Stein Robert Osdal

5

Moria barna og Monica Mæland

Dagens avisoppslag frå justisminister Monica Mæland gjer meg bare trist

Publisert: 10. jun 2020

Avisoppslaget i Vårt Land i dag 10. juni der justisministeren atter ein gong stikker kjepper i hjula for å få til ei løysing på Moria saka gjer meg trist og eitrande sint. For meg så når denne saka snart ei viktig grense. 

Med brask og bram vart løysinga for Moria barna proklamert  men jubelen stilna fort når vi fekk sjå innhaldet i denne løysinga. Atterhalda var så store at det kunne gå vinter og vår før dei fyrste barna frå Moria-leiren kunne sette sine små føter på norsk jord. 

For meg er det komplett umogeleg å kunne forsvare dagens flyktnings- og asylpolitikk. Vi har i sju år hatt ei regjering der regjeringspartiet Frp stadig gjekk ut i media med utsagn og utspel som var på grensa til det rasistiske, iallefall var dei fullstendig uakseptable for eit seriøst parti. Etter at Frp gjekk ut var det eit håp om at regjeringa skulle gå i ei meir moderat retning. Dessverre ser det ut som at Høgre vil ta over rolla til Frp og dermed står regjeringa bom fast i ein inhuman flyktning og asylpolitikk. 

I 2015 til 2017 kom der mange til Norge, migrasjonen til Norge var stor og vi opplevde ein utruleg dugnad i kommunane og i det Norske folk. Eg veit kor mykje kommunane jobba for å bygge opp eit godt apparat for å integrere våre nye landsmenn/- og kvinner (og barn). Eg sjølv var ordførar då og vår lille kommune tok sin part og innbyggjarane var med.
Derfor er det komplett uforståeleg at Norge i dag skal ha ein så inhuman og streng flyktning - og asylpolitikk når Norge roper eit anna bodskap. 

Norge har historisk lave fødselstal, Norge skrik etter meir arbeidskraft, der distrikstNorge verkeleg har ei stor utfordring med rekruttering til kompetansen som trengs. Kommunane bygde opp eit godt og profesjonelt integreringsapparat  som no forvitrar. Når Norge roper stadig høgare, skrur regjeringa igjen og etter mi meining får stryk for sin politikk på dette feltet.
Det vi bygde opp forsvinner i ein streng og inhuman politikk.

Moria-saka vil i historia som skal skrivast vere ein av dei mørke flekkene som vi kanskje om nokre 10-år må seie unnskyld for. 

Eg hadde eit håp om at Krf sine flotte verdiar om nestekjærleik og menneskeverd skulle ha like mykje verdi for Moria-barna som for barna i mors liv men dessverre ser det ikkje slik ut. Krf får stryk frå meg på dette feltet. Eg støtta fullt ut kampen om barna i mors liv, men for meg så er det like viktig å få hjelpt barna som har det så ufatteleg vanskeleg andre stadar. Kor lenge skal Krf forsvare ein politikk som er så på tvers av kva nestekjærleik er. 

Derfor lyser mitt engasjement i Krf svært lite for tida. Kanskje er mi grense no nådd.

Stein Robert Osdal

tidlegare Krf ordførar. 


Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere