Per Steinar Runde

226

Svar til Salman Rehman

Salman Rehman stiller nokre spørsmål til innlegget mitt "Er Muhammed ein profet også for Vårt Land?"

Publisert: 4. sep 2020

Rehman skriv "vårt land", dvs med små forbokstavar. Eg vil berre presisere at eg skreiv om avisa "Vårt Land", og ikkje om landet Noreg.

Eg ser ikkje bort frå at Rehman har rett i at dei som tek islam på alvor, er meir lovlydige enn dei han kallar kulturmuslimar. Men det var trass alt eit sentralt  dogme i islam dei omtalte ungdommane ville "forsvare".

Tidlegare brukte SSB begrepet "innvandrarbefolkninga" om innvandrarar og deira barn. No har dei endra det til gruppene "innvandrarar", "barn av innvandrarar" (dvs begge foreldra er innvandrarar) og "øvrig befolkning". Eg trur som Rehman at mange av dei som hoppa over politisperringane i Bergen var "barn av innvandrarar", men det kan også vere einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom dei. 

Sjølv synest eg det er urimeleg å kalle ein person "nordmann" berre fordi han eller ho er fødd i Noreg. Då ser ein heilt bort frå kva etnisitet og kultur har å seie for identiten. Tilsvarande gjeld sjølvsagt også for innvandrarar til alle andre land, inkludert Pakistan og Afghanistan. Måten dei aktuelle personane reagerte på, var iallfall svært lite "norsk". Her til lands har vi tradisjonelt hatt både respekt for og tillit til politiet. 

Innlegget mitt hadde mest brodd mot Vårt Land, som eg ikkje syntest tok på alvor kor viktig respekten for politiets maktmonopol er for rettsstaten vår. Men sjølvsagt er eg også opprørt over oppførselen til vandalane, både i Bergen og Oslo.

Eg ser det meste av innvandring frå muslimske land som ei ulukke for vårt eige, framfor alt fordi det er ein irreversibel prosess og fordi det byr på så store problem, både økonomisk og sosialt. Tilhøva i den muslimske del av verda tyder ikkje på at islam kan skape liberale og demokratiske samfunn. 

Dette er ikkje til hinder for at eg har tillit til mange muslimske innvandrarar, både truande og fråfalne. Du verkar t.d. som ein person det går an å diskutere med.

8 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 2 måneder siden / 3713 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
17 dager siden / 1251 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
23 dager siden / 904 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
15 dager siden / 859 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
15 dager siden / 659 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
27 dager siden / 572 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 546 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere