Brynjulv Hernes

4

"Vil de og forlata meg?"

Publisert: 14. okt 2020

Det kan vera farleg å bruka bibelord i politiske debattar. Men orda i overskrifta  har tona i meg gong på gong i dei  siste vekene. Før retningsvalet i KrF var det ein grundig og omfattane debatt i  partiet. Ingen kan skulda for at ikkje medlemmene vart tekne med på råd.  Eg fekk og det inntrykket at dei som tapte, ville  vera lojal og halda fram i partiet.  Det var trass IKKJE partiprogrammet det var debatt om! 

Men på det ekstraordinære landsmøtet vart det eit svært så  knapt fleirtal for å seia JA til eit samarbeid med H, V og Frp. Som sentrumsparti må me rekna med at det er ulike fløyar, ei høgre- og venstreside. i partiet. Slik eg ser det, er det dei  kristne verdisakene som har vore limet i KrF og halde oss saman.  Men no synest det å svikta. Pr. i dag  har ikkje Sentrum eit fullstendig program, og det vert spanande å sjå kva plass  kristne verdisaker får der. Vår førre partileiar, Knut Arild,  tona sterkt at MENNESKEVERDET måtte ha fokus hjå KrF.  Derfor er m.a. syn på aktiv dødshjelp, abortlov  og flyktningespørsmål  viktige for KrF.  Så er det og slik at ut frå demokratiske  spelereglar  får ikkje små parti gjennomslag i alle saker. Og vert veljarane i desse partia splitta i endå fleire parti, får dei endå mindre å seia. Så har eg og den tru at KrF vil ha/få ein debatt om det retningsvalet partiet gjorde, var det beste for dei sakene KrF kjempar for.

Mvh Brynjulv Hernes Samnanger

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere