Verdidebatt

Slektsregisteret

Bokstavleg forteljing

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kvifor prøver og mange kristne å bortforklara bibelens slektsregister i 1 Mosebok 5 ?

Menneskeætta før storflaumen


5Dette er boka om Adams-ætta. Den dagen Gud skapte mennesket, skapte han det i Guds bilete. 2 Til mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske, den dagen dei vart skapte.
3 Då Adam var 130 år, fekk han ein son som var så lik han som hans eige bilete, og han kalla han Set. 4 Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. 5 Heile levetida åt Adam vart 930 år. Så døydde han.
6 Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj. 7 Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer. 8 Heile levetida åt Set vart 912 år. Så døydde han.
9 Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan. 10 Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer. 11 Heile levetida åt Enosj vart 905 år. Så døydde han.
12 Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel. 13 Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer. 14 Heile levetida åt Kenan vart 910 år. Så døydde han.
15 Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared. 16 Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer. 17 Heile levetida åt Mahalalel vart 895 år. Så døydde han.
18 Då Jared var 162 år, fekk han sonen Enok. 19 Etter at Jared hadde fått Enok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer. 20 Heile levetida åt Jared vart 962 år. Så døydde han.
21 Då Enok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah. 22 Enok ferdast med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer. 23 Heile levetida åt Enok vart 365 år. 24 Enok ferdast med Gud. Så vart han borte, for Gud tok han til seg.
25 Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek. 26 Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer. 27 Heile levetida åt Metusjalah vart 969 år. Så døydde han.
28 Då Lamek var 182 år, fekk han ein son. 29 Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i arbeidet vårt og i alt vårt slit og slep med den jorda som Herren har forbanna.» 30 Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer. 31 Heile levetida åt Lamek vart 777 år. Så døydde han.
32 Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Kam og Jafet."

Det er enkle og tydelege skildringar.

10 generasjoner er det frå Adam ned til Noah.

Det er historiske personar .

Om Enok står det i Judas brev.

Det var om desse Enok, Adams etterkomar I SJUANDE LEDEN spådde då han sa: «Sjå, Herren kjem med sine heilage i tusental.15Han vil halda dom over alle og straffa alle menneske for deira ugudelege gjerningar, og for alle harde ord dei har tala mot han, desse gudlause syndarane.»

Enok -NR 7 er og eit bilete på desse som ikke skal oppleva døden, men leva når Yeshua kjem.

Judas har teke dette han skriv frå Enoks bok.

I Enoks bok vert det og forklara dette enkle prinsippet med dei 6000 åra som vert følgd av 1000-årsriket.

I Jasers bok som er omtala i bibelen vert historien om korleis Noah saman med Metusalem forkynte før flommen omtala.

”And Noah and Methuselah spoke all the words of the Lord to the sons of men, day after day, constantly speaking to them.

But the sons of men would not hearken to them, nor incline their ears to their words, and they were stiffnecked. And the Lord granted them a period of 120 YEARS, saying, If they will return, then will God repent of the evil, so as not to destroy the earth.”

Syndefloda som me ser spor etter over alt kom 1656 år etter Adam.

KVIFOR må kristne BORTFORKLARA bibelens tydelige ord ?

Yeshua seier:

Han svara: «HAR DE IKKJE LESE AT Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne  5 og sa: ' Difor skal mannen forlata far og mor og halda seg til kona si.."

Slik står det:

"Så lét Herren Gud ein tung svevn koma over mannen. Og medan han sov, tok han eit av sidebeina hans og fylte att med kjøt.22 Av det sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han leidde henne bort til han. 23 Då sa mannen:
        «Dette er då bein av mine bein
        og kjøt av mitt kjøt.
        Ho skal kallast kvinne,
        for ho er teken av ein mann.»
    24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.
    25 Dei var nakne, både mannen og kona hans, og dei blygdest ikkje."

HAR DE IKKJE LESE?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt