Verdidebatt

Ytringsfridom og det heilage – den heilage ytringsfridomen?

Det er gått litt tid siden dette ble skrevet, men vi er ikke kommet så mye videre.Noen som har refleksjoner å komme med?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

http://ivarbakke.blogspot.com/2011/02/ytringsfridom-og-det-heilage-den.html

Kva meiner eg om teikningar av profeten? Eg trur eit slikt spørsmål for mange kjem nokså bardust. Dei fleste meiner vel at det burde vere heilt greitt. Sjølv   hadde
eg ikkje noko avklara meining. Eg synes spørsmålet er vanskelig. Ja ikkje slik å forstå at eg blir støtt av teikningar av profeten. I mi verd har han ikkje krav på nokon særskild pietet. Men det er jo berre fordi eg er ein av desse sekulariserte vesteuropearane som kjem frå ein etterkristen kulturkrins. For meg er eksistensen av ein heilag religiøs autoritet utenkjeleg. Endå eg ein gong var ein truande kristen. Eller nett difor. Ein truande er i eit visst mon i eksil, han er ein framand i verda. 'Verda forstår ikkje sitt eige beste, den forstår ikkje oss som trur. Den spottar det den ikkje kjenner. Men ein gong kjem domens dag, då skal dei få lære, dei som ikkje ville høyre'. Om lag slik tenkjer mange truande av ymse religionar. Dagens kristne kyrkje har i stor mon adoptert ein sekulær tilnærming til den heilage skrifta – dei ser det ikkje lenger som kristen plikt å lyde blindt ein tekst frå ei anna tid. Det kan ein sjå på som et forfall, om ein er ein kristen fundamentalist. For oss andre, som ynskjer å bo i ein liberal rettsstat, er det eit stort føremon. Vi kan leve side om side med dei andre, og være einige om å være ueinige. Denne prosessen har vore lang og hard. Det finn enno dei som ynskjer seg attende til den tida (der er ikkje lenge sidan) då norske geistlige skulle bestemme kva slags kulturytringar som burde sjå dagens ljos, og kven som burde vore stogga. Det gjer vondt å vere fri, utan sikre autoritetar å stø seg til. Og det gjer vondt når folk hånar det som vi held for å være heilagt. Men når kyrkja no må tole slikt – frå "Life of Brian" til bare kvinnebryst, då kan vel muslimane og lære seg det same? Ja, jo, for så vidt. Eg vil berre be om at ein tek omsyn begge vegar. Og at ein ikkje gløymer dei eigenskapane eg med åra har lært å sette mest pris på: Takt og sjølvinnsikt. For å ta det siste først: Det er direkte latterleg når ein framstillar det slik at ytringsfridomen vert absolutt handheva i vårt samfunn, at den er ein sjølvsagt rett for alle. Det er ikkje sant. Ein kan heller ikkje seie at det er ein sjølvsagt del av vår sjølvforståing. Kvar einaste politiske leir har her sine svin på skogen, ser ein nærare etter. Det er ikkje berre kyrkja som har stått for eit autoritært syn på ytringsfridomen. Under den kalde krigen var det berre nokre få redaktørar som ikkje fant det i beste orden å sensurera uønska synspunkt på norsk utanrikspolitikk. For meg gjer det ekstra vondt å sjå at så mange av dei som lever av å ytre seg misaktar ytringsfridomen. Eit døme frå den feira forfattaren Dag Solstad (VG 5.2.1972): "I et sosialistisk land er det forfatternes plikt å hjelpe til med å bygge sosialismen. Å skrive ting som bryter med klare sosialistiske prinsipper er i strid med folkets interesser. Hvorfor skal folket trykke det som er i klar strid med deres interesser?" Slikt kan ein smile skeivt av, eller snerre over, i dag. Det som står fast, er at i de aller færraste av oss set ytringsfridomen over alle andre rettar. Gjorde vi det, kunne vi berre meldt oss inn i foreininga for pedofile nynazistars ytringsfridom. Hadde eg vore redaktør, ville eg t.d. ikkje ha prenta ein antisemittisk karikatur av det slaget ein laga i mellomkrigstida (eller no, i mange arabiske avisar). Det handlar om å unngå ytringar som fremjar hat mellom grupper. Det er billeg å hetse religiøse minoritetar ut frå ein sjølvtilfreds mainstream-kultur. Ein av dei som har synt stor klokskap og respekt på dette området, er Lars Gule. Men å oppmode til å ta livet av dei som ikkje syner denne pieteten, det er noko anna. Nett dét gjer fleire muslimske religiøse leiarar, og dei har brei stønad i store grupper av våre nye landsmenn. Det er ein del av vår multikulturelle kvardag som vi må ta tak i. Eg veit berre ikkje korleis. Finns det nokon intelligente kulturelle tolkar der ute? Ivar Bakke

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt