Verdidebatt

ROM for den andre part...?

Er det verkeleg slik at det ikkje er praktisk yrkesforbod for prestar som vil halda på klassisk kristendom?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I fylgje Vårt Land seier biskop Halvor Norhaug at det ikkje er snakk om å byrja med oppseiingar av Carissimi-prestar. "Jeg vil understreke at ingen biskop har tenkt å foreta seg noe i retning av en oppsigelsesprosess mot Carissimi-prestene," seier han. Men så seier han noko vesentleg, og det er at biskopane "vil markere at det for en kirke er uakseptabelt å bryte nattverdfellesskapet." Og at dei "vil gjøre dette klart overfor vedkommende prester."

Slik tolker eg dette: Ja, det kan sikkert stemme at det ikkje er snakk om oppseiingar for dei som allereie er prestar i Dnk. Men eg kan ikkje tolke denne teksten på ein annan måte enn at ein person med Carissimi-overtyding, ikkje kjem til å få verte ordinert i Dnk. Det betyr rett og slett at Dnk ikkje lenger har rom for folk som faktisk står for klassisk kristendom.

Biskopane snakka her om 'rom for den andre part.' Eg byrjar å tru at det dei eigentleg meiner, er at dei andre bør svømje over Tiberen, til Rom. Då vert det Rom for den andre part.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt