Verdidebatt

Når startar livet?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Gi meg eit svar.

Eg kan sei hundre prosent sikkert at det ikkje finst ei sjel som kan svare meg på når livet startar. Derfor kan heller ingen sitje ei grense for når ein kan fjerne eit foster frå mors mage. For er det greit å fjerne eit foster, dersom det allereie er liv? Og når startar i så fall livet?

Etter 3 veker startar hjartet til fosteret å slå. I dag er det lov å ta abort i Noreg fram til 12 veker har gått av svangerskapet. Kvifor akkurat etter 12 veker? Kvifor skal det vere grensa? Er det slik at det vert liv plutselig då fordi at Arbeidarpartiet meinar det er slik? Kva med dei i FrP då, som meiner livet ikkje startar før etter 18 veker og vil flytte abortgrensa slik?

16 500 abortar i fjor. Det er ein middels norsk by. 16 500 menneske som aldri fekk møta dagslyset. Visste du at med dagens aborttal er det meir sannsynleg å overleva i dei mest krigsherja områdene i verda, enn i mors mage? Mors mage som skulle vera den tryggaste staden på jord.

Abort er vanskeleg og grunnane til å ta abort kan vera forskjellige og mange. Eg har forståelse for at kvinner skal ha rett til å bestemma over sin eigen kropp. Men inneber den retten til å bestemma over sin eigen kropp også retten til å ta liv? Eller, er det ikkje liv? Kven har i så fall ei klar grense for kva som er liv, og kva som ikkje er det?

Eg vil ha svar. Eg vil ha svar frå dei som meiner at abort er greit. Dei må svara meg på når livet startar og kvifor det er slik. For eg meiner at livet allereie har starta når hjartet slår i eit foster. Og dersom svaret er at "vi ikkje veit", då vil eg spørra meg om vi skal risikera å ta liv - når vi ikkje veit om det er liv. Er nokon ueinige i det?

Så, når startar livet?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt