og alle folkeslaga som ikkje fer opp for å feira lauvhyttefesten”

Som teksten viser held menneska fram med å leva her på jorda.

Det går diverse ikke an å sameina Paulus sine gnostiske skrifter med GT . Han er ein løgnar.

”Til ordet og vitnesbyrdet” Esaias 8,20

Om ikke folk snakkar i samsvar med GT og dei skriftene som Yeshua gjekk god for så er det ikke noko ljos i dei.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt