Kaj Skagen

7    0

Angsten for å verta minoritet

I innvandringsdebatten væpnar ein seg ikkje med argument, men med vernedrakt. Større semje og openheit om innvandringstal og den demografiske utviklinga er avgjerande for ein meir sakleg og open samtale om innvandringspolitikken.

Publisert: 28. nov 2011 / 4273 visninger.

(MERKNAD FRÅ REDAKSJONEN: På Verdidebatt.nos initiativ publiserer vi, med løyve frå forfattaren, denne artikkelen, som vart publisert i Dag og Tid 7. oktober i år, om den første i ein serie på 3. Kaj Skagen er p.t. opptatt av anna presserande arbeid og kan ikkje følgje opp nokon debatt.)



Terrorhandlingane i Oslo og på Utøya var politiske attentat. Dei må og kan verta forstått i ein politisk, sosial og historisk kontekst.
Sjølvsagt finst det psykologiske og psykiatriske forklaringar på kvifor og korleis nett Anders Behring Breivik og ingen annan gjorde dette. Her kan ein peika på barndom og oppvekst, den burtkomne faderen, seksuell angst og sjalusi, stormanns­galenskap osb. Men handlinga i seg sjølv inngår i den blodige tradisjonen til den anarkistiske ideen om «handling­ens propaganda».

Frå tida rundt 1900 kjenner vi mange attentat mot den europeiske makteliten. Ut frå teorien om «handlingens propaganda» ville anarkistiske og nasjonalistiske valdsmenn spreia den politiske bodskapen sin og vekkja det sovande og undertrykte folket opp til handling med attentat mot dei mektige.

Logiske fanatikarar. Særleg i Dostojevskijs romanar vert slike mordarar skildra som logiske fanatikarar. Utgangspunktet hos mordaren Raskolikov er nettopp logisk. Med ein viss fanatisk konsekvens endar logikken med å rettferdiggjera mordet. Brått vert mordaren til ein etisk høgtståande person med plikt til å drepa. Mordet framstår som naudsynt for å forbetra og kanskje berga verda. Mordaren vert ein idealist som ofrar seg sjølv.

Så langt frå å vera noko historisk unnatak er denne blinde logikken litt av ein hovudveg til vondskap. Den kristne kyrkja brende menneske på bål for å berga sjela deira frå evig fortaping, logisk nok innanfor verdsbiletet til kyrkja den gongen. Nazistane såg jødeutryddinga som ei naudsynt handling for å berga den europeiske sivilisasjonen. Stsjigalov i Dostojevskijs roman De besatte ville ofra 100 millionar menneske for å skapa ein idealstat; Stalin tok over idealet og ofra dei 100 millionane, men skapte ein slavestat. Den same tankegangen om den naudsynlege vondskapen går att hos kommunisten Brecht når han seier: «Synk ned i skitt, omfavn morderen! Men forandr verden: den trenger det.»

På same viset «ofra» Breivik seg då han vart massemordar. Han såg seg sjølv som ein kommandør og frontsoldat i ein krig mellom vestleg-kristen og austleg-muslimsk sivilisasjon. Den norske regjeringa og Arbeidarparti-ungdomane på Utøya såg han som quislingar og kollaboratørar. Det var dei som sleppte «den muslimske invasjonshæren» inn i landet, forkledd som flyktningar og innvandrarar. Dei sosia­listiske multikulturalistane var Breiviks «jødar».

Den sosiale røynda. Det er tre omstende som krevst for at denne typen katastrofar skal kunna skje. Det må finnast menneske med nok fanatisme og hat. Men det må òg finnast tankesystem som kan organisera hatet logisk og politisera det. Endeleg må det vera knaggar i røynda som logikken og hatet kan hengjast på.

Med det meiner eg ikkje at den politiske valden er tufta på røyndomen, men at han fanatiserer noko verkeleg. Til dømes skjedde dei anarkistiske attentata i samfunn som var overmogne for endring. Etter den fyrste verdskrigen var Tyskland politisk øydelagt, moralsk audmykt og økonomisk knust. Arbeidarklassa som marxistane ville frigjera, var faktisk undertrykt og leid naud. Slike om­­stende i røyndomen gav grunnlag for den fanatiserte logikken som enda i drap på uskuldige menneske.

I Breiviks tilfelle har det vore snakka mykje om dei to fyrste omstenda, nemleg sjelelivet til drapsmannen og det antijihadistiske verdsbiletet som ser ut til å ha legitimert massedrapa for han. Det har vore lite snakk om den tredje saka, nemleg den sosiale røynda denne mannen tok utgangspunkt i, nemleg utviklinga av Europa og Noreg sidan 1970-åra til fleirkulturelle samfunn gjennom innvandringa, særleg frå muslimsk-kulturelle land.

Skulda er Breiviks. Det er ikkje merkeleg at dette har fått liggja. Tek ein det opp, vert det lett til at Arbeidarpartiet og innvandringspolitikken skulle vera «årsak» til det som hende i Oslo og på Utøya. Men då kan ein like gjerne seia at jødane sjølve var årsaka til holocaust, av di dei gjorde seg så sterkt gjeldande i austerriksk og tysk samfunnsliv og dermed provoserte tyskarane med framgangen sin innanfor økonomi, vitskap og kunst. Breivik drap dei politiske motstandarane sine. Det skal ein ikkje gje motstandarane skulda for. Heile skulda ligg på Breivik åleine. Men om ein vil sjå terroren som politisk og ikkje berre psykologisk, lyt ein òg sjå på den politiske konteksten. Då er det ikkje snakk om å fordela skuld, men å sjå om det finst sosiale omstende som auka sjansen for at noko slikt som 22. juli kunne henda.

Mutert nazisme. Eg meiner ikkje at undersøkinga av antijihadistisk ideologi og miljø er irrelevant. Tvert om meiner eg at den ideologien som kan utleiast av det svære kompendiet «2083» som Breivik sende frå seg rett før han sprengde bomba i regjeringskvartalet, er ein mutert eller modernisert nazisme. Denne ideologien inneheld svært mange av dei verksame elementa i den gamle nazismen, men i omgjord form.

Med unnatak for nokre små og marginaliserte miljø er gamal­nazismen ikkje lenger verksam. Dei fleste menneske er immune mot han, både på grunn av historisk kunnskap om kva som skjedde under Hitler, og fordi den gamalnazistiske ideologien retta seg inn mot den sosiale og psykologiske realiteten i 1930-åra, som ikkje finst lenger. Både det bolsjevikiske trugsmålet frå aust og det økonomiske, sosiale og psykologiske elendet i Tyskland etter den fyrste verdskrigen er no borte.

Men kampen mellom ideologiane som prega førre hundreår, er vorten avløyst av «kampen mellom sivilisasjonane». I Vesten er redsla for kommunismen vorten avløyst av redsla for islam. Innvandrarane har teke plassen dei vestlege kommunistane hadde som femtekolonne i ein kamp på død og liv mellom det frie Vesten og eit totalitært trugsmål frå det framande og barbariske Austen/Syden.

Rasekrig. Det mest potente innslaget i gamalnazismen, nemleg gruppe- og nasjonstenkinga innanfor trua på historia som rasekrig, speglar seg i antijihadismens stilisering av krigen mellom «kristen» og «islamsk» sivilisasjon, der innvandringa vert oppfatta som ein stille invasjon.

I denne «moderniserte nazismen» er det likevel ikkje muslimane som inntek rolla til jødane, iallfall ikkje berre dei. I Breiviks verdsbilete spelar muslimane òg den same rolla som bolsjevikane og russarane gjorde for nasjonalsosialistane. Dét ser ein av korleis «krigen mot terror» erstatta «den kalde krigen» mot kommunistane. Såleis som bolsjevikane var eit asiatisk-barbarisk, ytre trugsmål med sitt enorme folkehav tett på grensene til «Europa», omgjev no den arabiske verda Europa med sitt stigande folketal. Slik som mange menneske i førre generasjon oppfatta dei nasjonale kommunistpartia som kommunistanes forlengde hand i dei vesteuropeiske samfunna, slik oppfattar antijihadistane dei muslimske innvandrarane som ei arabisk femtekolonne i Vesten.

I antijihadismen er det dei multikulturalistiske politiske og intellektuelle elitane som spelar den rolla som jødane spela i nazismen. Nasjonalsosialistane gjekk etter jødane fordi dei vart oppfatta som ein lumsk og løynd indre fiende som hadde tilrana seg økonomisk, kulturell, journalistisk og politisk makt; det skulle vera jødane som undergrov motstandsviljen til folket og skapte det kulturelle forfallet som bana vegen for ei komande bolsjevikisk maktovertaking, nett slik antijihadistane no ser på «kulturmarxistane» og den politiske eliten som vegryddarar for det islamske kalifatet eller «Eurabia». I Breiviks augo var nedslaktinga av Arbeidarparti-ungdomane på Utøya det same som utlukinga av dei undergravande og livsfarlege «jødane» var for dei tyske nazistane.

Kritikk i vernedrakt. Det er ikkje urett å kalla eit slikt antijihadistisk verdsbilete for forvirra. Men det er samstundes rett å sjå det som fanatisert logikk tufta på visse innslag av røynd. Men kritikken av antijihadismen i Noreg etter 22. juli har vore lite argumentativ. Der ein har teke opp den såkalla «Eurabia-teorien», har ingen gått etter kjeldene som vert oppgjevne hos Bat Ye’or, Fjordman eller i «2083». Ein kan skjøna at få orkar å ta på seg eit slikt arbeid. Men det er òg lett å skjøna at dei som lever i skuggane utanfor ljoset frå ålmenta, vert styrkte i trua si på sanninga i Eurabia-teorien når ingen går til kjeldene for å undersøkja saka, men berre nyttar omgrepet som eit brennemerke på politiske motstandarar.

Det har vorte gjeve framstil­ling­ar av denne teorien av journalistar som ope går ved at dei ikkje har lese Bat Ye’ors bok. Når nokon ein sjeldan gong seier at dei har lese boka, vert ikkje innhaldet, men lesarens kjenslemessige reaksjonar skildra, som då ein kommentator fortalde oss at Eurabia er «den verste boka [han] har lest». Korleis trur ein dette vert oppfatta av dei truande?

Fleire intellektuelle og politikarar har snakka om at dei har forsømt seg når det gjeld å ta til motmæle mot dei som er imot «innvandring» og «islam». Men når dei no vil ta att det forsømde, vil dei ikkje gå i nokon verkeleg dialog med dei andre, men lokka dei fram for at dei skal «sprekka som troll i ljoset». Ein væpnar seg ikkje med argument, men med vernedrakt og insektmiddel. Er det nokon som trur at denne strategien skaper konvertittar frå antijihadismen til sosialdemokratiet?

Kan ikkje forby argument. Det har vore mykje snakk om å stansa hatefull tale retta mot «innvandrarar», «islam» og «muslimar». Men det er skilnad på primitive og ofte anonyme ytring­ar som uttrykkjer gruppehat, og reflektert tekst som kan vera sterkt kritisk til islamsk religion og islamske miljø og som argumenterer for at innvandringa frå islamske land trugar vestlege verdiar som fridom, menneskerettar osb.

Her kan ein nemna bøker som til dømes Bruce Bawers While Europe slept, Christopher Caldwells Reflections on the Revolution in Europe og Walter Laquers The Last Days of Europe. Ein bør òg nemna Jørgen Sandemoses Venstrefløyen og islam, som kritiserer islam frå eit marxistisk synspunkt. Slike bøker som argumenterer for synet sitt, kan ein ikkje forby om ein ikkje vil gje avkall på grunnleggjande verdiar i den vestlege verda og polarisera det politiske feltet endå meir. Dette er opplagt for dei fleste. Men det verkar ikkje som om så mange meiner at det er naudsynt å argumentera mot innhaldet i slike bøker, for ikkje å tala om å vera open for at forfattarane kan ha rett i noko som helst.

Eg meiner at ein må søkja opp dei innslaga av røynd i antijihadismen som kan gje menneske aha-opplevingar. Til dømes er det vanskeleg å finna heilt konkrete og heilt pålitelege tal på kor mange menneske med muslimsk-kulturell bakgrunn som lever i Europa i dag, og korleis desse tala venteleg vil utvikla seg i framtida. Når slike tal vert presenterte, varierer dei etter kven som presenterer dei. Ikkje sjeldan vert røynda noko endra med tal som passar til den politikken ein sjølv står for. Dermed gjev ein det antijihadistiske miljøet fritt spelerom til å laga sine eige tal. Ofte vert desse tala fanatiserte.

Etnisk angst. Når ein etnisk majoritet vert gripen av angst for å verta minoritet i «sitt eige land», vert det ofte konflikt. Borgarkrigen mellom protestantar og katolikkar i Nord-Irland hadde ei av årsakene sine i angsten hos protestantane for å verta forbigått i tal av katolikkane, som hadde større fødselstal og var i ferd med å gå over frå å vera minoritet til å verta majoritet. Kombinasjonen av demografisk nedgang for éi folkegruppe og høge fødselstal for ei anna gruppe, saman med nasjonalistisk mobilisering, bidrog sterkt til krig og etnisk reisning i Bosnia under borgarkrigen på 1990-talet. Motsette fruktbarheitstrendar hos hinduar og muslimar har lege bak dei valdelege åtaka frå hinduar på muslimar i India.

Eit historisk døme på den destruktive krafta i slik demografisk konkurranse, er utviklinga i det gamle fleirnasjonale keisarriket Austerrike–Ungarn, der den tysktalande folkesetnaden var stats- og kulturberande heilt fram til 1870-åra. Gjennom framveksten til nasjonalismen byrja riket å rivna etter dei nasjonale saumane. Brått miste den tysktalande folkegruppa det politiske og kulturelle hegemoniet sitt og måtte finna ein ny identitet som minoritet i sitt eige land. Dei reagerte med ei tysk-nasjonalistisk rørsle som skapte det politiske og kulturelle klimaet som lét dei fyrste formene av nazistisk ideologi veksa fram.

Korleis etnisk angst kan vera mobiliserande, kan ein òg få eit inntrykk av frå videoen «Muslim Demographics» på YouTube, som no er sedd av over 13 millionar menneske. Her vert fødsels- og innvandringstal lagde fram på eit suggestivt vis som kan overtyda mange om at heile Europa vil vera under muslimsk styre berre på nokre få tiår. Om ein jamfører denne videoen med Breiviks video, vil ein sjå at «Muslim Demographics», som avsluttar med den dramatiske erklæringa: «This is a call to action», nokså sikkert har vore det stilistiske førelegget for Breiviks produksjon.

Meir openheit.Ein kan spørja om det ikkje er gått for kort tid etter Utøya til å undersøkja så samstundes kjenslelause og sensitive saker som demografiske tal i samband med den fælslege massakren.

Men det er òg viktig at alle element som kan gje meir forståing, vert lagde fram før den fyrste runda i samtalen vert avslutta. Stoltenberg vil nok verta hugsa for det åndsnærværet som lèt han svara terroren mot det opne samfunnet med «meir openheit og meir demokrati». Men den norske ålmenta må fylgja opp desse orda med praksis.

I innvandringstala til Breivik og antijihadistane ligg førestellinga og overtydinga om at den «kvite» eller «kristne» majoriteten i Noreg og i Europa er i ferd med å verta etniske minoritetar i sine eigne land. Angst som minner om denne, finst i vide krinsar. Etter det ein kan lesa ut av det såkalla «integreringsbarometeret», meiner 54 prosent av folkesetnaden i Noreg at vi ikkje bør sleppa inn fleire innvandrarar til landet. Ei undersøking i «European Value Survey» frå 2008 syner at meir enn 40 prosent av dei spurde nordmennene i sterkare eller svakare mon opplever at «talet på innvandrarar vil utgjera eit trugsmål mot samfunnet».

Ideala om openheit og demokrati krev at vi ser nærare på det reint talmessige grunnlaget for denne angsten, særleg fordi dette grunnlaget er uklårt og omstridt. Vert det ikkje brei semje om innvandringstala, kan ein òg vera sikker på at dei vert fanatiserte eller overdrivne. Men trugande innvandringstal skaper meir angst og konflikt. Difor er det om å gjera å finna eit skikkeleg og felles saksgrunnlag for ein samtale som burde vera meir sakleg, meir open, meir langsiktig og inkludera fleire enn det som er tilfellet i dag.

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar
Kommentar #51

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

jeg drikker ofte

Publisert nesten 6 år siden

på grønland.har ikke sett dette.men det er selvfølgelig galt,hvis det er sant.og ramadam er kun for muslimer,ikke oss.

Svar
Kommentar #52

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

og jeg bor

Publisert nesten 6 år siden

i arendal og kona på grønland.er der en uke av hver tredje uke.og stortrives.

Svar
Kommentar #53

Nils Krister Larsen

288 innlegg  605 kommentarer

Vi er minoritet

Publisert nesten 6 år siden

Ikke noe land i Europa har mer enn 2% av verdens befolkning. Hele Europas befolkning utgjør ca 7% av verdens befolkning.   Jeg leser idag at Merkel ønsker seg for sitt land en mektigere rolle. Det handler om å hevde seg i forhold til land som kina, India og Brasil. Til dette trenger Merkel Europa. Dirk Kubbjweit skriver i sin utmerkede artikkel i der Spiegel denne uken at Merkel og Tyskland er villig til å slåss for Europa. Det diskuteres ikke islam versus kristendom, men overlevelse. Det handler om antall mennesker. Det handler om marked. Dette kan Europa gi Tyskland.I dag er kinesernes teknologi og krigerferdigheter på høyde med europeernes. Jo mindre de teknologiske forskjellene blir desto mer betyr tallene. Lille Bundeskanslerin Merkel føler i følge artikkelen avmakt og ydmykhet når hun møter statsminister Manmohan Singh somer statsleder for 1,2 milliarder indere.

Store land som India og Kina styres i liten grad av gudstro. Begge landene har sine porsjoner av de fleste religioner. Utfordringene ligger i utvikling. De viktigste ting ute i verden skjer der hvor kulturer og nasjoner sammenfiltres. Slik vi opplever det i mange av verdens store byer. I den spennende dynamikk som utvikler seg der hvor  folk møtes med mest mulig forskjellig bakgrunn. Jeg befinner meg idag i Potsdam. Her ble den første moskeen bygget på 17-tallet. Muslimske soldater som hadde slåss med prøyserne måtte få utøve sin tro. Av samme grunn fikk katolikkene sin kirke. Religion var en privatsak og ikke noe problem, men det var for snart 300 år siden - i opplysningstiden. I dag er alt annerledes. Vi er redde for våre skinn fordi vi ikke lenger vet hvem vi er eller hva vi skal tro. Vi er redde fordi vi har glemt hvordan vi skal be. Hvordan vi skal bry oss om hverandre. Fordi vi forholder oss ikke til hverandre. Her leser jeg i avisene at dersom hat kunne karakteriseres som galskap ville sykehusene være overfylte. Slik er jeg redd det forholder seg også i Norge. Det er mye hat i Norge. Lite medmenneskelighet. Våre store helt Jesus sier at vi skal elske våre fiender, men dette er vi ute av stand til. Og derfor har vi heller ingen anstendighet, identitet eller integritet. Vi vil alltid være på leting etter hatobjekter. I min barndom var det de vantro kommunistene som var fiendebildet. Nå har vi vendt oss mot våre trosfrender muslimene. Så vidt jeg vet tror muslimene på Allah - og allah betyr Gud.

Svar
Kommentar #54

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

jeg finner gud

Publisert nesten 6 år siden
Nils Krister Larsen. Gå til den siterte teksten.

Og derfor har vi heller ingen anstendighet, identitet eller integritet. Vi vil alltid være på leting etter hatobjekter. I min barndom var det de vantro kommunistene som var fiendebildet. Nå har vi vendt oss mot våre trosfrender muslimene. Så vidt jeg vet tror muslimene på Allah - og allah betyr Gud.

i vennligheten i laos og thailand.vi er gud og gud er i oss.jeg ser på ørkenreligionene via abraham som en tørr vandring.men gud er der i jødisk mystisisme,i kristen katolsk,og sufiene,de peker alle mot å se gud naken,uten bøker og dogmer.jeg har ingen hatobjekter,jeg misliker D.D.E og liknende sterkt,men hater ikke

Svar
Kommentar #55

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

hadde alle i norge

Publisert nesten 6 år siden

blitt droppet i mumbai-bombay med 12 millioner mennesker.hadde vi vært minoritet.lite lutefisk og brunost? perspektiv kan være litt lurt?

Svar
Kommentar #56

Georg Bye-Pedersen

19 innlegg  4533 kommentarer

Hei

Publisert nesten 6 år siden
Nils Krister Larsen. Gå til den siterte teksten.

Så vidt jeg vet tror muslimene på Allah - og allah betyr Gud.

Her tar du feil Jeg spurte en norsk biskop hva han mente om Gud er Allah. Her er hans svar:

Når ordet "Gud" oversettes til arabisk, så velger man ordet "Allah"

Så vidt jeg kjenner til, er det dette ordet man bruker i arabiske bibeloversettelser.

Bortsett fra selve ordet, er det imidlertid store forskjeller mellom den kristne og den muslimske forståelsen av Gud

For kristne er Gud treenig, samtidig som Jesus ber både sann Gud og sant menneske.

Dette kan som kjent ikke muslimer godta.

Jeg går utfra at biskopen lar meg gjengi dette. 

Svar
Kommentar #57

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

som betyr

Publisert nesten 6 år siden
Georg Bye-Pedersen. Gå til den siterte teksten.

Når ordet "Gud" oversettes til arabisk, så velger man ordet "Allah"

al ilah.det samme som hebraisk el.gud

Svar
Kommentar #58

Bjørn Erik Fjerdingen

101 innlegg  5711 kommentarer

Hvorfor snakker og skriver du om hat?

Publisert nesten 6 år siden
robert ommundsen. Gå til den siterte teksten.

skal hat gjerdet mellom oss og dem stå?finnmark??

Eier du ikke argumenter.  Hvem hater hvem?

Om ikke annet er ditt bidrag kun å forsøple forsøk på å debattere realiteter.

Svar
Kommentar #59

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

enhver som sier

Publisert nesten 6 år siden

oss og dem?

Svar
Kommentar #60

robert ommundsen

80 innlegg  4869 kommentarer

takk

Publisert nesten 6 år siden
Bjørn Erik Fjerdingen. Gå til den siterte teksten.

ikke annet er ditt bidrag kun

å forsøple søppel er interessant

Svar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Øivind Bergh kommenterte på
Internett gjør oss dummere
1 minutt siden / 4222 visninger
Tore B. Krudtaa kommenterte på
Internett gjør oss dummere
2 minutter siden / 4222 visninger
Øystein Gudim kommenterte på
Internett gjør oss dummere
12 minutter siden / 4222 visninger
Hans Petter Nenseth kommenterte på
Internett gjør oss dummere
16 minutter siden / 4222 visninger
Dag Løkke kommenterte på
Oslos nye biskop og verdier
29 minutter siden / 169 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Oslos nye biskop og verdier
33 minutter siden / 169 visninger
Tore B. Krudtaa kommenterte på
Internett gjør oss dummere
34 minutter siden / 4222 visninger
Øivind Bergh kommenterte på
Internett gjør oss dummere
34 minutter siden / 4222 visninger
Bjørn Blokhus kommenterte på
Fattigdom som ideal
40 minutter siden / 1757 visninger
Øystein Gudim kommenterte på
Internett gjør oss dummere
42 minutter siden / 4222 visninger
Mette Solveig Müller kommenterte på
Internett gjør oss dummere
rundt 1 time siden / 4222 visninger
Les flere