John Petter Lindeland

1

Meirverdiavgift, komplementærmedisinske behandlingsval og ideologisk fundament

I både NOU 1998:21 Alternativ medisin og Ot.prp. nr. 27 (2002-2003) Om lov om alternativ behandling av sykdom mv. ligg det ein politisk vilje til å vurdera naturmedisin og alternativ behandling som eit verdifullt supplement til den ordinære helsetenesta – både som ei avlasting, men også ein konstruktiv motkultur i høve dominerande tankemodellar innan dagens medisin. Ein slik status krev at rammevilkåra byggjer opp under intensjonen, er gjennomtenkte og forutsigbare - og blir oppfatta som rettferdige av relevante aktørar.

Publisert: 20. okt 2020

Meirverdiavgift, komplementærmedisinske behandlingsval og ideologisk fundament

Av John Petter Lindeland, styreleiar Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH)

I både NOU 1998:21 Alternativ medisin og Ot.prp. nr. 27 (2002-2003) Om lov om alternativ behandling av sykdom mv. ligg det ein politisk vilje til å vurdera naturmedisin og alternativ behandling som eit verdifullt supplement til den ordinære helsetenesta – både som ei avlasting, men også ein konstruktiv motkultur i høve dominerande tankemodellar innan dagens medisin. Ein slik status krev at rammevilkåra byggjer opp under intensjonen, er gjennomtenkte og forutsigbare - og blir oppfatta som rettferdige av relevante aktørar.

Ideologisk fundament

Ei tangering i høve eit slikt perspektiv, finn ein blant anna innanfor det pedagogiske feltet.  Det er brei semja i vårt demokrati om at staten ikkje kan famna om alle variasjonar og behov når det gjeld pedagogiske tilnærmingar i allmennskulen. Stortinget vedtok derfor i si tid Privatskoleloven, som sidan blei endra til Lov om frittståande skolar (friskolelova).  I Ot.prp. nr. 58 for 1983-84 har departementet formulert ei interessant vinkling i høve føremålet og det prinsipielle ved lova: Departementet ser det som en viktig rett i vårt demokrati at det skal opprettes og drives skoler utenfor det offentlige skoleverk, og at det derved kan gis alternative utdanningstilbud. Privatskoleloven er derfor ikke bare en lov om vilkår for, og bestemmelser om, tilskudd til private skoler. Loven har et innebygget formål av ideologisk karakter: den skal bidra til at en allmenn rett skal kunne realiseres. 1)

På liknande vis, og med same ideologisk fundament, blei ny Lov om alternativ behandling vedtatt i 2003.  Lova skulle gje ein allmenn rett til å ta sjuke i kur også for den som ikkje er autorisert helsepersonell, og samstundes gje pasientar eit rettsvern for behandlingsaktivitet som samfunnet vurderer som lite ynskjeleg eller farleg.  Det ligg her også ei erkjenning i at staten/det offentlege helsevesenet ikkje kan famna om alle terapeutiske tilnærmingar og behov som kan gje helseeffekt, ettersom me alle er individuelle skapningar og responderer ulikt på ulike intervensjonar – og samstundes ein aksept om at samfunnet ynskjer ein slik aktivitet.

Rammevilkår

Den vesentlege skilnaden mellom desse to lovane, forutan at Lov om alternativ behandling er ein straffelov, er dei økonomiske rammevilkåra som tydeleg er nedfelt i friskulelova.  Alternativ behandling er ikkje tilgodesett med nokre offentleg midlar, om ein då ser bort i frå at NAFKAM  er med i statsbudsjettet.

Historisk er det få organisasjonar innan denne sektoren som har brukt mykje tid og krefter på krav om ulike former for tilskot eller offentleg finansiering. Dei organisasjonane som ynskjer profesjonell utvikling, har hatt hovudfokus på fagleg utvikling og yrkesetikk.  Dei same organisasjonane har i lengre tid vore kritiske til utviklinga av Registeret for utøvarar av alternativ behandling, som ikkje gjev insitament til ei utvikling i høve intensjonane i forarbeida til lova.  Forslaga og ynsket er at mva-fritaket må brukast som eit styringsverktøy og motivasjon til profesjonell utvikling, og at dette blir tildelt dei organisasjonane og terapeutane som har eit kompetansenivå som samfunnet og fag-/pasientorganisasjonane  oppfattar som forsvarleg.  Slik me ser det, er mva-fritak eit rimeleg økonomisk rammevilkår som både støttar opp om det ideologiske fundamentet om ein allmenn rett for både terapeut og brukar - og at flest mogleg har råd til å bruka slike tenester.

Salderingspost i budsjettet

Det er uverdig og udemokratisk at eit viktig rammevilkår for alternativ behandling blir salderingspost i statsbudsjettet.  Høyringsnotatet frå Finansdepartementet er i stor grad tufta på vurderingar ut i frå eit juridisk perspektiv, og ikkje på ei brei realitetsvurdering når det gjeld fordelar og ulemper med eit slikt forslag.  Når denne saka kjem til behandling i Stortinget, bør politikarane bla seg tilbake i historia og finna det ideologiske fundamentet til vedtekne lover og ordningar som både fremjar og støttar opp under at alternative aktivitetar og næringsverksemd som ikkje det offentlege kan famna om, blir tildelt levelege rammevilkår. 

Kjelde:

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere