Torstein Langesæter

177

Guds høgtider

Publisert: 17. apr 2009

Det er veldig viktig å forstå dei jødiske høgtidene.
Jødane har 7 festar/dagar eller høgtider.
Desse festane viser korleis frelsesplanen skal gjennomførast.

4 av festane vart oppfyllt ved Jesu FYRSTE kome.
Dei 3 siste vil verta oppfyllt no ved Jesu ANDRE kome.
Det er

1/7 Rosh Hashana eller "blåse i basundagen"
10/7 Yom Kippur eller dommens dag.
15/7 Lauvhyttefesten

Vårhøgtidene som vart oppfyllt då Jesus kom fyrste gong er beskrive i 3 Mosebok 23.

"Dette er Herrens høgtider, dei heilage samlingane som de til fastsette tider skal ropa ut. 5 Den fjortande dagen i den fyrste månaden, straks etter soleglad, er det påske for Herren. 6 Og den femtande dagen i same månaden er det usyrdebrødshelg for Herren.... skal de gå til presten med det fyrste kornbandet de har skore. 11 Han skal svinga det for Herrens åsyn, så Herren kan ha hugnad i dykk. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet. .. 15 Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker. 16 Femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande sabbaten...

Jesus doydde 14 Nissan då påskelammet vart slakta.
15 Nissan låg Han i grava.
16 Nissan stod Han opp.
7 veker etterpå kom pinsefestens dag slik høgtidene/appointed times til jødane var innstifta.

På same måten som vårhøgtidene vart oppfylt heilt nøyaktig etter Guds plan vil hausthøgtidene verta det.
Ordet høgtid betyr "den fastlagte tida" eller "appointed time".
I høgtida er det forklara kva som skal skje og KORTID det skal skje.

Yom Kippur eller dommens dag er den viktigaste hendinga.
Den kjem 10 dagar etter varslingsdagen.

Så kjem lauvhyttefesten eller Sukkot. Sukkot er namnet på den plassen israelittane kom til etter at Gud redda dei gjennom havet.

Desse hausthøgtidene vil no verta nøyaktig oppfyllt på dagane slik dei er angitt i forbilda.

"Herren tala til Moses og sa: 24 Sei til israelittane: Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag....
26 Herren tala til Moses og sa: 27 Den tiande dagen i same månaden skal vera soningsdag... 33 Herren tala til Moses og sa: 34 Sei til israelittane: Frå den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.. 3 Mosebok 23

Yom Kippur er knytta til jubelåret eller frigjevingsåret.
3 Mosebok 25 seier:

"Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra vert førtini år. 9 Og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet. 10 De skal halda det femtiande året heilagt og lysa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma attende, kvar til sin eigedom og si ætt. 11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det kornet som har sått seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vintre. 12 For det er eit frigjevingsår; og de skal halda det heilagt. De skal eta av grøda på marka.
13 I frigjevingsåret skal de koma attende, kvar til sin eigedom."

Det 120 jubileum er no i vente.
Dei 120 jubileum eller 6000 år sluttar no år 2028.

Jubelårsyklusen på 50 år har falle gjennom heile historien.
Det gjekk 2000 år eller 40 jubileum frå Adam til Abrahams kall.
Det gjekk 2000 år eller 40 jubileum frå Abrahams kall til Jesus las frå jubileumsprofetien i Esaias 61 det året Han vart døypt.

No me inne i dei siste 2000 åra eller 40 jubileum.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
rundt 1 måned siden / 2934 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
18 dager siden / 1131 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 796 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
11 dager siden / 635 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
17 dager siden / 593 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
9 dager siden / 477 visninger
Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
2 dager siden / 414 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere