Verdidebatt

Dobbel desimering av kvart kull

Desimering var opphavleg ei romersk, militær straff, der kvar 10. soldat vart drepen. I Norge har vi i førti år tatt livet av kvart femte foster; nær 600 000 til saman.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er trettande dag jul, heilage tre kongars dag. I Matteus 2. kapittel les vi om dei vise menn frå Austerland, som kom for å ære eit lite barn, men også om ein despot, Herodes, som sende sine menn ut for å drepe alle gutebarn under to år i Betlehem og bygdene omkring. Apostelen ser det i samanheng med Jeremia 31.15  om "klagerop i Rama, det er einkvan som græt så sårt. Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta, for dei er borte", eit vers som har gitt oss ordet "ramaskrik".

Vi blir forskrekka over fortida sin råskap, enten det er snakk om Herodes sitt barnemord eller romerske straffetiltak, og seier at slikt er umenneskeleg. Men kanskje bør vi heller kalle det menneskeleg, for drap høyrer både historia og notida til. Med guddommeleg er det iallfall ikkje. Medan kristninga av landet vårt gjorde slutt på skikken med å setje barn på skogen, førte avkristninga til legalisering av fosterdrap.

Haldninga til abort endra seg ikkje spontant, men kom som følgje av ein kampanje, med ein strategi over to trinn. Som medisinstudent i Oslo frå 1968 til 1974 fekk eg sjå korleis teksten i abortlova frå 1964 vart tøygd lenger enn ei kvar rimeleg tolking skulle tilseie. Etter denne første abortlova var det eit vilkår for abort at svangerskap og fødsel kunne føre til helsefare for kvinna. Å vurdere kva som gjev "helsefare", vil alltid innebere eit subjektivt skjønn. Men nokre Oslo-legar valde å ta utgangspunkt i WHO sin (utopiske) definisjon på helse, som "ein tilstand av fullkomen lekamleg, sjeleleg og sosialt velvære, og ikkje berre fråvere av sjukdom og lyte". Dermed var det fritt fram for å innvilge mest alle søknader om abort. I neste omgang vart det frå dei same miljøa peika på den urimelege skilnaden mellom praksis i Oslo og resten av landet, ein diskrepans dei sjølve var årsak til.

Med sentrale stillingar i helsebyråkratiet hadde to legar med tilknyting til Arbeidarpartiet posisjonert seg godt for å påverke utviklinga: Aud Blegen Svindland, overlege ved hygienekontoret i Helsedirektoratet 1972-77 og sentral i etableringa av Kontoret for prevensjon og abort i Oslo Arbeidersamfunn, og Gro Harlem Brundtland, ass.overlege ved Oslo Helseråd 1968-74; deretter regjeringsmedlem. Ein annan som gav premissar for debatten var Berthold Grünfeld, med doktorgrad frå 1973 om "Legal abort i Norge (1965-71)".

Talet på søknader om abort var 4500 i –64, 4700 i –67 og 12000 i –72. Innvilga søknader var 61% i –67 og 85% i –71. Ei stor liberalisering av lova skjedde i 1975, og fri abort vart innført i 1978. Etter dette har aborttalet variert mellom 13500 og 16000 i året; i snitt ca 15000. Det er ca 50% auke i høve til aborttalet i 1970, men berre liten auke i høve til åra 1975-78. Dei som ivra mest for fri abort, meiner summen av legale og illegale abortar har vore konstant i lenger tid. Andre meiner legalisering av abort i seg sjølv påverka haldningane til det å ta liv, sjølv om det her er foster, og ikkje levedyktige barn, det er snakk om.

Det dei fleste burde einast om er at det er ein stor tragedie for alle impliserte og for samfunnet at så mange foster ikkje får utvikle seg til vidare til dei barna vi treng så sårt. Ansvaret for det fell ikkje berre på dei som aksjonerte for lova og vedtok henne, men også på alle oss andre, i større eller mindre grad. To personar er nødvendig for å skape liv, og mannen glimrar ofte med sitt fråvere. Ho som set fram krav om abort, har eit ansvar; legen som utfører inngrepet, har sitt. Men til sjuande og sist er vi kollektivt ansvarlege for ein kultur med promiskuøst seksualliv, for eit samfunn der kjernefamilien i for stor grad er overlaten til seg sjølv og for altfor dårlege støtteordningar til dei som blir gravide og vurderer å føde sitt første barn når det medisinsk sett er mest gunstig, i 20-25-årsalderen. Halvparten av påbegynte svangerskap blant Oslo-kvinner i denne alderen endar i abort, og kvinnene gjev i stor grad opp dårleg økonomi som grunn for dette.

Utfordringane framover er for få i arbeidsfør alder, innvandrarar som ikkje er kvalifiserte for eller i stand til å arbeide og difor skaper meir arbeidskraftbehov enn dei sjølve kan dekkje, og fleire eldre enn før. Ein bonde veit at det er inga framtid i å ete opp setjepoteter og såkorn, men fleirtalet i folket forstår ikkje at same livslova gjeld i forhold til spirande menneskeliv. Det var ikkje berre Kina som gjekk gjennom ein kulturrevolusjon i 60- og 70-åra, men også vestlege land. Og alt den franske lærte oss at revolusjonen fortærer sine barn.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt