Geir Wigdel

32

Munnbind - ikkje berre smittevern

Bruk av munnbind i kampen mot koronasmitte blir tilrådd av mange. I mange land er slik bruk vanleg, men ekspertar er ikkje einige om effekten. Men utstrekt bruk av munnbind har mange verknader ut over smittevern. Dette har til nå blitt gløymt i debatten.

Publisert: 31. aug 2020


Bruk av munnbind eller ikkje har blitt diskutert ein del i det siste. Nokre meiner det er forkasteleg om omsynslaust å la vere, medan andre peikar på den marginale effekten. Eg skal la smitteverndiskusjonen ligge, men peiker gjerne på at Noreg er av dei minst råka landa samstundes som munnbind er lite brukt hjå oss.

Det eg saknar i denne diskusjonen, er ei vurdering av andre effektar ved utstrekt bruk av munnbind. Vi hadde for ikkje lenge sidan ein til dels heit debatt om bruk av ansiktsdekkande plagg. Men då galdt det plagg med religiøs grunngjeving, særleg tradisjonelt muslimske skikkar. Konklusjonen på den diskusjonen var klår: Ansiktsdekkande plagg er lite ynskjeleg i vårt samfunn. Det bryt med norsk tradisjon som eit ope og tillitsbasert samfunn. Det vart påpeikt, med rette, at tildekt ansikt gjer kommunikasjon vanskeleg og gjer oss meir upersonlege.

Men verknaden av tildekking av ansiktet avheng ikkje av om grunngjevinga er smittevern eller religiøs tradisjon. Innvendingane gjeld like mykje munnbind mot covid 19 som niqab mot lystne blikk. Ein kan ikkje neglisjera verknaden av at folk går rundt utstyrde som potensielle terroristar eller bankranarar. Ein person med munnbind blir mindre medmenneske og meir eit faresignal. Eg synes vi alle skal tenke gjennom slagordet om at eit smil smittar på meir enn to meters avstand – covid 19 gjer det ikkje.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 2 måneder siden / 3713 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
17 dager siden / 1251 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
23 dager siden / 904 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
15 dager siden / 859 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
15 dager siden / 659 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
27 dager siden / 572 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 546 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere