Verdidebatt

Til støtte for soknepresten i Sogndal

Prestar som Mikael Bruun er ein stor ressurs for kyrkja.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje alltid det vankar så mange godord til folk som stikk hovudet fram med kontroversielle meiningar. Mikael Bruun, soknepresten i Sogndal, er modig nok til å gjera det likevel. Han høyrer til den vesle minoriteten i presteskapet som ikkje berre meiner det er feil at kvinner er prestar, men som til og med seier det og trekkjer nokre praktiske konsekvensar av synet sitt. Bakgrunnen er at prosten i Tromsø har slått til lyd for å nekta unge menn med same overtyding som Bruun, å bli prestar i Den norske kyrkja. Gyrid Gunnes følgjer opp; også ho har problem med at denne vesle minoriteten skal få bli prestar. I Dagsnytt 18 seier ho om Bruun: «(…) han må anerkjenne at det er ikke først og fremst han som er offeret her. Ofrene er de kvinnelige prestene som føler seg som annenrangs arbeidstakere fordi de plutselig i et stabsfellesskap kan havne sammen med en som ikke vil samarbeide med dem».

Så motstandarane av kvinnelege prestar kan gjerne få overta yrkesforbodet. Offerrolla, derimot, får dei nok ikkje lov til å ta over.

No trur eg faktisk det gjer ganske mykje med dei fleste av oss om vi endar opp som ein liten minoritet som knapt nok blir forstått av storsamfunnet, og som lever på ein slags uklar nåde frå maktapparatet i eige kyrkjesamfunn. Eg vil tru vi blir litt meir forsiktige og mindre brautande. Vi skjønar at vi er få, og at mange har vanskeleg for å forstå oss. Og, om nokon skulle lura, vi har faktisk stor respekt for mange av dei dyktige kristne kvinnene som er prestar. Vi gler oss ikkje ein gong over å trakka andre på tærne.

For soknepresten i Sogndal har mediedekninga ført til at ei stor gruppe konfirmantforeldre ikkje ønskjer at han skal undervisa borna deira. Men konfirmantforeldre er like kloke, reflekterte og imøtekomande som andre folk. Kanskje dei kan inviterast til ein kopp kaffi og ein prat med soknepresten, og kan henda dei vil finna ut at det nok kan gå heilt fint med denne presten, sjølv om dei er usamde med han? Det er slett ikkje så dumt med litt dialog før ein meislar ut konklusjonane.

Til slutt. Eg trur prestar som Bruun er ein stor ressurs for kyrkja. Dei har (minst) to viktige ting å tilføra. To kvalitetar som kyrkja vår verkeleg treng. For det første har han altså mot nok til å stå for upopulære standpunkt. For det andre har han ein ærleg vilje til å søkja til kjeldene for kristen tru og praksis: Korleis har den felles kristne tradisjonen tenkt, kva har den store verdsvide kyrkja tenkt og – ikkje minst – kva lærer Jesus og apostlane oss i Bibelen?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt