Verdidebatt

Vin gjer kristne til «elleville kalvar i vårsleppet»

I TV-programmet Skavlan fredag fortalde far og son Andersson og My Skarsgård om vegen inn i og til slutt ut av eit rusgrep.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Benny Andersson, ein av dei fire frå ABBA, fortalde i Skavlan bestemte seg for å søkje hjelp ldå han forstod at dersom han heldt fram med å drikke, var risikoen stor for  at han ville miste alt han hadde: Familie, hus, bil, båt....

– Det spelar, sa Benny Andersson, ingen rolle kven du er når du er fanga av alkoholen.

I dag er det ni år sidan han slutta å drikke, og det beste han har gjort er nettopp å vende alkoholen ryggen.

Sonen Ludvig Andersson avslørte i programmet at  også han hadde vore alkohol- og rusmisbrukar. Han arva det av foreldra. Ludvig har vore tørrlagt i sju år.

Rusvegen starta då han var 14 år. Som 22-åring sat han så fast i misbruket av alkohol og narkotika – «eg tok alt som var å få tak i» – at han måtte ha hjelp på ein klinikk hos Anonyme Alkoholikarar.

Frå vin til maten. Alle som sat benka framfor TV-skjermen med vinkartongar eller flasker og glas, fekk usminka historier frå ressurssterke menneske om ei krise som starta med vin til maten.

Ludvig Anderssons klare melding om kva ulukke han arva frå foreldra som 14-åring, burde skremme vinskvetten av nokon kvar midt på beste fredagskvelden.

Eg håpar mange kristne såg Skavlan fredag. I mange urbane krinsar er det flust med aktive kyrkjegjengarar som oppfører seg som elleville kalvar under vårsleppet når dei ser ein vinkartong eller ei flaske frå Polet. Kven av desse inviterer Ludvig Andersson som festkåsør under neste 50-års lag?

Ruskreftene. EU nektar Noreg å halde fram med forbodet mot TV-sendt reklame frå London. Dersom styresmaktene i Storbritannia ikkje vil komme oss til berging, er det fritt fram for alkoholkommersen. 14-åringar kan fritt ta imot arven gjennom reklamen, slik Ludvig Andersson tok imot sin arv frå ein alkoholglad far for 15 år sidan.

Her handlar det om fri flyt av vin og sprit. Men kor mange vitnesbyrd frå folk som Benny og Ludvig på fredagskvelden må til før ruskreftene vert tøyla?

Ruskreftene

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt