Verdidebatt

Sorteringssamfunnet er her

Det vekker sterke reaksjonar at Dissimilis-general Kai Zahl no opnar for genselektering av foster. Men er eigentleg genfeil ein mindre aktverdig motivasjon for abort enn at ein ikkje gidd å oppdra born?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har etter kvart blitt eit mantra frå mange verdikonservative politikarar å åtvare mot at vi kan få eit «sorteringssamfunn». Dette har eg aldri heilt forstått. Sorteringssamfunnet har jo eksistert i tusenvis av år. Det oppstod i Kina i år 500 f. kr., har eksistert i hundrevis av år også her i landet, og vart brakt inn i lovlege former 11. november 1960. Då vart abortlova vedteken i Stortinget.

Det vi innførte i 1960 var likevel ikkje eit vilkårslaust sorteringssamfunn. Ein måtte søkje ei nemnd om løyve til å gjennomføre abort, og visse vilkår måtte vere oppfylt. At ein del fekk avslag på søknadane sine gjorde likevel ingen stor skilnad. Ei undersøkjing i 1973 viste nemleg at halvparten av ugifte kvinner i Oslo som fekk avslag om å utføre abort, fekk den utført illegalt i staden.

Det vilkårslause sorteringssamfunn
Dette, samt store regionale skilnadar i abortpraksis, var mykje av grunnen til ein i 1978 vedtok lova om sjølvbestemt abort. No skulle ikkje lenger kvinner som hadde «havna i uløkka» møte med lua i handa framfor abortnemnder, og deretter vente på dommen frå dei høge herrar. No skulle valet tilhøyre kvinna sjølv. Eit stort framsteg, vil dei fleste meine.

Det vilkårsbaserte sorteringssamfunnet som vart innført i 1960, vart dermed erstatta av det vilkårslause sorteringssamfunnet i 1978. No kunne kvinner ta abort før 12. veke i svangerskapet, utan at nokon har rett til å stille spørsmål ved motivasjonen bak avgjersla. Motivasjonen kan vere at kvinna har ein vanskeleg livssituasjon, at ho ikkje ser seg i stand til å ta vare på eit barn, eller rett og slett at ho har meir lyst til å reise jorda rundt og realisere seg sjølv enn å skifte bleier.

Brutalt? Ja visst. Eg støttar abortlova, men har ingen problem med å sjå dei etiske problemstillingane den reiser. Det er ikkje noko fasitsvar på kva eit liv eigentleg er, og sjølv om eg meiner argumenta for sjølvbestemt abort veg tyngre enn motargumenta, kan eg forstå folk som argumenterer mot abort på prinsipielt grunnlag.

Foreldra må ta valet, ikkje politikarar
Det eg derimot ikkje kan forstå, er politikarar som set seg til doms over kva motivasjon foreldre har for å velje abort, eller kva fakta dei skal få lov til å basere valet sitt på.

Det er nemleg det diskusjonen om genselektering av foster eigentleg handlar om. Den har blussa opp igjen denne veka, etter at Kai Zahl gav ut boka «Skal vi velge livet?», der han går ut og gjev si støtte til foreldre sin rett til informasjon om eventuelle genfeil ved foster. Zahl er mest kjent som grunnleggjaren av Dissimilis, ein organisasjon som aktiviserer menneske som er psykisk utviklingshemma. Han har også sjølv ein son som er sterkt psykisk utviklingshemma. Til Dagbladet seier Zahl: «Jeg skjønner at konsekvensen [av genselektering] kan bli at langt færre psykisk utviklingshemmede barn blir født, men det er et valg far og mor må ta».

Her treff Zahl spikaren på hovudet. Å velje abort er nemleg eit ufatteleg vanskeleg val, vanskelegare enn nokon som ikkje har vore gjennom det kan forestille seg. Men det er eit val som må vere opp til foreldra, ikkje til politikarar.

KrF på ville vegar
Som svar på utspelet frå Zahl, seier KrF-politikar Laila Dåvøy: «Jeg blir lei meg når jeg leser det Zahl skriver (…). Jeg er en politiker som først og fremst tenker på barna. Jeg har til dags dato ikke truffet noen som har sagt «jeg ønsker jeg ikke ble født».

Dette er ein retorikk som nok er eigna til å lokka fram tårer i augekroken hos mange. Men bringer det eigentleg diskusjonen vidare? Kva med alle dei friske borna som aldri vart født, kva «ønskte» eigentleg dei? Argumentet til Dåvøy er eit argument mot abort som sådan, ikkje mot foreldra sin rett til å ta eit informert val.

Vi skal ha respekt for det vanskelege valet det er å avslutte eit svangerskap. Men vi skal også ha respekt for foreldra sitt ynskje om å ta ei informert avgjersle. Eg vil ikkje setje meg til doms over kva motivasjon foreldre har for å velje abort. Dette valet er nemleg så vanskeleg, at eg ikkje vil gjere det på vegner av nokon som helst. Eller som Unge Venstre skriv i sin politiske plattform: «Spørsmål om liv og død befinner seg i den delen av det politiske landskapet der det er vanskelig å finne gode og endelige politiske svar. Unge Venstre mener at slike spørsmål berører noe av det innerste i menneskene, og at det derfor i stor grad er den enkelte borger som må velge sin retning».

Bør få tilgang til fakta
I og med at vi allereie har opna for at kvinner som ikkje gidd å oppdra born kan velje abort; korleis er det mindre aktverdig at kvinner som ikkje vil oppdra eit psykisk utviklingshemma born kan gjere det same?

Sorteringssamfunnet er her allereie. Det kan ein vere for eller mot. Men så lenge sjølvbestemt abort er lovleg, kan det vanskeleg argumenterast for at foreldre ikkje skal få tilgang til alle fakta før dei tek sitt val.

Eit val som for dei fleste er det vanskelegaste dei nokon gong må ta.

Innlegget er også publisert på minervanett.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt