Verdidebatt

Glimt av ein TV-kanal: Elleve elleville episodar

I veka som gjekk blei det offentleg kjend: Fleire sendepartnarar forlet Visjon Norge. I det høvet har eg funne fram «høgdepunkt» frå kanalen dei jobba med: fasar, enkelthendingar og sitat. (Eg lovar: Eg har ikkje tatt med helvetesskremsler frå Mary K. Baxter, og ikkje manifestasjonsmøte med Debbie Rich. Dét slepp du å lese om.)

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Noko av det eg deler her, er kanskje ikkje ting sendepartnarane stod for. Mange hevdar likevel at dei legitimerte alt gjennom samarbeidet:

1: Startfasen (2003) 
Visjon Norge, eit barn av trusrørsla og truspredikant Jan Hanvold, dukkar opp denne våren

Hausten same året veks det fram eit anna barn av rørsla: den no nedlagde Verdibanken. Banken skal ha "verdig trengande" i fokus, men blir på eine og andre måten dominert av Hanvolds gamle ven Arne Lund, og etter kvart av tvilsame investeringar. Lund er ikkje den mest synlege – meir som ein tilbaketrukken gudfar i rørsla – men gjestar kanalen fleire gonger. (I 2015 sit han der til dømes og seier at nokon må gi 200 000 kroner.)

2: Pengar og profeti (2006)
Visjon Norge-sjefen gir ut boka Himmelsk økonomi. Den blir ei lærebok for mange av dei som følger Hanvold. 

I mars same året får Hanvold ein profeti frå sitt store førebilete, Rodney Howard-Browne. Howard-Browne seier at innan 16. mars 2011 vil Hanvold ha ein TV-stasjon i kvart land i Europa. Han treng ikkje bekymre seg for pengane, er bodskapen frå Herren. Profetien blir levert på ei møteveke i Sverige der Linda og Gunnar Bergling er vertskap. 

3: Howard-Brownes norgesbesøk (2008 og 2009) 
Howard-Browne har møte i Forum kino (Bergen) og i Mjøndalshallen. I Mjøndalen er òg kona, Adonica, med. Visjon Norge er hovudarrangør og sender møta på TV. Innhald i møta forutan forkynning: Mellom anna at eit pastorpar i Bergen ligg på golvet og får pengar frå publikum lagde på seg. At ei svær kiste blir sett fram i Mjøndalen for at du skal legge pengar i, etter å ha høyrt Rodney Howard-Browne preike om Baals-profetane. At ein fyr hoppar høgt opp frå stolen og ein annan rullar nedover trappa. 

I eit anna møte i Forum kino gjer Hanvolds gjest Richard Moore narr av å handle brukt. Han hevdar at sånt vitnar om lita tru. I tillegg klagar han på kor keisamt det er på hotellet. Sjølv eg som karismatisk propell klør meg litt i hovudet av denne fokuseringa, der eg sit for å få meir "salvelse". (Moore kom frå tenesta/kyrkjelyden til Howard-Browne i Florida.)

4: Funksjonshemming (2010) 
Visjon Norges gjestepredikant Thurman Scrivner sender sjokkbølger inn i kristen-Noreg og splid inn i karismatiske miljø. Dåverande redaktør i Vårt Land Jon Magne Lund skriv:

"Det er lenge siden så ubibelsk forkynnelse har fått lov til å flyte fritt i TV-mediet som da Thurman Scrivner i september var predikant på en rekke møter i TV Visjon Norge. Scrivner forkynte at mennesker får kreft fordi de har syndet, at funksjonshemmedes barn er straff for synd, og han advarte mot å ta cellegift."

5: Strikk og gi (2013) 
"You lady. Give to this station twenty thousand crowns. Because you have! You can give." 

Dét seier Visjon Norges innsamlingspredikant, Glory Backman, 21. november. Ein sjåar har ringt inn, forklarer Inger Hanvold og Geir Apold. Sjåaren kjenner seg att i det Backman sa om at nokon som strikka, såg på. Og Gud viste henne at denne sjåaren, som sat og strikka lue, må gi 20 000. Sjåaren har ringt inn, slik ho blei oppfordra til. Ho har det kanskje tøft; ho spør om forbøn. Klart dei skal be, lyder svaret - før dei kjapt legg til at sjåaren må vere lydig og gi kanalen 20 000.

6: Gåve til Visjon Norge aukar sjansen din for bønesvar (2014) 
"Du mikser dine bønner med et offer. Halleluja. Amen, og da vil dine bønner ha en dobbelt effekt. Amen! Dette er ikke løgn, dette er ikke manipulering, det er bare at når du spesifiserer ditt såkorn, amen, gir såkornet et navn, ja vel, så vil du få en høst på det."

Ansvarleg redaktør, i direktesendt møte frå Bergen 12. februar

7: Velsigning mot betaling (2015) 
Vårt Land og NRK belyser denne våren velsigning mot betaling og Visjon Norges ven Bayo Oniwinde. I forvegen er det komme liknande stoff frå avisa Dagen, og endå tidlegare frå Facebook-sida Nei til Visjon Norge (som eg redigerte). Men med NRKs dekning får mange nordmenn for alvor opp auga – for visjonær "velsigning mot betaling".

Eit par år etter blussar det opp meir i media om Oniwinde og kanalens metodar og retorikk. Oniwinde er på nokre måtar ein gentleman, men saman med finske Glory Backman var han lenge den mest aggressive pengesamlaren for Visjon Norge. (Han har forklart på TV-kanalen og til meg på Facebook at han hadde ei oppleving med Herren på landsbygda i India. Denne gjorde han meir frimodig når det gjaldt innsamling til «Guds arbeid».) 

8: Lite oppgjer, mykje Maldonado (2016) 
Eit år med oppgjer for trusrørsla og delar av pinserørsla. Mykje bra blir sagt og gjort, Vårt Land har gravestoff om Sentermenigheten og Dagen om Sannhetens Ord – men få set trusrørsla sin kanal, Visjon Norge, i same konteksta. Like fullt blir det mykje mediedekning av Visjon Norge – i samband med eit storfint besøk. Den såkalla apostelen Guillermo Maldonado kjem med eit team på 64 personar ...

9: Skiljeliner  og "apostlar" som finn kvarandre (2016) 
NRK Brennpunkt viser dokumentaren Pengepredikanten 25. oktober. Vårt Land følger opp, blant anna med intervju med stiftinga Oase v/Asbjørn Simonnes. Oase vil ikkje ha noko med velsigning mot betaling å gjere. 26. oktober er Alf Gjøsund gjest i Dagsrevyen, etter eit innslag med bl.a. Dagrun Eriksen (KrF), Espen Ottosen (NLM) og Innsamlingskontrollen.

Vårt Land melder same dag som dokumentaren at "sjefene i de store misjonsorganisasjonene må forsvare sin pengebruk overfor et styre, en generalforsamling og en kontrollkomité. Det gjør ikke Jan Hanvold."

Visjon Norge-sjef Jan Hanvold kallar ein medarbeidar som hjelpte Brennpunkt for Judas. Fleire medium skriv om det, òg Dagen v/sjefredaktør Vebjørn Selbekk. 28. oktober skriv Hanvold på Facebook:
"Selbekk er jo tysker, å har røtter i DDR. Der drev de med å angi hverandre. Og Selbekk opererer i kjent Stati stil, når han kaller tyveri av dokumenter for varsling. Det var nettopp dette også Stasi holdt på med. Dette er takken en får ifra en bror, som en har stått opp for, når det har stormet. Men som selger sin bror og venn for pressestøtten. Da kan du skrive om Jan, Jesus og Judas. Må Gud velsigne deres egen rettferdighet, å alle mobbe journalister i Dagen. Jeg ber for dere, at Gud må se i nåde til dere."

I kjølvatnet av Brennpunkt går ein kjend oslopastor inn for å hjelpe Hanvold. Fram til då har han og TV-pastoren hatt litt distanse og usemjeFrå og med denne hausten skal dei støtte kvarandre for fullt. 

10: Sverting og meir pengepress (2019) 
"Og det er klart, det, at [Dagen] slipper jo til da psykiatriske pasienter på nettet sitt – i debattinnlegg. Jeg har selv snakket med Vebjørn Selbekk – og sier at: - Denne personen, sier jeg, han har jo vært tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus. Mannen er stein stokk gæren. Det eneste han bruker tida på, det er å sitte foran et tastatur og skrive. Så hvis dere skal bruke slike folk til et sannhetsvitne for det ene eller det andre, jammen, da – da kan ikke jeg ta dere seriøst"

Visjon Norge-sjefen, 26. august

7. april fekk ein sentral Visjon Norge-tilsett, Arne Pedersen, høyre at han måtte gi 110 000 kroner til kanalen.

11: Actionfylt vinter og vår (2020) 
2020 kr for virusvern frå vår Herre, preikar kanalen. 

250 000 i gebyr frå Forbrukertilsynet for villeiande og aggressiv marknadsføring. Får kanalen. 

3. mai forkynner pastor Hanvold om å "velsigne dem som forbanner deg og forfølger deg, amen [...] Jeg orker jo ikke å fylle huet mitt med hva gamle grinebitere måtte mene om meg. Eller psykiatriske pasienter, som har vært tvangsinnlagt på psykiatrisk, som driver på nettet" (i sundagspreika si).

PFU-nederlag ... Dét vil ikke Visjon Norge snakke om. Er ikkje all reklame god reklame likevel, Jan Hanvold?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt