Kristofer Olai Ravn Stavseng

5

Difor treng Noreg eit nytt sentrumsparti

Vi bur i eit av dei beste landa i verda, i den beste tida i historia. Det betyr ikkje at vi kan kvile på laurbæra. Det betyr at vi har dei beste føresetnadene for å skape eit endå betre samfunn. Ikkje berre for oss som bur her i Noreg, men for heile verda. Difor treng vi Partiet Sentrum.

Publisert: 1. okt 2020

Eg trur det er mange som er trøytte av den vanlege måten å snakke om politikk på, og den vanlege måten politikarar snakkar forbi kvarandre og ikkje svarer på spørsmål frå både folk og journalistar. Eg trur folk er lei av å ikkje bli lytta til, å ikkje bli tatt seriøst og at dei som sitt med makta ikkje er opptatte av det folk uroar seg for heime hos seg sjølv og ute i verda. Måten å tenke politiske løysingar på og måtar å snakke om politikk er noko Partiet Sentrum ønsker endre. Vi har stor tru på samtalen. Vi har stor tru på at vi i fellesskap kan finne gode løysingar. Difor vil vi finne saman, frå kvar vår kant – i sentrum. Der kan vi møte kvarandre og snakke med innestemme om dei viktige spørsmåla som vil definere oss for all ettertid.


Partiet Sentrum tar utgangspunkt i FNs berekraftmål. Dette kan ved første augekast verke litt diffust. Men vårt poeng er nettopp at ein må konkretisere kva desse måla skal bety for Noreg og verda. Eit døme på dette er klimakrisa, som er vår tids største utfordring. Partia kappast om å sette ambisiøse mål for å kutte i Co2-utsleppa. Dei fleste ser nok at tiltaka ikkje svarer til festtaleretorikken. Samstundes må vi ha noko å leve av. Alt kan ikkje bli løyst med teknologioptimisme. Vi må skape noko, vi må bygge, vi må handle, kjøpe og selje. Og vi må gjere det på ein måte der rå-kapitalismen ikkje rår og som ikkje øydelegg for livsgrunnlaget vårt. Difor foreslår vi sterkare statleg eigarskap i nye, grøne næringar. På denne måten kan vi brødfø oss sjølve, få ned utsleppa og målbere utviklinga vi ønsker gjennom felles eigarskap og styring.


Vi må trappe opp kampen mot utanforskap. Det er altfor lett å sjå utanforskap som noko som handlar om nokre få individ på «utsida». Det kunne ikkje vore lengre frå sanninga. Utanforskap er alle barn som blir mobba, alle elevar som droppar ut av vidaregåande opplæring, alle 104 000 menneske med nedsett funksjonsevne som ikkje får jobbe. Det er dei som blir utsett for rasisme, og dei som lever under negativ sosial kontroll. Og mange andre. Det er deg og meg når vi av ulike grunnar ikkje står trygt i ei gruppe vi vil eller burde høyre til, når vi er ein stad der vi ikkje kan gi alt vi har å gi. Slik treng det ikkje vere. Når samfunnet reelt sett berre tar omsyn til éin type menneske, går det utover mange. Vi må tenke nytt kring korleis vi kan skape eit samfunn for alle, der vi bygg ned menneskeskapte barrierar som hindrar likeverdig deltaking.

 

Utanforskap må også sest i eit globalt perspektiv. Det finst ingen god eller legitim grunn til at menneske skal leve i fattigdom. Dette er eit spørsmål om prioritering, vilje og god planlegging. At krefter i Høgre vil kutte i norsk bistand, er eit skummelt signal. Vi har nok av parti som vil sette Noreg først, utan å tenke på omverda. Det finst nok av parti som vil stenge grensene, òg for dei som treng det mest. Det finst nok av dei som har interesse av polarisering. Partiet Sentrum er ein reaksjon på at stadig meir ekstreme krefter tar plass i samfunnet, der målet er å splitte i staden for å samle.


Vi har ein veg å gå med å utvikle politikk og lage planar som kan realisere det samfunnet vi ønsker oss. Vi håpar at flest mogleg vil vere med å gå den vegen. Vi er det nye sentrum. Vi vil føre folk saman og skape klok, heilskapleg politikk.

3 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere