Marita Bjørke Ådland

12

Kyrkje på nett, djevelens verk?

«Koronakrisen gjorde at kirken plutselig måtte over på nye plattformer. Endelig var kirken til stede der folk var. Kirken ble relevant, populær og innflytelsesrik. Med andre ord: alt det djevelen fristet Jesus med, og som han takket nei til». Dette uttalar Eirik Andreassen i Vårt Land 7. juli.

Publisert: 8. jul 2020

Erik Andreassen, pastor i Oslo misjonskirke, har teke pennen fatt og kritiserer digitaliseringa og, ikkje minst, evalueringa av den som har gått føre seg i kyrkja under pandemien. Det er interessant, trist og ganske overraskande lesing, på mange vis, og kommentaren kan ikkje stå uimotsagt, då den reiser ein heil del spørsmål og fortener nokre nyanserande kommentarar.

Det er vanskeleg ikkje å få assosiasjonar til fargefjernsynsdebatten på syttitalet der kringkastingssjef Einar Førde på sitt klassiske, sarkastiske vis uttrykte seg på følgande måte i sitt forsøk på å formulera motstandarane si frykt for det nye: «Synda er komen til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar». Motstanden mot det nye får mange uttrykk, også i 2020. At synda er komen til jorda, er nok Eirik Andreassen og eg heilt samde om. Men kor vidt Facebook er synd eller sæle er vi nok ikkje heilt samde om. Andreassen trekker nemleg denne artige parallellen til pornoindustrien: «Kirken har riktignok økt sitt digitale nærvær i koronatiden, men det har jo også pornoindustrien gjort.» Utfrå dette trekker han konklusjonen at auka nærvær på Facebook ikkje nødvendigvis er ein god ting Å samanlikna eple og pære har som kjent ein avgrensa verdi, og samanlikninga i seg sjølv er ganske ugrei og har liten verdi, spør du meg.

Mi erfaring som særdeles digital både privat og i jobb i denne koronatida er følgjande: Dei som er mest skeptiske, er dei som ser minst kva muligheter som ligg der, og det er også dei som har vore seinast med å melda seg på det digitale. Så står dei der litt som Ludvig i Flåklypa og tenker «dette er fali». Og då er det greit å ikle dette ein unnskyldning i etterkant når ein innser at ein ikkje var heilt «på» når det var nødvendig. Slik sett kan det å demonisera facebook vera ein effektiv måte å komma unna på. Når det heile viste seg å vera djevelens verk, var det jammen godt at vi klarte å stå imot!

Og dessutan, når ein snakkar om digital kyrkje, må ein også klara å skilja mellom rammer og innhald, og det meiner eg at Andreassen ikkje gjer her. Statistikk og rekkevide er ein ting – som skal handsamast på rett måte og med klokskap. Innhald er noko ganske anna. Akkurat det burde Andreassen skjelna betre mellom. Er det måten vi bruker statistikken på, som er problemet? Ja, så er eg samd i at her bør ein lesa med eit trent og fornuftig blikk før ein erklærer noko for ein suksess. Der er det mange prestar og pastorar som kunne tatt seg eit kurs. Men vi er vel samde om at eit godt innhald kan skapa både relasjonar og gode augneblink, også digitalt? Det må gå an å seia at noko er bra, forutsetningane tatt i betraktning, sjølv om det ikkje er optimalt? Ingen av oss som har vore aktive på sosiale medium, ønskjer at det skal erstatta den levande kyrkjelyden!

Eg har moderert (fylgt opp og kommentert det som folk har skrive i kommentarfeltet på Facebook) i heile koronaperioden, både lokalt og for Den norske kirke nasjonalt. I tillegg har eg vore aktiv i eigen kyrkjelyd med strømming av andaktar og mykje anna fint og moro i denne vanskelege tida. Eg har sett ganske grundig kva menneske har uttrykt og kva vi som kyrkje har betydd for menneske gjennom det digitale. Eldre har strømma (!) til Facebook for å oppretthalda kontakten med kyrkjelivet og oss som jobbar i kyrkjelyden. Det er no berre ein ting å seia om det; kjempefint! Kvifor er ikkje det bra?

Vi har vore synlege. Men sjølvsagt har vi vore usynlege også. Vi har bedd, lest i Bibelen, sunge, grine, lytta, tent lys, vore kyrkje i kyrkja og heime – i tillegg til alt det synlege. Og gudane skal vita at vi ikkje såg på dette som våre potensielle 15 minutes of fame då vi la ut den første musikkandakten. Kvifor satsa vi digitalt? Fordi kyrkjelyden sakna oss og vi sakna dei. Vi ville skapa ein kontakt, den einaste moglege, i denne tida. Vi såg det ikkje som ein sjanse, men som ei plikt.

Andreassen refererer til Tomm Kristiansens begeistring over at 20 000 menneske har sett kveldsandakten til ein prest frå Trøndelag på Facebook. Eg tar det ikkje så tungt at Tomm Kristiansen ikkje forstår at det faktisk sannsynlegvis ikkje var 20 000 som såg andakten. Det finst mange andre stemmer å lytta til når det gjeld statistikk, synlighet, kyrkje og kommunikasjon i 2020. Men om det så var 1000 som såg heile andakten? Eller 5000? Er ikkje det flott? Og er det uansett ikke flott at nokon uttrykker glede over det vi får til i kyrkja, som Tomm Kristiansen gjer? Eller skal vi tenka at vi er truga når noko går bra, og gå i forsvarsposisjon? Dersom digitale medium er ein trussel mot kyrkja, må vi kanskje vurdera å legga ned radiogudstenesta? For ikkje å snakka om tv-gudstenesta, der vi får synda – moderne måtar og vegar å kommunisera på – i fargar? Gud forby!

Dei fleste av oss som driv ein del med digitale medium, veit noko om korleis det fungerer. Vi veit at tal og terreng ikkje alltid stemmer. Vi veit at digitale medium er kyniske og tilpassar visningar og rekkevide ut frå både synlege og kompliserte algoritmar. Likevel treng vi ikkje gøyma oss bak dette. Vi veit også at nye tider og nye medium skapar rom for nye måtar å nå menneske. Herrens vegar er uransakelege, har eg tenkt i denne perioden. Eg synest det er bortimot ufint å påstå at det som har skjedd i denne perioden, ikkje har brakt velsigning til (nokon av) dei som har sett og høyrt. Alle tilbakemeldingar vi har fått, tilseier at det har vore mykje velsigning. Det rette, i følge Andreassen, i ein kristeleg kontekst ville altså vera å takka nei til digitale medium, slik Jesus åpenbart ville gjort: «Alt det djevelen fristet med, og som han (Jesus) takket nei til».

Eg anar ikkje kor digital Andreassen og hans kyrkjelyd har vore i denne tida. Eg er også innforstått med at han i hovudsak kritiserer ei PR-kåt kyrkje som er hekta på likes og tal, statistikk og rekkevidde. Problemet er at han tar feil. Vi har ikkje tenkt slik, vi har ikkje jobba slik. Tal og likes har ikkje vore vår motivasjon! Vi har, også i denne tida, forsøkt å vera kyrkje fordi det er vårt kall under ulike omstende. Ingen leiarar ba oss dessutan om å tilbringa tre månader i vårt lønnkammer i koronatida. Vi hadde full lønn og eit ikkje mindre sterkt kall enn elles til å forkynna Guds nåde. Guds rikes framgang heng heilt sikkert både på stillhet og synlighet. Å trekka seg tilbake til stillhet og bønn i sitt lønnkammer er vel og bra. Men det hadde ikkje blitt mykje kyrkje om alle gjorde det heile tida? Statistikk brukt på feil måte kan vera «fali», jakten på likes kan vera «fali». Der er vi 100% samde. Men at kyrkja er tilstades for folk på ulike plattformar, at vi møter folk der dei er, at vi er lette å nå og at vi når breitt ut, det kan vi vel vera samde om at er ein bra ting?

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere