Verdidebatt

- Cry for hope

Leiar for Sabeels venner, Hans Martin Haugen har i Dagen av 1.7. eit innlegg om den påtenkte annekteringa av Jordandalen. Artikkelen er velskriven og god – ut frå hans ståstad – men føresetnadene som argumentasjonen hans byggjer på har ikkje berekraft.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

 Hovudpremisset i tankebygningane hans er   OKKUPASJON.   Denne situasjonen brukar han i argumentasjonen sin heile tre gonger. Men faktum er at det er ingen okkupasjon – og har heller aldri vore det! 

Då Jordan i 1948 ulovleg okkuperte delar av Jerusalem, Judea og Samaria – og kalla det «Vestbredden», vart erobringa fordømd av eit samstemt FN og av Verdssamfunnet.  Men då Israel i ein forsvarskrig  i 1967 frigjorde området og tok sitt eige land tilbake, vart det fordømt av alle – endå det ikkje kunne kallast okkupasjon. Kven hadde tidlegare hatt godkjend suverenitet over Judea og Samaria? I fredsavtalen mellom Israel og Jordan i 1994 sa Jordan frå seg alle krav på dette kjernelandskapet til jødane.  Så kven skulle Jerusalem, Judea og Samaria vera okkupert av, - røva, stole  frå – slik som vulgærpropagandaen frå palestina-arabarane  hevdar ?

Men i alle dei 50 åra etter denne overtakinga av «Vestbredden» - erobringa av Judea og Samaria – har FN, EU, Verdssamfunnet og media kverna på ordet «Okkupasjon, okkupasjon» og «ulovleg okkupasjon».  Folk flest veit ikkje om noko anna, og framståande politikarar får seg til å seia – når dei vert pressa til det og går til kjeldene for dei folkerettslege vedtaka som gjeld:   «San Remo er historie,  FN-resolusjonane,  EU-vedtak og Verdssamfunnet er nåtid».

Sabeels venner, Palestinakomiteen  og dei andre av israels-uvener og fiendar mister heile fotfestet dersom dei skulle ta innover seg den innlysande jussen i gjeldande Folkerett:  DET ER INGEN OKKUPASJON.  Det ville vore full kapitulasjon og ført til avvikling av organisasjonen!

HMH kjenner seg uvel av å bli kalla palistinist, erstatningsteolog og antisemitt. Det bør han så absolutt vera – når han med tyngd brukar det sterkt negative begrepet  okkupasjon  på stoda mellom arabarar og jødar – og som motiv for sine aktivitetar. Når han dertil sluttar seg til erstatningsteologien  – vil han støtta oppvigleriet hos palestinarane – og bera karakteristikkane med rette.

Erstatningsteologien har iført seg ny drakt – Oppfyllingsteologien,  - og antisemittane kallar seg antisionistar – utan at det har nedfelt seg i mildare sinnelag mot Israel.

Antisemittismen har sitt opphav alt frå Ismaels dagar, og fekk stort påfyll i den første pavetida. Sidan har det vore auke både i utbreiing og intensitet.

«Oppfyllingsteologien» finn si einaste teologiske støtte i pauliordet slik det står i 2 Kor 1,20 - der han skriv: «For så mange som Guds lovnader er, i han har dei sitt Ja og Amen». Men å leggja dette ut som eit bortfall av landlovnadane til jødane kolliderer med ei rekke andre pauliord.  Og tek ein for seg Jeremias kap. 32, 33, 42, 46 og 50, finn ein minst tolv stader der landlovnadane til israelsfolket blir omtala og bekrefta – ikkje fjerna. Og desse orda kan ikkje omstøytast av ei tvilsam tolking av eitt Paulus-vers. For desse versa hos Jeremias er eintydige, konkrete, fysiske, geografiske nemningar som ikkje kan  åndeleggjerast til berre å gjelda det kristne samfunnet.

«Palistinist» er ikkje så uhøveleg på den som samstemmer med Kairosdokumentet frå 2009.  Andreas Johansson - Israelsmisjonens representant i Jerusalem - har skrive ei ni siders vurdering av skriftet og oppsummerer: «Kairosdokumentet er mangelfullt faktamessig, teologisk og moralsk».   Det framstår med nært slektskap til islamistane sin vulgærpropaganda – men pent pakka inn i kristelege talemåtar.               Når HMH – leiaren av Sabeels venner mister dei berande føresetnader for sin agenda  – står han tomhendt tilbake og blir avdekka som ein av dei mange Israels-uvenene.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt