Verdidebatt

Ønskjer Vårt Land eit angjevarsamfunn?

"Vi har alle en plikt til å si i fra dersom vi hører nedsettende og hatefulle ytringer", skreiv Vårt Land på leiarplass 5. juli. Kva meiner avisa er nedsetjande og hatefullt, og kven skal folk seie frå til?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Utgangspunktet for saka var ei klart lovstridig og sårande tekst som ein mann i 30-åra hadde rabla på ein gravstein i Haugesund. Vårt Land gjer rett i å kalle dette ei hatefull handling. Men er hendinga eit sikkert teikn på at "muslimhat er et utbredt problem i det norske samfunnet"? Avisa tillegg fungerande barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse denne utsegna, men i følgje VL frå 2. juli sa Røse noko anna:

"Denne hendelsen viser med all tydelighet at det finnes hatefulle holdninger mot muslimer i det norske samfunnet."

Skilnaden mellom å "finnes" og å vere "utbredt", slik undertittelen lydde også i artikkelen frå 2. juli, er svært stor. Det kan difor sjå ut som om Vårt Land ved hjelp av feilsitat vil vise at slike haldningar er vanlege. Avisa dreg i alle fall sjølv generelle slutningar om kva folk flest meiner og det på nokså tynt grunnlag. Det finst ikkje flust av liknande eksempel, og mannen som skribla på denne gravsteinen, verkar også svært sær. VL skriv:

"Sør-Vest politidistrikt har den siste tiden etterforsket flere saker der den samme personen er siktet. I midten av juni ble det funnet en bensinkanne med påskriften «legemiddelindustrien er kriminelle svindlere» lenket fast til et gitter utenfor et apotek. I tillegg har han truet en privatperson." 

Dessutan vil avisa bruke hendinga til å innsnevre ikkje berre kva som er lovlege handlingar, men også kva vi straffefritt skal kunne seie. Det er problematisk av minst to grunnar. For det første kan både "hatefullt" og "nedsetjande" tolkast svært vidt. For det andre er det ikkje presisert kven avisa meiner folk pliktar å seie frå til: Gjeld det personen som kjem med ytringa, folk som les eller høyrer ho, dei som blir omtalt eller er det politiet?

Det første har absolutt noko for seg viss det er snakk om lygn og bakvasking. Men vi bør ikkje godta at bevislege fakta blir kalla "hatefulle" og dermed ikkje kan nemnast. Det mest problematiske med media i dag, er ikkje dei direkte feila, for dei er få, men alt sant som blir feia under teppet for at ingen skal vite om det. Viss i tillegg alle ytringar som ikkje samsvarar med offisiell ideologi skal kriminaliserast, blir meiningsspekteret like smalt som i DDR, der det fanst angjevarar i kvar krå og på kvar arbeidsplass.

Vårt Land har i mange år gitt islam og muslimar meir plass og positiv omtale enn eg meiner er fortent. Det har eg peika på fleire gonger før, m.a. her og her. Og i dag, fem år seinare, held avisa seg med ein muslimsk spaltist som kjem med grunnlaus kritikk når det høver seg. Vårt Land omtalar også muslimane i Europa som ein forfølgd minoritet og som neste potensielle offer for eit holocaust. Dette strir det mot all fornuft og alle kjensgjerningar og er bokstaveleg talt å rette bakar for smed. Muslimar er ikkje forfølgde i vesteuropeiske land, medan kristne er det i nesten alle muslimske. I følgje World Watch List går det føre seg ekstrem, religiøs forfølging i elleve land. Av dei er åtte muslimske. I 33 land er det svært høg grad av forfølging. Av dei er minst 25 muslimske.

Eg sit med Stefanus-magasinet, redigert av tidlegare VL-medarbeidar Johannes Morken, og med Åpne Dører, som begge har ei rekkje personlege historier som skildrar forfølging av kristne. Og alle journalistane i Vårt Land må vel ha lese både "Den siste nattverd" av Klaus Wivel og "Siste jul i Kairo" av Lars Akerhaug. Viss ikkje, bør dei finne seg noko anna å gjere.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt