Verdidebatt

Er prestar ueigna til å vurdere om trua er ekte?

Den afghanske familien som sit i kyrkjeasyl i Hønefoss opplevde ein ny nedtur då Borgarting lagmannsrett avviste ankesaka mot Utlendingsnemnda (UNE). Dei har venta i to og eit halvt år på å bli trudd på si forklaring om flukt frå tvangsekteskap og at dei har funne fram til kristen tru medan dei har venta. Eg skal ikkje gå nærare inn på det første, men vil gjerne kommentere rettens handsaming av konverteringsspørsmålet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som i fleire andre liknande saker legg retten avgjerande vekt på manglande refleksjon «rundt den tanke- og følelsesmessige omstillingen frafall fra Islam og konvertering til kristendommen innebærer». Kva for kriterier ligg til grunn for utlendingsstyresmaktene og retten si vurdering av refleksjon? Omvendingsopplevingar fylgjer ikkje naudsynleg eit logisk eller intellektuelt refleksjonsmønster med eit tilsvarande språk, men kan ha mange andre moment som handlar om at tilveret blir snudd opp-ned og forandrar sjølve innhaldet og verdiane i livet. Det kan rett og slett handle om ei overgjeving der også framtida blir lagt i Guds hender.

For kyrkja er det svært utfordrande at rettens fleirtal vel å sette vitnemåla frå prost Kristin Moen Saxegaard og sokneprest Tor Magnus Amble til sides og i realiteten implisitt underkjenner deira profesjonelle og faglege integritet og kompetanse. Det blir sagt at det fylgjer «av langvarig praksis at støtteerklæringer og vitneprov fra prester må undergis en kritisk prøving», for dei har «en annen tilnærming og et annet vurderingsgrunnlag enn utlendingsmyndighetene, som bygger sine vurderinger på et omfattende erfarings- og kunnskapsgrunnlag».

Det synast å vere god grunn til å be om ei utgreiing av kva dette vurderingsgrunnlaget faktisk byggjer på av kvalifisert fagkunnskap, viss ein så lettvint kan parkere teologisk og religionsfagleg ekspertise på sidelinja. Nettopp desse to prestane har mangeårig erfaring frå teologisk forsking og undervising på universitetsnivå og er vel vant med å nytte sin kritiske sans og vurderingsevne.

Retten seier at prestane «uttalte seg nøkternt og hadde undergitt konverteringen et kritisk blikk», men legg til at dei også «synes å ha et personlig engasjement som kan bidra til å svekke motforestillinger». På tilsvarande måte blir også det sakkyndige vitnet, biskop emeritus Tor Berger Jørgensen sitt vitneprov tilsidesett. Hans omtale av faktiske forhold vedrørande omvendingsprosessar og truverd meir generelt, blir sett til sides fordi han «ikke har trukket troverdigheten av familiens asylhistorie inn i bildet». Her må det ligge føre ei metodisk feilslutning, slik eg ser det. Rettens mindretal understrekar at «det kan føre til uriktige resultater dersom manglende troverdighet i en del av saken uten videre fører til at asylsøkerne anses generelt å mangle troverdighet, med den følge at konverteringen da ikke kan være reell.»

Interessant nok kjem mindretalet til den motsette konklusjonen av fleirtalet. Lagdommaren som utgjer mindretalet seier at parets konvertering må leggast til grunn som reell, og at det er ingen som kjenner asylsøkjarane si tru og alvoret i deira overtyding betre enn nettopp dei to prestane. Derfor legg mindretalet betydeleg vekt på forklaringane til sokneprest og prost, og seier dessutan at «UNE har ikke særlig kompetanse i trosspørsmål». Derfor vil det vere «svært nyttig å trekke inn sakkyndighet når det gjelder kirkehistorie og religionsutøvelse.»

For kyrkja er det viktig å halde fram at nærleik til og kontakt over tid i utgangspunktet må sjåast som ein viktig og positiv faktor i vurderinga av om ei konvertering er ekte og konsistent. Det er sterkt å vone at Høgsterett kan få høve til å vurdere den nokså oppsiktsvekkjande eigne bevisregelen som UNE ser ut til å operere utifrå i forhold til ei yrkesgruppe, som i dette tilfellet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt