Verdidebatt

Paulus-falsk eller ekte

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har alltid teke det for gitt at Paulus var ein apostel ein kunne stola på.

Bøkene hans er med i  det nye testamentet.

Mange ting av det han skriv har eg ikkje fått heilt til å passa med det Jesus seier.

Jesus legg veldig vekt på at "lova og profetane" gjeld så lenge kloden står.

"Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19 Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket. 20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket." Matteus 5

Paulus er med på å riva ned dette og gjera ting ullent.

Pga Paulus er synet på Israel utvatna og uklart.Mange trur no at Israel er kyrkja eller dei kristne.

Dei ser ikkje at Gud har eit bokstavleg folk i det bokstavlege landet Israel.

Kviledagen vert tvilsam.

Paulus seier: "Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar." 1 Kol  2,16

Esaias seier:

"For liksom den nye himmelen
        og den nye jorda som eg skaper,
        alltid skal stå for mitt åsyn,
        så skal òg dykkar ætt og namn stå seg,
        lyder ordet frå Herren.
    23 Kvar nymånedag, frå månad til månad,
        og kvar sabbatshelg, frå veke til veke,
        skal alle menneske koma
        og bøya seg og tilbe meg,
        lyder ordet frå Herren." Esaias 66,22

Det fjerde bodet seier:

"Kom kviledagen i hug, så du held han heilag!  9 Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning. 10 Men den sjuande dagen er sabbat ,for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine. 11 For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag." 2 Mosebok 20

Mat og drikke. Ein får inntrykk av at ein kan eta alt i "den nye pakt".

Kva står det om dei som skal arva Guds rike?

"Dei som helgar og reinsar seg
        når dei går til hagane
        i lag med ein som går i midten,
        dei som et svinekjøt,
        mus og annan styggedom,
        dei skal alle gå til grunne,
        lyder ordet frå Herren."Esaias 66,17

Eg siterer frå lova (mosebøkene) og profetane. Jesus seier at dei gjeld så lenge kloden står.

Jesus advara mot at det ville koma falske forkynnarar inn blandt dei kristne. Eg trur Paulus er ein av dei.

Jesus utvalde seg 12 apostlar. Ein fall frå -Judas. Han vart erstatta , men ikkje av Paulus.

Paulus gjer krav på å vera apostel.

Paulus si historie om korleis Gud kalla han er svært tvilsam og har fleire merkelege motsetnader,slik videoen ovanfor forklarar.

Om kretarane siter Paulus:

Ein av deira eigne, ein profet, har sagt: «Kretarar har alltid vore løgnarar, råe villdyr, grådige og late!»  Titus  1,10

Kvar er desse orda til "profeten" tekne frå?

Paulus skriv mykje bra,men inne i mellom ligg gifta.

Nokre vil sikkert sitera Peter sine ord om Paulus:

"Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdomen han har fått. 16 Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er noko der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og veike forvrengjer det, slik dei òg gjer med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang." 2 Peter 3,16

Videoane forklarar Jesus sine ord i Johannes 21,18:

"Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt