Solveig Johanne Grønstøl

75    349

Brems!

Eg var på veg til jobb i går, og var litt seint ute, som vanlig. Eg vart liggande rett bak ein pumpebil eit stykke på vegen. Trafikken var litt tett, og eg ergra meg litt over at eg ikkje kunne lære meg å komme meg av garde litt tidlegare. Tankane kretsa på alt mellom himmel og jord, då eg brått høyrte ei stemme seie: “BREMS!

Publisert: 12. mar 2011 / 3 visninger.

Ikkje ligg så nær den bilen.” Eg bremsa, og lot bilen foran få ei god luke. Så skjedde det, nokre få sekund etter at eg hadde fått god avstand. Han kom for langt ut på kanten og begynte å få sleng på seg. Eg hadde hjertet i halsen, for dette var ikkje første gang eg såg ein stor bil køyre ut. (For nokre år sidan var eg vitne til ein tankbil som føyk gjennom lufta rett foran augene mine.) Heldigvis vart ingen andre truffe, og pumpebilen endte i bergveggen med passasjersida inntil. Eg fekk god tid til å bremse, og stoppa bilen, før eg la på sprang. Føraren var uskadd og i fin form. Heldigvis. “Eg trur du må finne deg nokon som kan hjelpe deg å få bilen opp igjen” stotra eg litt klønete. Akkurat som om han ikkje visste det. Det gjekk godt. Men det kunne gått skikkelig gale.

Kva hadde skjedd om eg ikkje hadde bremsa i forkant av denne ulykka? Det hadde nok gått bra det og, slik det heile fortonte seg, men eg hadde nok fått meg ein langt større støkk. Fordi eg høyrte på stemma, fekk eg god tid til å reagere.

Lytt til kropp og sinn! I livet går vi somme tider på skikkelige smellar. Om vi hadde lytta til den indre stemma som seier “BREMS!” kunne vi kanskje unngått ein del plunder for oss sjølv. For det handlar ikkje så reint lite om å lytte, både til kropp og sinn. Mange ganger slit vi oss ut fordi vi ikkje er flinke å lytte til kroppen vår. Mange undertrykker signal i årevis, og ender opp med hjerteinfarkt, høgt blodtrykk, eller kanskje depresjonar og angst, eller dei vert utbrent og må bruke årevis på å kome seg på fote att.

Eg trur englar var inne i bildet i går. Det står noko i bibelen om at “Herrens englar leirar seg omkring dei som fryktar Gud, og frir dei ut av fare”. Eg trur det var det som skjedde. Eg fekk eit forvarsel om at noko holdt på å skje. Heldigvis gjorde eg som stemma sa. Alt for ofte neglisjerer eg den.

Av og til treng vi hjelp med å bremse. Livet går rett og slett for fort, og vi blir fartsblinde. Og mange gonger skjøner vi det ikkje før vi har havna ulykksalig i bergveggen. Det er alt for mange som er å betrakte som råkøyrarar på livets landeveg. Det går som regel ikkje bra. Ein dag får vi smake konsekvensen av dårlige valg, og mangel på sjølvinnsikt og ærlighet.

Skulle vi kanskje bli flinkare å ta vare på kvarandre, og oppfordre kvarandre til å bremse  ned. Om vi skal kunne nyte livet litt, må vi og sakke ned farta av og til, og sjå oss rundt. Når farta er høg mistar fargane ute både glød og substans. Alt går i ett liksom. I høg fart er det vanskeleg å sjå det vakre i livet.

Så brems ned, og lev og nyt livet. Du kjem fram, sjølv om farta er lavare. For mange er det desverre et spørsmål om liv og død, om helse eller ikkje helse. Og det er ikkje alltid råkøyrarane kjem fram i det heile tatt. Så det er kanskje god grunn til å sette foten på bremsa litt oftare?

 

og publisert på www.solveiggronstol.no

Svar

Bli med i debatten!

Skriv gjerne ditt synspunkt! Du må være registrert med fullt navn, og innlogget for å delta. Sett deg inn i retningslinjene. Brudd på dem kan føre til utestengning.
Vennlig hilsen Alf Gjøsund, religions- og debattredaktør Vårt Land

Skriv kommentar

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Njål Kristiansen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 5 timer siden / 1174 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 5 timer siden / 155 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 6 timer siden / 1174 visninger
Oddbjørn Johannessen kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 6 timer siden / 155 visninger
Randi TunIi kommenterte på
Er Gud urettferdig - tier Gud i dag - skjuler Gud seg?
rundt 6 timer siden / 183 visninger
Knut Nygaard kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 6 timer siden / 155 visninger
Kåre Kvangarsnes kommenterte på
Polariseringens pris
rundt 6 timer siden / 155 visninger
Asbjørn E. Lund kommenterte på
Intelligent Design kontra darwinisme
rundt 7 timer siden / 6189 visninger
Njål Kristiansen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 7 timer siden / 1174 visninger
Georg Bye-Pedersen kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 8 timer siden / 1174 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Forsone seg med 22. juli
rundt 8 timer siden / 1174 visninger
Les flere