Verdidebatt

Appell til samfunnsredaksjonen

Kan ein eller anna klimaengasjert nettdebattant hjelpe meg med å finne feilen i kursiverte resonnementet nedanfor, eller skaffe fram ein slik graf som det blir spurt etter? Før det skjer, er vidare diskusjon uinteressant.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

----- Original Message ----- From: samfunn VL-RED To: Oddbjørn Heinum Sent: Wednesday, January 05, 2011 7:43 AMSubject: Re: Appell
HalloSynspunkta dine er notert.
MvhBjørgulv K. Bjåenredaktør, leiar samfunnsavdelinga
Tlf:  +47 22 310 395Mob: + 47 450 25 293Epost: bjbj@vl.no



Fra: Oddbjørn Heinum <o-heinum@online.no>
Dato: Tue, 4 Jan 2011 13:54:17 +0100
Til: samfunn VL-RED <samfunn@vl.no>
Emne: Appell

Hei, dette er ein oppgitt appell til samfunnsredaksjonen (eg har skrive til dykk før), og ikkje noko innlegg. Det vil nok ikkje skje, men dersom de vil ta appellen inn i avisa, skal eg ikkje nekte dykk det. Om det no var aldri så lite vilje i dykk til å vise objektivitet, og til å skaffe dykk innsikt i klimaspørsmålet, ville de få i stand eit tilsvarande klimaintervju som det som de hadde i dag, med professor Ole Humlum ved geofysisk institutt, UiO. Han har nyss gitt ut ei bok med tittelen "Det uregjerlige klima". Oddbjørn Heinum

APPELL TIL SAMFUNNSREDAKSJONEN

Det verkar pinglete når ein samfunnredaksjon så lite er i stand til å skilje mellom vitskap og politikk. Her slår de opp klimapropaganda med krigsoverskrift (i dobbel forstand) utan at de har gidda å lese dykk opp på emnet i det heile.

For ei tid sidan retta eg ei liknande skulding mot Pål Hellesnes i Klassekampen, og spurde han om han kunne vere så snill å vise meg ein graf  som viste ein relevant korrelasjon mellom endring i CO2-nivå og temperaturendring. I si pinlege naud vende han seg til Cicero, som sende han ein link med ei flott fargerik trykksak som viste utviklinga nokre hundre tusen år attende, og det kunne sjå ut til å vere eit visst samsvar. Problemet var berre at grafen var skråstilt, slik at det var uråd å avgjere kva som endra seg først, temperaturen eller CO2. Fiffig gjort.

Og dersom det ikkje kan påvisat eit relevant samsvar mellom CO2 og temperatur, kan de då vere så inderleg snille og hjelpe meg med å finne feilen i det følgjande resonnementet:

Dersom det ikkje kan påvisat relevant korrelasjon mellom auke i CO2-nivå og auke i temperatur, kan ikkje CO2 vere den dominerande årsaka til temperaturendringane.

Randers i krigsoppslaget "håper på støtte om åtte års tid fra en skremt befolkning som innser alvoret".  Eg håpar at Herren let meg leve lenge nok til å oppleve at eg den 4. januar 2019 kan lese eit oppfølgjande intervju med Randers i Vårt Land. Men dersom alt blir ved det gamle, som det har lag til å bli, vil korkje Randers eller samfunnsredaksjonen i Vårt Land finne det pinleg når den globale temperaturen på den tida er lågare eller i beste fall på same nivå som i dag. For då også, må vite, er det den globale oppvarminga som gjer seg gjeldande.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt