Verdidebatt

Er kritikken av bloggaren ”Fjordman” berre basert på fakta?

Både Vårt Land og Holocaust-senteret meiner at religionskritikk bør vere basert på fakta, men då bør vel også kritikken av kritikarane vere det?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I Aftenposten 7. august skriv forskar ved Holocaust-senteret, Cora Alexa Døving, om islamofobi. Ho seier der at religionskritikk bør ha ein konkret mottakar, vere saksorientert, tydeleg og konstruktiv. Leiaren i VL 8. august håper også på "en islamkritikk som er mer faktaorientert".

Fakta eller karakteristikkar?
Ein debatt basert på fakta er ønskjeleg i ein kvar samanheng, og då også i diskusjonen om "Fjordman", som har blitt prügelknabe for fleire journalistar siste dagane. Jon Magne Lund kallar han "En naiv blogger, ...som synes ute av stand til å reflektere over rekkevidden av den smule forfatterskap han har bedrevet" og seier at "hans skriverier preges av et hat som er destruktivt i enhver samfunnsdebatt". Ander Giæver i VG omtalar "Fjordman" som "en rabiat, hatefull viking", som "ødela alle spirer til ordentlig debatt med det monomane gnålet sitt", og av frilansjournalist Øyvind Strømmen blir han stempla som fascist.  Alt dette ber meir preg av karakteristikk av personen bak pseudonymet enn av motargument mot synspunkta han har sett fram.

Personen bak "Fjordman"
20. november 2003 klipte eg ut og tok vare på ein kronikk i Sunnmørsposten, "Om islam og ytringsfrihet", skriven av student Peder Are Nøstvold Jensen. Eg fann temaet interessant og kronikken velskriven. Han viser der til boka "Hvorfor jeg ikke er muslim" av Ibn Warraq, som omtalar "Bat Ye'or" og hennar forsking om "dhimmi"-status, og spør om slike haldningar kan vere ei delforklaring på eit overfall, utført tidlegare på året av femten unge norsk-pakistanarar i Oslo . Eg visste ikkje at Nøstvold Jensen på det tidspunktet alt hadde studert arabisk i fleire år og til saman budd meir enn to år i Kairo og Hebron. Det han skreiv avslørte likevel gode kunnskapar og ein polemisk stil; begge delar typisk for "Fjordman", pseudonymet han brukte frå 2005. No har vi også, via VG/Sunnmørsposten, fått vite at det var forskjellen mellom arabisk og vestleg reaksjon på terroråtaka 11.09.01 som skapte denne islamkritiske skribenten. Nøstvold Jensen reagerte til dømes på at naboane i Kairo feira hendinga med kakefest. Når vestlege media så bagatelliserte den arabiske reaksjonen, byrja han å tru dei mangla mot og vilje til å fortelje sanninga. Skepsisen fekk næring då han sjølv byrja skrive om islam, men vart refusert, sensurert eller skulda for "monomant gnål". Det var såleis ikkje utan grunn at han byrja å blogge.

Bevisst demonisering??
Eg har ikkje lese så mykje av "Fjordman" at eg kan gjere meg opp ei sjølvstendig meining. Men eg ser at fleire sitat frå hans penn er tatt ut av sin samanheng. Og somme kommentarar er svært klanderverdige. Eg tenkjer på det direktør for Holocaust-senteret, Odd-Bjørn Fure, seier til VL 5. august: "Jeg oppfatter tekstene til "Fjordman" som i beste fall tvetydige når det gjelder oppfordring til vold. Dette dreier seg om en politisk tenkemåte som dehumaniserer store sjikt av befolkningen. Man mener at store sjikt av landenes eliter må utryddes, siden de tilhører en kategori av forrædere fordi de skal ha lagt landet åpent for islamisering."  Legg merke til forandringa av subjektet frå setning til setning, som til slutt gjev inntrykk av at "Fjordman"/Nøstvold Jensen har skrive at store delar av befolkninga i Europa bør takast av dage. Ein uhyrleg påstand, som Fure eller VL enten må dokumentere eller dementere.

Er "Eurabia" ein rein konspirasjonsteori?
Frå VL sin leiar 8. august vil eg også sitere følgjande: "Noe av det mest destruktive er alle de konspirasjonsteoriene som terroristen og personer som bloggeren Fjordman har forgiftet debatten med. Hvor finnes fnugg av belegg for at EU og ledende politikere i vårt eget land arbeider for et "Eurabia" og har inngått en avtale med arabiske krefter om å underkaste seg krav fra islam?"  No er ikkje denne "konspirasjonsteorien" Nøstvold Jensen sitt påfunn. "The Eurabia Code", som han skreiv som "Fjordman" er berre eit samandrag av "Eurabia: The Euro-Arab Axis" (2005) av Bat Ye'or (pseudonym for Gisèle Littman). Eg har ikkje lese sjølve boka, men eit resymé av "Den euro-arabiske dialogen" frå 1973 og framover vart alt gitt av Oriana Fallaci i "Fornuftens styrke" (2004), frå side 138-177. Fallaci byggjer på dokument ho hadde fått av Bat Ye'or, m.a. den såkalla Strasbourg-resolusjonen. Frå denne siterer ho fleire punkt: "Det må fra nå av utformes en politikk på lang og mellomlang sikt som i første rekke tar sikte på en utveksling hvor man bytter europeisk teknologi mot arabisk olje og arbeidskraft." Vidare blir det understreka kor nødvendig det var å "skape et fordelaktig klima for immigrantene og deres familier gjennom pressen og de forskjellige informasjonsorganer" og "prise det bidraget som den arabiske kulturen har gitt til Europas utvikling ved pressens og den akademiske verdens hjelp". Ekspertkomiteen brukte følgjande formulering: "Sammen med den ukrenkelige retten til å utøve sin religion og vedlikeholde tette bånd til sine hjemland, har immigrantene rett til å ta med seg sin kultur til Europa og spre og utbre den her."

Hallgrim Berg si vurdering av den euro-arabiske dialogen
For dei som trur meir på norske kjelder, vil eg vise til side 17-23 i Hallgrim Berg si bok, "Amerikabrevet: Europa i fare" (2007), der han skildrar sin kontakt med den euro-arabiske dialogen, då han møtte som utsending til parlamentarikarforsamlinga i Europarådet i Strasbourg hausten 1991. Emnet for debatten var "Det islamske bidraget til europeisk sivilisasjon". På førehand hadde Kultur- og utdanningskomiteen behandla rapporten og framlegga på eit seminar i Jerusalem og eit kollokvium i Paris. Bakgrunnen for boka til Berg er innlegget han heldt i Strasbourg, sitert og rosa av Fallaci som einaste kritikken ho hadde sett mot denne "dialogen" i alle dei dokumenta ho hadde gått gjennom. For Berg sin konklusjon i Strasbourg var krystallklar: "Dette er ingen dialog. Det er ein monolog i islams favør... Denne rapporten er ikkje eit kulturelt dokument. Det er eit politisk dokument som ikkje tener til anna enn å fremja islamske interesser i Europa." Hallgrim Berg viser også til "Fjordman", som i "The Eurabia Code" "samanfattar det Bat Ye'or har forska og skrivi, og fører opp linkane som viser til dei dokumentariske kjeldene ho nyttar. Blant dei er offisielle EU-dokument, som legg føringar for ei utvikling som har til føremål å omskape Europa, det arabiske Nord-Afrika og Midt-Austen til ei samla eining, kulturelt, politisk og økonomisk!"

Kven skal ein stole på?
Eg har verken føresetnader for å gå god for eller gå i mot framstillinga til Fallaci, Littman, Berg eller Nøstvold Jensen, for alle fire har gode kunnskapar om emnet, medan mine er heilt fragmentariske. Men leiarskribenten i Vårt Land, som spør "hvor finnes fnugg av belegg" for det dei påstår er ein konspirasjonsteori, bør kanskje også studere dette nærare. Det er neppe nok å lite på førsteamanuensis i religionsvitskap ved NTNU, Asbjørn Dyrendal, eller frilansjournalist og bloggar Øyvind Strømmen, som blir førte som sanningsvitne i saka. Dyrendal "forklarer at argumentasjonen ofte er preget av hat og forakt for andre, ekstreme påstander og fornektelse av data...Den rasjonelle tilbakevisningen henviser til data, statistikk og komplekse årsakssammenhenger." Dette er ikkje mi erfaring når det gjeld til dømes innvandringsdebatt. Eg viser til mitt eige innlegg: Innvandring. Ei oversikt. Det er spekka med fakta. Eg synest det er dei innvandringsliberale som ofte brukar kasuistikkar i staden for argument, til dømes i asyldebatten, og tek opp att påstandar dei ikkje kan bevise.

Når det gjeld Øyvind Strømmen, kallar han EU for "one of the largest democratic experiments in world history" ("eit av dei største demokratiske eksperiment i verdshistoria"), medan mykje av kritikken mot EEC/EF/EU i norsk debatt har gått nettopp på manglande demokratisk kontroll med EU-kommisjonen, som styrer unionen, og byråkratiet i Brussel, som kjem med stadig nye direktiv. Strømmen hevdar at "Fjordman" ikkje berre er anti-islamsk, men også anti-vestleg, fordi han så sterkt kritiserer EU og europeiske styresmakter, at han er rasistisk fordi han kallar USA "The Diversity Empire" og ein spreiar av multikultur, og at han er neo-fascist fordi han samarbeider med slike grupper og dessutan er ein revolusjonær nasjonalist; alt i følgje Strømmen. Som eksempel på "Fjordman" sin framtidspessimisme har Strømmen sitert  spådomen hans om at EU vil falle frå kvarandre innan 30 år, og at USA på grunn av aukande gjeld neppe vil overleve dette hundreåret som samla statseining. Slikt kan sjølvsagt ingen vite, men finansuroa siste tida gjev større grunnlag for å tru på politiske forandringar enn på status quo.

For dei som manglar reell makt og heller ikkje får respons frå media og styresmakter, er det lett å ty til stadig skarpare formuleringar i von om å bli høyrd. Men det er ein balansegang. Blir kritikken for hard og skuldingane for sterke, vekkjer det berre motstand. Det burde vi tatt oss ad notam, nokon kvar, både Nøstvold Jensen, tradisjonelle media og vi bloggarane på Verdidebatt, underskrivne medrekna.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt