Verdidebatt

Elektrifisering av boreriggane? Ei gedigen klimaavsporing.

Equinorprosjektet er klimamessig direkte negativt

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I vår slo Equinor på stortromma med lansering av planar om å elektrifisere drifta av oljeinstallasjonar til havs. «Equinor planlegger investeringer på rundt 50 milliarder kroner frem til 2030 sammen med partnerne sine, for å kutte utslipp og styrke konkurransekraften i sine felt og anlegg», fekk vi vite. Problemet er berre at dette enorme prosjektet er klimamessig direkte negativt.

For det første: Vi har bråhast med å få ned klimagassutsleppa. Då blir det absurd at Equinor skal spy ut svære mengder CO2 i dei ti næraste åra gjennom det 50 milliardarprosjektet som bygging av infrastrukturen til denne elektrifiseringa vil bety. Pluss dei utsleppa som vil kome av å produsere dei ekstra vindkraft- og vasskraftanlegga som dette eventyret vil krevje. I staden for straks å redusere CO2-utslepp (slik Norge har forplikta seg til), vil Equinorprosjektet auke desse vesentleg i det kritiske ti-året vi no går inn i.

For det andre: Dersom dette prosjektet blir realisert og kjem i drift, så vil også situasjonen vidare vere absurd. Dette fordi Equinor då slett ikkje vil «kutte utslipp», men berre flytta desse frå sine gassdrevne straumgeneratorar på sokkelen til sine kundar på kontinentet som der vil forbrenne den same mengda gass.

For det tredje: Equinor sitt grønvaskingsprosjekt av eigen aktivitet vil tappe Fastlands-Norge for store mengder fornybar energi. Energi som vi så langt ikkje har tilgjengeleg, heller ikkje til alle dei andre og meir fornuftige elektrifiseringsplanane det er snakk om her til lands.

Kort sagt: Det vil demonstrere ein skremande mangel på politisk realisme dersom norsk fornybar energi går til Equinor sine planar om «elektrifisering av sokkelen».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt