Verdidebatt

Kan verda nå togradersmålet?

Det er nesten berre Europa som fører klimakamp og reduserer utsleppa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Avisa The Guardian har den beste klimadiskusjonen i Europa og den beste formidling av nye resultat frå klimaforskinga. I 2019 skreiv avisa ein leiar om kor store klimaendringane vil bli om klimautsleppa utviklar seg vidare som no med svært små reduksjonar. Dei fann at global overflatetemperatur ville auka med fire grader frå førindustriell tid til år 2100. Havoverflata vil stiga 10 meter, men det vil truleg ta nokre få hundre år. Endringane er så store at det kan bli vanskeleg å oppretthalde livet på jorda. Eg vil leggja til at avisa ikkje vurderte forsterkande vippepunkt som kan inntreffe, som til dømes store utslepp av metan lagra i Arktis. Ny forskning, diskutert i The Guardian i det siste, tyder på at avisa no må auka estimata sine. Det blir også mykje verre å nå togradersmålet.

Mykje av klimaforskinga går ut på å få betre svar på kor mykje global temperatur aukar når CO2 aukar i atmosfæren. Ein viktig måte å studere dette på er å doble innhaldet i testar med kompliserte klimamodellar. Då finn ein eit estimat for aukinga av global temperatur for ei slik dobling, og aukinga blir kalla klimasensitiviten for CO2. Til neste klimarapport frå FN (IPCC), som kjem neste år, har vel 20 institusjonar for klimaforsking alt utført slike like testar med klimamodellane sine. I tidlegare rapportar frå IPCC har sensitiviteten vore tre grader i middel, no melder The Guardian at betre modellering av skyer aukar talet til fem grader i dei beste modellane (Jonathan Watts, 13.06.2020). Dette er ein svært stor auking som gjer klimakrisa mykje verre. Professor Tim Palmer ved Universitet i Oxford, har alt testa skyene i klimamodellen til Met. Office, England i ein artikkel i Nature, 27.05.2020. Palmer tolkar konsekvensane av forskinga slik: Bodskapen til dei som styrer og til folk flest er at vi må ta resultatet om auka sensitivitet alvorleg. Klimautsleppa må ned så fort som muleg. Vidare seier Palmer: Skyene avgjer lagnaden til menneska - enten om klimaendringane blir ein trussel for vår eksistens, eller ein fare som vi må læra oss å leva med.

Greta Thunberg har brukt tal frå IPCC for korleis verda må redusere klimautsleppa med cirka sju prosent kvart år framover for å nå 1,5-gradersmålet. Men klimautsleppa har auka heilt fram til koronakrisa, og oppvarminga vil nå 1.5 og 2.0 grader tidlegare enn meint før, melder The Guardian. NASA har studert aukinga av global temperatur dei siste 60 åra. I denne perioden har temperaturen auka meir og meir og mest det siste tiåret. NASA har rekna ut kor mykje temperaturen har auka siste 10 år, siste 20 år, og siste 60 år, og brukt desse tala til å varsla framover (som liner). Om temperaturen aukar vidare som i  dei siste ti åra, når vi ei auking på 1,5 grader alt i 2025 og 2,0 grader i 2038. Siste kjøringar med klimamodellen til Met. Office, England, ein av modellane med betre skymodellering, viser at togradersmålet vil bli nådd i 2050 (Jonathan Watts 27.05.2020). The Guardian konkluderer at vi no ikkje kan nå 1,5-målet, men at vi framleis kanskje kan nå togradersmålet.
Sjølv meiner eg at vi heller ikkje kan nå togradersmålet. Det er nesten berre Europa som fører klimakamp og reduserer utsleppa. Asia har kjempa mot fattigdom med bruk av fossilt drivstoff som energi. Dei er enno ikkje heilt klare for å redusera klimautsleppa radikalt. Donald Trump trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar. Likevel, Guardian melder at bruk av kol minkar i USA og at bruk av fornybar energi aukar, slik at bruken av fornybar energi no er større enn for kol. Men bruken av fornybar energi utgjer enno berre 11 prosent av total energibruk. Togradersmålet krev ein veldig rask utfasing i bruk av fossilt drivstoff, truleg før 2035. I tillegg må jordoverflata lagra mykje meir CO2 i skog og jord. The Guardian har nyleg meldt om forsking som finn at i tropane blir det no hogge ned skog med areal lik ein fotballbane kvar sjette sekund (Adam Morton 02.06.2020).

IPCC har lenge vist at estimata for sensitiviteten er usikker og kan variere frå 1,5 til 4,5 grader. Usikker sensitivitet  er det viktigaste ankepunktet mot klimaforskinga. Når Met. Office og Tim Palmer finn 5 grader som resultat etter grundig forskning, er dette ein sensasjon. Palmer fortel at dei lenge trudde dei hadde ein programmeringsfeil i modellen. Palmer forska lenge ved Det europeiske vervarslingssenteret ECMWF i Reading, England, der eg mellom anna var med i eit vitskapleg råd i mange år. Då høyrde eg fleire foredrag av denne karen og eg las det han skreiv. Han er uvanleg dyktig som forskar. Fram til neste rapport frå IPCC vil mange av av dei dyktigaste klimaforskarane i verda arbeida med sensitivitet. Det er å vona at rapporten neste år vil gje ein konklusjon som er mykje sikrare enn tidlegare. Det står igjen å visa at den britiske klimamodellen viser svært gode simuleringer av kjende klimaendringer fram til no, spesielt dei siste 150 åra som vi har brukbare målingar for.

Sigbjørn Grønås, professor emeritus meteorologi

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt