Jostein Sandsmark

114

Verdiar -rangering - prioritering

Publisert: 14. sep 2020

Eg veit om ein mann midt i 80-åra som ikkje er A-4 på alle vis.

Han trur etter det som tidene viser – ikkje berre for sin eigen del – at det stundar mot ei avvikling , og at ein må leggja opp levemåten i samsvar med det.

Han er misjonsmann og ser på misjonsoppdraget som det største og viktigaste føretaket ein kan delta i. Og nå er vegane mange, og dørene står på vid vegg mange stader på fleire felt, og oppdraget har hast.

Det dreiar seg mykje om penger, og økonomisk som han er, har han rikt høve til å støtta hjelpe - og misjonsorganisasjonar med store tilskot. Saman med kona evnar dei å bidra med fleire hundre tusen i året.

Bilen hans vart lettare påkøyrd ein vinter. Sidespegelen vart skadd, og det vart ei skrape på framskjermen. Skadetaksten lydde på 12 500 kroner. Denne summen kunne han få utbetalt, og det valde han å gjera. Spegelen reparerte han med tape, og lakkskaden brydde han seg ikkje om å få utbetra. Bruksmessig var bilen like god. Men han hadde gleda av å la utbetalinga frå forsikringsselskapet gå uavkorta til takksame misjonsoperatørar og til eit ukjent antal mottakarar.

Sitt eige liv må han sjå under eit ti-års perspektiv, så han tenkjer på minnesmerke på gravstaden.  Vanlegvis set familien opp ein vakker gravstein til 15-20 000 på grava. Men det står ikkje i stil med hans syn på kostnad og disponering av kapital. Han er ein litt rustikk type, og ei blankpolert minnestøtte ville ikkje passa. Det er ikkje slik han ynskjer å bli hugsa. Difor har han funne ein naturleg stein nær heimstaden sin – ein lavdekka gråstein som vil tena føremålet og er kostnadsfritt levert.

Men – som han seier – dette vil generera over 10 000 blanke kroner og bli til meir enn 200 kinesiske biblar – til dekking av eit skrikande behov – som i sin tur kan føra til frelse for eit ukjent antal av sjeler. Ein slik tanke føler han seg vel med og gler seg over.

Mannen er bærsankar. Molter er det store, men også blå og raude bær blir hausta i bøttevis. Men han og kona kan ikkje fortæra alle dei mange kilo skogsbær, så dei vert gjevne bort til takksame slektningar og vener. Etter butikkpris rekna kjem dei heim frå marka med ein fangst på over 1000 kroner kvar gong.

 Noko å tenkja på i desse koronatider med store hjelpebehov - og mang-foldige innhaustingsavlingar kringom i verda? 

2 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere