Verdidebatt

Muhammed - ein profet også for Vårt Land?

Er det "umenneskeleg" eller i pakt med kristen truslære å seie at Muhammed var ein falsk profet?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Politiet representerer det offentlege valdsmonopolet, som sikrar oss ein rettsstat. Derfor trur eg folk flest vart sjokkerte då dei såg kor lite respekt muslimske innvandrarungdommar viste for politiet i Bergen og Oslo sist veke.

Men avisa Vårt Land er ikkje sjokkert. På leiarplass 1. september skreiv dei:

"Det er lett å forstå sinnet og frustrasjonen til disse få antirasistene som går over streken i møte med Sians menneskefiendtlige ideologi."

Dette er sterkt misvisande. Dei som brukte vald, var verken få eller antirasistar. Og det var slett ikkje "Sians menneskefiendtlige ideologi" dei reagerte på. I ein NTB-artikkel som Vårt Land sjølv har publisert, stod det ordrett slik om angrepet i Bergen:

"I en video NTB scanpix tok opp under demonstrasjonen går det fram at angrepet på Sian-lederen skjedde rett etter at Thorsen omtalte Muhammed som en «falsk profet». Det samme har et vitne bekreftet til VG." 

Vårt Land, som oppfattar seg som ei kristeleg avis, kan vel ikkje vere usamd med Thorsen når det gjeld Muhammed. Viss Vårt Land meiner det er "umenneskeleg" å seie noko slikt om "Profeten", eller jamvel reknar med at Muhammed i si tid fekk ein guddommeleg bodskap, bryt avisa med all kristen tradisjon og truslære. Poenget her er ikkje kva muslimar trur, men kva vi andre skal få lov til å meine og seie høgt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt