Verdidebatt

Carissimi

Kva dreier Carissimi-saka seg om? Er det eit spørsmål om forholdet mellom forskjellige syn på homofilt samliv eller eit spørsmål om spesielle syn på homofilt samliv er kyrkjesplittande?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når ein les dei forskjellige innlegg i Carissimi-saka, blir ein forvirra. Kva dreier denne saka seg om? Det ville vera fint om aktørane gjorde dette klart.

Så langt eg har oppfatta det, meiner Carissimi at biskop Erling Pettersen og eventuelle meinigsfeller fer med vranglære, heresi, og difor ikkje er ein del av den sanne kyrkja. Dei har splitta av frå den lutherske kyrkja og i realiteten danna eit avvikande kyrkjesamfunn. Av den grunn kan Carissimi ikkje motta nattverd frå slike biskopar og prestar, og heller ikkje dela ut nattverd med dei. Vidare kan dei ikkje stå under biskoppeleg tilsyn frå slike.

Men journalistar har framstilt det slik at saka dreier seg om forskjellig syn på homofilt samliv. Der finst i Den norske kyrkja to syn som ikkje kan sameinast, men som er gjensidig motstridande. Etter denne framstillinga representerer Carissimi eitt syn, som dei vil ha anerkjenning for, og det betyr tilsyn av biskopar som dei kan godta og nattverdfellesskap med embetsberarar dei kan godta.

Det er ikkje nytt at det finst fleire syn på homofilt samliv i kyrkja. Så journalistane si framstilling verkar som repetisjon av dei siste års debatt. Men det som kanskje er nytt, dersom eg har oppfatta dette korrekt, er at Carissimi hevdar at eitt syn på saka er kyrkjesplittande, og må få drastiske konsekvensar. Dersom saka dreier seg om dette, er det forståeleg at biskopane, med forskjellig syn på homofilt samliv, er eninge om at Carissimi ikkje kan få alternativt tilsyn.

Spørsmålet om eitt syn er kyrkjesplittande vart lagt fram av biskop Sigurd Osberg for lærenemnda, og fekk som svar at hans syn i alle fall ikkje er vranglære og kyrkjesplittande. Kva er så nytt i Carissimi sin argumentasjon?

Eg ville setja pris på klargjering av kva denne saka dreier seg om.

Magnar Kartveit

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt