Verdidebatt

Dei som skal ut

Kyrkja har innført ein ny praksis, og vegen til prestetensta blir stengt for ei gruppe som er trygt forankra i heilt alminneleg kristendom.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bjørgvin bispedømeråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja prestar som er motstandarar av kvinneleg presteteneste, og som praktiserer dette gjennom å ikkje forretta gudsteneste saman med kvinnelege kollegar. Biskop Halvor Nordhaug og resten av bispekollegiet vil heller ikkje ordinera slike prestar til teneste i kyrkja vår.

Dermed er det innført ein ny praksis i kyrkja.

For under eit år sidan var eg på ei mektig ordinasjonsgudsteneste i domkyrkja i Bergen. Biskop Halvor Nordhaug ordinerte ei gruppe unge menn til presteteneste. I alle fall ein av dei var kvinneprestmotstandar av den typen vi snakkar om her. Biskopen ordinerte han. Hadde eg vore ein av desse unge prestane som allereie er blitt ordinert, ville eg har spurt biskopen: Ønskjer du meg som prest i kyrkja, eller er eg eigentleg uønskt?

Stempla som vranglærarar

For nokre få månader sidan vart det ei mediesak at soknepresten i Sogndal var motstandar av kvinneleg presteteneste. Då skreiv biskopen eit innlegg i porten.no, der han streka under at både den norske kyrkja og han sjølv er for kvinnelege prestar. Samstundes reiste han spørsmålet: «Men må mi overtyding føre til at kyrkja må stengje vegen til prestetenesta for dei som framleis meiner at Bibelen må lesast slik at prestetenesta berre er for menn?». Og biskopen svara sjølv:

«Viss kyrkja tek ei slik avgjerd vil det vel eigentleg vere det same som å stemple kvinneprestmotstandarane som vranglærarar. Så alvorleg har eg og dei andre biskopane ikkje tenkt at dette spørsmålet er. I dag kan difor framleis kvinneprestmotstandarar verte ordinerte og tilsette i alle bispedøme. Dersom denne vegen blir stengt, vil det sende eit signal til alle prestane med dette synet om at det ikkje lenger er rom for deira teneste. (….) Det vil vere ei dramatisk melding å gi, og dette har vi ikkje ønskt å gjere.»

Dette var i september. No er vi i november, og det er nettopp denne meldinga Nordhaug og biskopane har gitt. Det har vore gjort eit poeng av at det ikkje har funnest nokon formell rett i Den norske kyrkja for motstandarar av kvinneleg presteteneste til å reservera seg mot gudstenestefellesskap. Det er sikkert heilt rett. Men praksis har vore den som biskop Nordhaug presist summerte opp i september. Stemplar biskopane dermed desse prestane som vranglærarar, biskop Nordhaug?

Kyrkjeleg årelating

Fleirtalet i bispedømerådet har på si side gjort vedtak om ikkje å tilsetja slike prestar. Ei viss opning er det likevel i vedtaket om å kunna vurdera nye stillingar til prestar som allereie er tilsette i kyrkja. Eg er spent på korleis dette vil bli følgd opp i praksis. At det både finst vilje og evne til god personaloppfølging i Bjørgvin bispedøme, og sikker i andre bispedøme med, det tvilar eg ikkje på. Men det er ei stor utfordring å driva god personaloppfølging av ei gruppe prestar (nokre av dei er unge) som kyrkja tydeleg har sagt at dei ikkje vil ha fleire av.

Den norske kyrkja har allereie mista ein god del såkalla «konservative» prestar til andre samanhengar og andre kyrkjesamfunn dei seinare åra. Ei kyrkje i rekrutteringskrise har mista mange gode prestar. Er dette ei utvikling kyrkjeleiinga er uroa over, ei utvikling ein har lagt seg i selen for å unngå – eller ser ein på det som eit ganske lite problem?

Inntrykket mitt er at det som driv desse prestane som no skal ut, er eit ønske om å vera lydige mot Guds ord og ei tru på at dette er det beste for kyrkja. I tillegg har dei ein tanke om at ord og lære til ein viss grad må visa seg i handling. Samstundes legg dei vekt på å ikkje skapa unødig friksjon, og det finst faktisk fleire kvinnelege kollegar som har gått ut og forsvart desse prestane.

Det heilt alminnelege

Nei, ingen har rett til å vera prest i Den norske kyrkja same kva dei lærer og korleis dei vel å leva. Men dei prestane det her er snakk om, står for det kyrkja har stått frå den første tid og fram til våre dagar. Dei er i pakt med det som er den rådande praksisen i mesteparten av store verdsvide kyrkja den dag i dag. Og synet deira er klart forankra i Bibelen. I grunn er dei trygt plasserte innanfor heilt alminneleg kristendom. Men i den kyrkja biskopen og fleirtalet i bispedømerådet vil ha, er det ikkje plass til dei som prestar.

Den norske kyrkja ser på fleire område ut til å ha problem med å forvalta heilt alminneleg kristendom i vår tid. For meg ser det ikkje ut til at det er Sverre Langeland og hans likesinna som har skapt dette problemet. Derfor er det ei sorg for meg som kyrkjemedlem og gudstenestedeltakar at denne typen prestar skal lukast ut i framtida.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt