Verdidebatt

Framtidig frivillighet

Korleis har frivilligheten endra seg, og korleis skal vi dyrka fram ein framtidsretta frivillighet i Den norske kyrkja?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I eit interessant og tankevekkande innlegg i VL mandag 24. august lyfter Magnhild Landrø opp eit spesielt viktig tema, nemleg frivilligheten i Den norske kyrkja (DNK). I Innlegget drøftar Landrø frivilligheten i DNK opp mot frivilligheten i Det norske misjonsselskap (NMS). Eg vil gi honnør til Landrø for at ho vågar å ta tak i dette og setja ord på det. Vi er mange som har kjent på ulike sider ved frivillig arbeid både i DNK, i kristne organisasjonar, idrettslag, kor, korps osv. For meg er det eitt overordna ord som står skrive over alle desse arenaene for frivillighet, og det er ivaretaking.

Dette innlegget er ikkje eit svar på korleis DNK skal klara det store løftet som må til, men det er eit innlegg som har som mål å seia noko om kva som er viktig innanfor frivilligheten. Som kyrkjeleg tilsette kan vi  ikkje knipsa med fingrane og så er løftet gjennomført. Vi må legga stein på stein og gjennom haldningar og praksis vera med og legga til rette for at dette frivillighetsløftet veks fram som eit ønske og ein god ting i DNK.

Eg har sjølv vore frivillig i det meste som går an å vera frivillig i; politikk, kor, kyrkjelyd, idrettslag, kristne misjonsorganisasjonar og innanfor skulesystemet, som klassekontakt. Mi erfaring er at den beste samhandlinga og den mest effektive frivilligheten skjer der stab/administrasjon og frivillige jobbar i team. Det er viktig at dei frivillige blir møtt på sine ynskjer og behov og at dei får tillit til å forma oppgåvene som dei vil gå inn. Og så er det grunnleggande for god frivillighet at ein kjenner seg sett og ivaretatt av eit større system, som i dette tilfellet vil vera ein stab eller administrasjon på eit eller anna nivå.

Frivillige går inn i tenesta med ulik motivasjon for både innhald og mengde. Mange av oss har vakse opp med foreldre som brukte masse tid i kyrkje, bedehus, misjon, barne- og ungdomsarbeid, speidar og kva det måtte vera. Sjølv erfarer eg, og mange med meg, at frivillighet og dugnad er kjekt, morsomt, sosialt og meiningsfullt. Kvardagen med barn blir endå kjekkare om ein knyter seg til barnas aktivitetar. Frivillighet gir mulighet til å koma på innsida av ein aktivitet eller eit miljø og få eigarskap til det som skjer. Det er sosialt og meiningsfylt.

Stephen Sirris og Beate Jelstad Løvaas påpeikar i eit innlegg i VL 18. august at frivillighet har gått frå nettopp å vera ei slags kollektiv plikt til å bli ei slags individualistisk sjølvrealisering. Det trur eg dei har heilt rett i. Og eg trur det er i denne spenninga vi befinn oss akkurat no. Mange av oss kjenner søndagskulelærarar som har halde på i 30 år, mens vi no blir sett på med rart blikk om vi engasjerer oss ut over den tida våre eigne barn er med i ein aktivitet. Dette har endra seg dei siste 30-40 åra. Det er ei endring på godt og vondt, men det er ei endring vi uansett må omfavna i DNK når vi skal planlegga og tenka høgt om frivillig innsats i åra som kjem.

Det er nok her noko av tanken om «skreddarsaum» ligg, som Sirris og Løvaas også påpeikar. Det kan på eit vis bli dårlegare kontinuitet om det for ofte skjer utskifting. På samme tid: Fri oss frå slitne frivillige som seier; «jaja, vi får ta ein runde til i menighetsrådet». Med den haldninga kan frivilligheten bli stoppa av ein slags defensiv frivillighet innad i det same miljøet, og då blir det nokså tungrodd å få til noko som helst. Eg har opplevd denne haldninga, både i politikk og kristne samanhengar. Kanskje det då er betre å gi både den frivillige og aktiviteten ein pause? Ingen er tent med slitasje. Og om ein vågar å ta ein pause og tilrå menneske å trekka seg tilbake for å gi plass til andre, kan det kanskje oppstå noko ein ikkje gav seg tid til å sjå etter underveges? Plutseleg kan det komma nye menneske til? Andre idear? Nye tankar? Nye relasjonar?

Som frivillig i ulike samanhengar ynskjer eg å bli sett. Eg har erfart som frivillig at den einaste gongen eg blei sett, var då eg sa til staben at eg ynskte avløysing. «Veit du nokon som kan overta?», var spørsmålet eg fekk. Det er ikkje ivaretaking. Eg følte meg ikkje sett, verken undervegs eller når eg ynskte å slutta. Om eg driv ein aktivitet på frivillig basis, ynskjer eg at staben skal vera interessert i det eg driv med, ikkje berre skyva oppgåva over på meg og sola seg i glansen av den frivillige sin innsats. Som frivillig er eg oppteken av å finna oppgåver som er meiningsfulle, ikkje berre for dei er skal jobba for, men også for meg sjølv. Eg er t.d. frivillig i friidretssklubben Tyrving. Eg er dårleg på både tidtaking og raking av lengdegrop. Men eg er ein racer i kiosken, og som kioskansvarleg i friidrettsklubben er eg i mitt rette element. Og nettopp difor går eg til dugnad og møter med stor glede. Det er sosialt, artig og meiningsfullt. Slik må vi også i kyrkja faktisk tilrettelegga frivilligheten slik at dei som ynskjer, kan komma med idear og sjølv styra arbeidsmengden. Det har vore alt for mykje rovdrift av frivillige i kristne samanhengar. Difor helsar eg skreddarsaumen velkommen. Det handlar om å ha respekt for det livet folk lever i 2020, og gleda seg over at mange engasjerer seg innanfor ulike område.

No er eg tilsett i DNK, og frivillighet er høgt oppe på agendaen kvar dag. Mi erfaring av frivillighet der eg jobbar, er heilt motsett av den erfaringa Landrø lyfter fram (utan at eg kan garantera at dei frivillige kjenner det på samme vis som eg). Eg trur det handlar om både å gi eit reelt ansvar til dei frivillige, om å lytta og ta på alvor forslag og idéar. Det er også viktig å organisera frivillig innsats på gode måtar, gjennom utvalg der kommunikasjon mellom administrasjon og frivillige er effektiv og godt ivaretatt slik at engasjementet ikkje stoppar opp i ei administrativ, kyrkjeleg mølle. Her trur eg DNK har mykje å gå på. Men aller mest handlar det om nærvær og det å vera tilstades saman med dei frivillige. Kyrkjeleg tilsette må i mykje større grad væra nær det som foregår. Eg trur ofte kyrkjelydspedagogar og kateketar som jobbar med barn- og ungdom er langt meir synlege i blant sine frivillige enn t.d. prestar. Dei har jo t.d. leiarkurs for ungdom, og dei fylgjer utviklinga og blir kjent med dei unge – og det gir godt grunnlag for å finna oppgåver som passar og at ein får brukt evnene på rett måte. Mi erfaring er at kyrkjelydsbygging handlar om nærvær og relasjonar. Når vi som tilsette er tett på alle dei frivillige arenaene og dei som bidreg der, blir det eit samspel som har grenselause muligheter. Som tilsette kan vi ikkje knipsa i gang frivilligheten eller sitja på kontoret og venta på at dei framtidig frivillige bankar på. Men vi kan bygga stein på stein og sjølv vera med på å framheva viktigheten av all frivillighet – ikkje minst ved sjølv å ta i eit tak. Eg er heilt samd med Sirris og Løvaas at frivillighet må inn i den kyrkjelege utdanninga, og det samme med dakoni og sosialt arbeid inn i det teologiske profesjonsstudiet. Vi treng gode teologar, heilt opplagt, men kyrkja treng også gode prestar som kjenner kallet til sosialt og diakonalt arbeid. Kanskje eit obligatorisk praksisopphald på ei sjømannskyrkje kunne vore noko i det teologiske profesjonsstudiet? Kaffi og vafler kan skapa utruleg mykje framtidig vilje til frivillighet og engasjement. Det handlar også om ivaretaking og å bli sett. Som tilsette må vi ha tid til dei frivillige. Vi må vera med på dugnad, på kyrkjeforening, på ungdomskveldar, på konsertar og på barneklubb. Vi kan ikkje vera med på alt, men vi kan tenka strategisk om prioritering og synlighet.

Vi er i ei brytningstid mellom den langvarige frivilligheten; kvinner og menn som har vore 40 år i kyrkjeforeninga, og travle småbarnsforeldre som seier ja til å baka ei kake i ny og ne, eller ein travel pensjonist som ikkje vil ta på seg for mykje i frykt for å gå glipp av det gode liv med langhelger og barnebarn. Alt er greitt, tenker eg. For eg vil at kyrkja skal vera ein stad der folk fyrst og fremst skal kjenna at dei strekker til akkurat slik dei er, med mykje eller lite. Kyrkja skal vera ein stad for alle, ikkje ein stad å brenna seg ut. Og om ein er sliten, er det rette å trekka seg tilbake frå frivillighet ein periode. Det skal vera lov å komma og seia at no vil eg ikkje meir, og samtidig kjenna seg heime og velkommen i kyrkjelyden. Landrø etterlyser plass for hennar engasjement. Eit engasjement som får betre vekstvilkår i NMS enn i DNK. Det er interessant, og den diskusjonen må vi ta med oss inn i arbeidet med frivilligheten i DNK. Kvifor er det slik? Kva kan vi læra her? Kan det kjennast mindre meiningsfullt å vera frivillig i ein kyrkje lokalt enn å vera frivillig i misjonen, der ein faktisk føler på at ein bidreg til å gi andre eit betre liv? Det kan godt henda, og den tanken kan eg forstå. Så er det også slik at sosiale utfordringar, vanskelege liv, brutte relasjonar og dårleg nettverk også er ein del av våre nærmiljø. Ei diakonal kyrkje er ei meiningsfull kyrkje. Oppgåvene er mange her også, og mange ynskjer ei kyrkje som er meir open på dagtid. Det er berre å finna fram vaffeljernet! Og hugs: både prest og frivillig kan steika vafler!

Eg ser med forventning fram til at DNK skal basera seg endå meir på frivillighet. Eg har ikkje eit godt svar på korleis ein skal klara det store løftet som må til for at kyrkja skal få ein auka frivillighet og at aktivitetar skal drivast fullt og heilt på frivillig basis. Frivillighet kjem ikkje av seg sjølv. Som alt anna godt, handlar det om gode relasjonar. Vi kan som kyrkjeleg tilsette ikkje sitja på kontoret og venta på at det skal skje. For sjølv om vi ventar på ei kyrkjeordning der frivilligheten vil få auka fokus, så er det lokalt, hjå oss, det må og skal skje. Og då må det skje allereie no! Då er det, litt enkelt sagt, berre å komma seg ut av kontoret, trakta kaffi og ta imot alle dei frivillige som kvar dag kjem innom kyrkja for å gjera store og små oppgåver! Vi er best saman.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt