Redaktør kultur og idé Alf Kjetil Walgermo

Psykisk kan du vera sjøl

Depresjonen og melankolien brer om seg i teateret, filmen, litteraturen og musikken. Subjektet er for alvor attende i kulturen.

Publisert: 4. jan 2012 / 1864 visninger.

At kunstnarar arbeider med psyken i kunsten, er ikkje noko nytt. Grensa mellom gal og genial har lenge vore flytande, melankoli eit uttrykk for det sanne kunstnarsinn. I Edvard Munchs heimland, for mange utlendingar uløyseleg knytt til måleriet Skrik, har både kunstnarar, musikarar og forfattarar aust av det mørke tjernet i seg sjølv. Likevel kan ein seie at depresjonen dei siste par åra har fått ein endå større plass i kulturen. Fleire av dei største suksessane i ulike kunstfelt, både kvalitativt og publikumsmessig, har tematisert psykiske vanskar og melankoli.

Rett før jul var eg på den siste førestellinga av Next to normal på Det Norske Teatret. Musikalen, med Heidi Gjermundsen Broch i hovudrolla som den bipolare Diana, fekk mange oppsetningar etter den norske premieren hausten 2010. Dette var altså noko såpass uvanleg som ein musikal om psykisk sjukdom, og folk elska det. «Unormalt knallbra musikal,» skreiv VGs meldar etter premieren. «Helt unormalt fabelaktig,» meinte Aftenposten.

Hjå Diana har sorga over ein avdød son fått ta overhand. Han døydde for over femten år sidan, men framleis sit Diana oppe om nettene og ventar på at han skal komme heim. Fortvilinga over eit så stort tap er forståeleg nok. I Dianas tilfelle har det likevel tippa over i psykisk ustabilitet, bipolar liding, som går ut over resten av familien hennar: mannen og dottera på seksten.

Problemfylt sjeleliv. Også på det kvite lerretet har det vore fleire innslag av det problemfylte sjeleliv i det siste. Her vil eg raskt gå forbi David Cronenbergs film om psykiaterane Jung og Freud, A Dangerous Method, ettersom denne dessverre var altfor overflatisk til å bore i noka sjel som helst. Då er det trass alt større trøkk i Lars von Triers Melancholia, som hadde premiere på Cannes-festivalen i fjor. Når von Trier skal gje uttrykk for depresjon, lét han like godt jordkloden knusast og verda gå under. Det verkar relevant kjenslemessig, sjølv om eg ikkje synest at filmen var like god som andre av den danske meisterregissøren.

Den store filmen av i fjor, Terrence Malicks The Tree of Life, inneheldt også mykje psykologi. Teikninga av farsportrett og gudsportrett var høgst interessant i så måte.

Psykisk inntog. Fjernsynet har vore endå tydelegare interessert i det terapeutiske dei siste åra. Vi hugsar The Sopranos, der mafiabossen Tony Soprano gjekk regelmessig til sin kvinnelege psykolog. I serien In Treatment følgjer vi ein psykolog og pasientane hans frå veke til veke. Episodane er korte, men relativt tettpakka av menneskelege utfordringar. Som livet her på jorda, kunne ein kanskje seie.

Innan litteraturen finst endå fleire ferske døme på det psykiske inntoget i kulturen. Karl Ove Knausgård har allereie fått solid spalteplass, men kva anna enn psykisk sjukdom – konas sjukdom, til overmål – er det som dominerer avslutninga av Min kamp-prosjektet?

Beate Grimsrud var nominert til Nordisk råds litteraturpris for den sterke romanen En dåre fri, der ho skriv med perspektivet til ei kvinne med spalta personlegdom. Også Lars Amund Vaage skildra psykisk sjukdom innanfrå med sin førre roman, Skuggen og dronninga.

Danske nevrosar. Tendensen gjer seg gjeldande også i Danmark, ikkje berre hjå Lars von Trier. Der snakka dei før nyttårsfeiringa om eit «kulturår i depresjonens teikn». Ikkje minst var dei tre store dramasatsingane på fjernsynskanalen DR – Lykke, Borgen og Broen – prega av psykisk sjukdom som ein sentral del av plottet. Den danske sosiologen Henrik Dahl meiner at det psykologiske er uttrykk for ein ny måte å tenke kultur på. Ikkje minst er subjektet for alvor attende i kulturen.

– Tendensen har tidlegare vore å oppløyse subjektet og la strukturar og mekanismar handle. Men her ser vi konkrete subjekt som handlar i situasjonane, kommenterer Dahl i avisa Information.

Artisten Medina, som i dag er Danmarks største popikon, har også fått merksemd for å synge om nevrosar, tristesse og galskap. I Noreg har vi Stein Torleif Bjella, som med albuma Heidersmenn og Vonde visu har spreidd melankoli, rett nok ofte munter melankoli, til alt folket.

For sjølv i skuggen kan ein finne ting å gle seg over, endåtil flire av. «Psykisk kan du vera sjøl,» syng Bjella. Det er eit subjekt som syng. Og songen kling godt for mange.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Kjell G. Kristensen kommenterte på
Fortjener noen å gå fortapt?
rundt 2 timer siden / 372 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
Fortjener noen å gå fortapt?
rundt 2 timer siden / 372 visninger
Robin Tande kommenterte på
Fortjener noen å gå fortapt?
rundt 3 timer siden / 372 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Fortjener noen å gå fortapt?
rundt 3 timer siden / 372 visninger
Pål Georg Nyhagen kommenterte på
Noen ganger er hijab greit
rundt 3 timer siden / 590 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Noen ganger er hijab greit
rundt 4 timer siden / 590 visninger
Sten André Fagermo kommenterte på
Noen ganger er hijab greit
rundt 5 timer siden / 590 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Noen ganger er hijab greit
rundt 5 timer siden / 590 visninger
Sverre Olsen kommenterte på
Er religiøs overbevisning helsefarlig?
rundt 6 timer siden / 506 visninger
Les flere